RAGNFRID RISE HOEL - BILETVEVAR I 25 ÅR

av Helga Hoel

Denne artikkelen vart først trykt i Bøgda vår,  årsskrift for Oppdal Historielag 2006
Du må gjerne kopiere artikkelen til akademisk bruk, men ikkje til kommersielle formål utan løyve frå forfattaren.



Innleiing
Kva får ein 60-åring til å starte frå botnen med biletveving og i løpet av dei neste 25 åra å veve mellom 90 og 100 små og store biletteppe og så etter kvart handverksmessig vinne anerkjenning for å nå opp blant dei beste biletvevarane i landet?


    Ragnfrid på utstilling i 2004
Foto: Inger Marie Molland Stang

Eg snakkar om mor mi, Ragnfrid Rise Hoel (1910 – 2005) som mellom 1971 og 1996 vov biletteppe på løpande band, hovudsakleg etter kartongar av broren, målaren Bjarne Rise. Bakgrunnen for dette arbeidet ligg, som i så mangt anna, i fleire tilfeldig samanfallande faktorar: Oppveksten hennar i eit tilnærma naturhushald gjorde veving av ty til ein viktig del av arbeidet hennar på garden. Bjarne Rise, vart ein sentral aktør for vevarane rundt A/S Norsk Billedvev i arbeidet deira med å utvikle biletvev som monumentalkunst etter den andre verdskrigen, og endeleg, da vi ungane hadde flytta ut og lensmannskontoret flytta frå ei ”forlenging” av stua vår til det nye kommunehuset på Berkåk, fekk mor tid til veving som hobby,

Eg skal ta for meg desse faktorane etter tur, basert på ei minneoppgåve mor skreiv i 1995, på avisutklipp, på andre skriftlege kjelder frå tidsskrift og bøker om kunst og biletvev, på samtalar med diverse personar samt  kva eg sjølv hugsar frå den tida mor hadde biletveven oppe. Eg har også funne verdifulle opplysningar i brev frå Kirsten og Bjarne Rise. Men først litt biografi.

Familiebakgrunn
I 1909 kom Ola J. Rise heim frå Amerika saman med kona Marit, fødd Stuen og sonen Bjarne. Dei hadde budd i USA i fleire år der Ola J. arbeidde som journalist om vinteren og dreiv ein farm han hadde fått skjøte på i Nord Dakota etter Homestead-lova av 1862 om sommaren. Dei hadde planlagt å vere heime eit års tid for så kanskje å dra attende til statane. Så vart mor påemna, småbruket Stubban på Nordskogen vart kjøpt og dei vart verande i Oppdal. Mor vart fødd den 18. juni 1910 på seksårsdagen til storebror Bjarne. Ho fekk namnet Ragnfrid Margaret. Det første namnet var etter bestemor hennar, Ragnhild, fødd Ekran på Risesida, men Ola J var pasifist og sidan hild betyr skjoldmøy, endra han namnet på dotter si til Ragnfrid. Margaret-namnet fekk ho truleg fordi familien enno bar på ein draum om eit framtidig liv i Amerika og det namnet ville vere lettare å uttale der enn Ragnfrid.

Om Stubban skriv Inge Krokann i innleiinga til diktsamlinga I solfallsbrann av Ola J. Rise : ”..i meir enn 30 år vart no denne garden kultursetet framfor nokon annan i bygda.” Heimen mor voks opp i var altså som ein ”kulturskole”  å rekne lenge før det omgrepet vart kjent, og med dei same karakteristikkane: Trong økonomi, men med stor vilje til å bruke dei små ressursane ein hadde tilgjengeleg maksimalt for å oppnå så gode resultat som mogleg.

Begge brørne til Ragnfrid hadde kunstnarlege gåver. Bjarne ville bli målar og gjekk først på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo og frå 1927 på Kunstakademiet.  Å sende han dit tok nesten alle ressursane til familien slik at yngstemann, Olav, som heller ville dyrke musikken, berre fekk kurs i fiolinspel på Barratt Dues institutt to førjulsvintrar. Mor kom i siste rekke når det galdt utdanning. Det var ikkje fordi ho mangla evner, men fordi ho var jente. Avgangsvitnemålet hennar frå folkeskolen viser at ho fekk særdeles godt både i kristendom, forklaring, rekning og historie, forutan i oppførsel da, som ikkje talte med i hovudkarakteren.

