BILETTEPPE LAGA AV
RAGNFRID RISE HOEL
KOPI AV GAMLE PUTETREKK FRÅ OPPDAL
funne i Nordiska Museet i Stockholm
og no tilbakeført til Norsk Folkemuseum
Del 6
 Del 1 | Del 2 | Del 3 | Del 4 | Del 5 | Del 6 | Omtale i Opdalingen | Artikkel om Ragnfrid Rise Hoel

Peter Anker skriv i Folkekunst i Norge:  "Billedvev er et forholdsvis moderne fenomen i folkekunsten, det får ikke innpass før ut på 1600 tallet".  Leiaren for Husfliden i Oppdal, Solveig Gunnes, var på 1970 talet på studiereise til Sverige fordi ho var kjent med at Nordiska Museet i Stockholm hadde ei større samling teppe frå Oppdal som var innkjøpt i 1880-90-åra. Solveig Gunnes fekk teppa fotografert og sette lokale handverkarar i Oppdal i gang med å veve kopiar for Husfliden, og desse kan ein no sjå utstilt på Oppdal Bygdemuseum. Ragnfrid Rise Hoel vov kopiar av dei to putetrekka på denne sida. Originalane er no attendeført til Norsk Folkemuseum.



 
 

Kopi 1977 av putetrekket "Rute fylt av fuglar i tre" frå Oppdal.  (51 x 56 cm)
Originalen vart kjøpt frå Henrik Døremslykken i 1883.
 Oppdal Bygdemuseum.

Lenke til originalen  i Nordiska Museet.



 

Kopi 1976 av putetrekket "Jomfru i dyrering" frå Oppdal. (56 x56 cm)
Oppdal Bygdemuseum.

Lenke til originalen  i Norsk Folkemuseums digitalarkiv.


 Del 1 | Del 2 | Del 3 | Del 4 | Del 5 | Del 6 | Omtale i Opdalingen | Artikkel om Ragnfrid Rise Hoel
Sida er laga av Helga Hoel,  og er sist endra i mars 2012.