Handarbeidsutdanning
Ragnfrid fekk riktig nok noko handarbeidsutdanning i form av kortare kurs. Den våren ho fylte 17 år deltok ho på eit 6-vekers vevkurs på ungdomshuset på Fagerhaug. Dette har ho attest på skrive av husflidslærerinne Mette Mørseth frå Hegra. På dette kurset lærte mor det naudsynte for å kunne sette opp ein vev heime der ho vov 2 lange vevar kvar vinter medan ho var heime, anten ein lerretsvev eller 4-skafts bomullsty til underty og andre ting, og ein vev med anten vadmål eller 2-skafts ullty. Vadmålsveven var til bukser til karane, grått til kvardags og svart til penare bruk.


Bjarne Rise: "Ragnfrid i veven". Akvarell
Foto: Helga Hoel

I ei minneoppgåve for eldre skreiv Ragnfrid i 1995 om minna sine frå oppvekst og vaksne år, og frå denne oppgåva har eg funne nokre detaljar om vevinga hennar.

Vinteren 1929/30 var ho elev ved Trøndertun Folkehøgskole og der hadde ho Ragna Rytter (mor til trønderbunaden) som handarbeidslærar. Der lærte ho meir om veving og heldt fram med å veve etter ho kom heim. Ho fekk også eit vikariat som handarbeidslærar i folkeskolen på Fagerhaug i dei to vekene kurset varte den våren ho vart ferdig på Trøndertun.

Hausten 1932 gjekk ho eit  6 vekers kurs i kjole-, kåpe- og draktsaum ved Elen Ofstads kvinnelige haandgjerningsskole i Trondheim. Ho budde hos tanta si, Ingerid Elnan, under kurset og i 1934 bestemte ho seg for å bli handarbeidslærar.

Ho søkte og fekk eit stipend på 700 kroner frå Opplysningsfondet for praktisk arbeid. ”Det er evnerik ungdom med dårlig råd som kommer i betraktning,” stod det på søknadsskjemaet. Ho kom inn på Elen Ofstads skole i Trondheim på avdeling for biletvev og nyttevev, men bror hennar, Bjarne, tykte ho heller skulle begynne på Statens kvinnelige industriskole i Oslo sidan ho likevel måtte fortsette der for å bli godkjent handarbeidslærar. Søknadsfristen var ute, men Bjarne gjekk til styrarinna og fekk ordna med plass til henne likevel.

Frå Industriskolen, (som frå 1966 kom til å heite Statens lærarskole i forming,) har ho vitnemål frå eit kurs i einfeld flatvev frå september til jul i 1934. Etter jul fortsette ho på eit kurs i åkle- og biletvev; åklevev til påske og biletvev resten av våren. I eit intervju med Anne Lise Engstrøm i Opdalingen i 1987 seier ho: ”Men da påsken kom, var stipendet mitt oppbrukt og jeg måtte reise hjem. Min mor hadde forresten vært en del syk den siste tiden, så jeg hadde nok reist hjem uansett. Men det virker litt ironisk at det var undervisningen i billedvev jeg gikk glipp av.”

Frå minnoppgåva hennar frå 1995 seier ho vidare: ”Om sommaren i 1935 forlova eg meg med Ivar Hoel. Eg hadde tenkt å søkje nytt stipendium og halde fram på Industriskulen, men sidan eg var forlova og skulle gifte meg og bli forsørga, så tykte vi ikkje at eg kunne søkje om offentlege middel til utdanning. Eg vart da gåande heime til vi gifta oss i 1937.”

Bjarne Rise og arbeidet ved A/S Norsk Billedvev
Før eg går inn på korleis mor kom til å begynne med biletvev i 1970/71, er det nødvendig å gjere ein lengre avstikkar til Bjarne Rises rolle som teiknar av kartongar til biletvev etter krigen, sidan mesteparten av det mor kom til å veve var eit samarbeidsprosjekt  mellom dei to søskena. Han var den skapande kunstnaren som teikna, ho var den lojale handverkaren som førte kunsten hans over til eit nytt medium i veven.

Det var våren 1935 Bjarne Rise hadde den kritikarutskjelte surrealistiske separatutstillinga si i Oslo, og mor vart invitert til opninga medan ho gjekk på Industriskolen. Ingenting tyda på at han skulle finne inspirasjon i folkekunst som biletvev den gongen. Men det var nettopp det som skjedde under krigen, da han oppheldt seg mykje i Oppdal og fann attende til røtene sine i bondekulturen slik Olav Dalgard skildrar det i Kunst og kunstnarar  frå Oppdal, 1979: ”…han søkte og fann motiv i naturen og folkelivet, som han gav att i lyrisk impresjonisme, og som ofte kunne minne om 1890-årsromantikken. Han fann og tilbake til verdiar i folkekunsten som hadde vekt kunstnarhugen i barneåra, har han fortalt.”

Dalgard held fram slik: ”Det var kanskje dette som også nå frametter vekte interesse for den gamle og den nye vevkunsten hjå han.” Dette siste er eg ikkje så sikker på. Bjarne fekk eit vikariat som teiknelærar ved Statens kvinnelige industriskole i 1952 - 1953 og kom dermed inn i miljøet rundt Else Halling. Ho var vevlærar der samstundes som ho på oppdrag frå direktør Thor B. Kielland ved Kunstindustrimuseet i Oslo først i krigsåra hadde arbeidd med å rekonstruere gamle biletteppe frå museet si rike samling og seinare etter krigen å bruke den attvunne kunnskapen i veving av større monumentale verk.

Eit nytt nasjonalt medvett skulle byggas etter krigen, og utsmykkingane i Rådhuset i Oslo vart eit nasjonalt prosjekt der den tradisjonelle norske biletveven fekk sin andre renessanse i nyare tid. Den første  kom rundt det førre hundreårsskiftet fram mot oppløysinga av unionen med Sverige da Jens Thiis etablerte Atelieret for Norsk Kunstveving ved Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim. Det var også ledd i eit nasjonalt prosjekt der Gerhard Munthe vart ein sentral leverandør av vevkartongar med motiv frå folkediktning og norrøn mytologi.

Den første monumentale oppgåva for vevstua til Else Halling ved Kunstindustrimuseet i Oslo var å veve det store Osloteppet til Kåre Jonsborg for Rådhuset i Oslo. Det vart ferdig til 900-års jubileet for byen i 1950 og var eit banebrytande arbeid det tok to og eit halvt år å veve. Jonsborg var også lærar ved Statens kvinnelige industriskole og han og Bjarne Rise var gode venner. Dei hadde begge vore elevar av Georg Jacobsen, som slik Øistein Parmann uttrykker det i boka Norsk billedvev ”lærte en generasjon norske malere noe avgjørende om flate, rom og billedkonstruksjon.”

Eit fruktbart samarbeid mellom målarar og dyktige handverkarar som Else Halling og hennar medarbeidarar danna basis for ei ny oppblomstring av ein nasjonal biletvev ved atelieret A/S Norsk Billedvev i Oslo Kunstindustrimuseum. Den første oppgåva atelieret gjorde etter kartong av Bjarne Rise var å veve ”Veronikaduk”, eit altarteppet  til utsmykking i Gamvik kyrkje i Finnmark i 1957. Seinare teikna Kåre Jonsborg, Håkon Stenstadvold  og Bjarne Rise kartongar til biletteppe for Hotel Norge i Bergen i 1964. Bjarne sitt bidrag var på 1,85 x 3,25 m og heitte ”Sa Sunniva.” Kartongen til teppet gav han til Oppdal kommune og ein kan sjå han i ein trappeoppgang i Rådhuset.
 

"Sa Sunniva" i veven, våren 1983

"Sa. Sunniva", 1983. (95 x 126 cm)
 Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum.

 

Hovudverket til Bjarne innan biletvev, tre store teppe for forsikringsselskapet Norske Liv, (no kalla Samvirke) vart vove av Synnøve Thorne på loftet til Husfliden i Møllergata etter at Else Halling pakka ned veven i Kunstindustrimuseet i 1967. Under leiing av Synnøve Thorne heldt arbeidet i Husfliden fram til 1982 da ho fylte 70 år og denne epoken innan norsk monumental biletvevkunst var over.

Søskensamarbeid
Bjarne hadde lenge oppmoda Ragnfrid til å prøve seg på biletvev, for han visste jo at ho berre hadde utført skikkeleg handverk i alt handarbeid ho hadde gjort tidlegare. Det var ikkje organiserte kurs i biletveving i Rennebu i 1970 eller 1971, men av brevvekslinga mellom mor og Kirsten og Bjarne ser det ut som ho begynte så smått på eiga hand hausten 1970. I eit intervju i Opdalingen før ei utstilling i august 1983 seier ho: ”Det meste av det eg kan om biletvev lærte eg ein gong eg saman med bror min vitja fem veversker i Oslo. Det var  like før eg tok fatt på det første store teppet mitt  i –71.” Av brev frå Kirsten Rise går det fram at dette skjedde i januar 1971.

Mor kjøpte ei ramme, lærte seg det mest elementære og kom i gang. Dei første lappane ho laga var etter mønster ein kunne få kjøpt hos Husfliden. Bjarne vaka over arbeidet frå Oslo, og da han tykte ho hadde lært teknikken godt nok, fekk ho prøve seg på kartongar han hadde laga. Det var gjerne mindre utsnitt av større teppe han hadde fått utført ved A/S Norsk Billedvev og i Husfliden, men også teppe teikna for mindre format. Ragnfrid rekte opp att om ho ikkje var fornøgd. ”Ingen spør kor lenge du har halde på,” sa ho, ”dei berre ser på korleis det er gjort.”

Bjarne var svært nøye på utføringa. Else Halling og Synnøve Thorne hadde sett ein høg standard og han ville at teppa skulle lagas av heimspunne, plantefarga spelsaugarn. Husflidsskolen i Soknedalen underviste i plantefarging for vevelevane sine, og mor hospiterte der og lærte seg framgangsmåtar. Ein yngre slektning, Marta Kari Kleffelgård, hadde gått på vevlinja på Valsetbakken, og Ragnfrid lånte arbeidsboka hennar i plantefarging og bruka den som lærebok.

Mor var i Oslo minst eit par gonger i året, og da var ho oppom vevloftet i Husfliden der ho observerte og fekk råd hos Synnøve Thorne og dei andre spinnarane og vevarane der, både når det galdt vevteknikk og plantefarging. I det tidlegare nemnte intervjuet Anne Lise Engstrøm gjorde med henne i Opdalingen i 1987 seier ho at ho aldri har vore redd for å spørje andre om råd og hjelp, og at ho hadde lært mykje av det.
Heime på Berkåk hadde vi ungane flytta heimanfrå og lensmannskontoret hadde blitt flytta til kommunehuset. Oppgåvene til Ragnfrid med kaffekoking til mellommat for lensmannskarane og for enkelte av dei som kom til kontoret og måtte vente lenge på ein buss nedover att i bygda, hadde dermed tatt slutt. Eg hugsar stadige rop frå far i kontordøra: ”Sett på kaffekjelen, Ragnfrid!” Huset virka tomt på føremiddagen og det kjentes ut som ein vegg hadde falle ut av tilværet. Derfor passa det svært bra å begynne med veving som hobby for henne.

Ho las i bladet til det lokale Sau og Geitavlslaget og fann ut kven som hadde premiesauer med den beste ulla. Der kjøpte ho ull som ho spann sjølv. Det var berre dekkhåra ho kunne bruke, så nesten halvparten av ulla vart lagt til sides for andre formål. Dekkhåra til spelsauen virkar som ei regnkappe og gir ei blank overflate når ein vev. Det hadde Sunniva Lønnå forska seg fram til i samarbeid med Else Halling.
Så var det å plantefarge garnet, og store gryter som berre vart bruka til dette formålet stod stadig på kjøkkenet om hausten. Eg hugsar at eg ein gong i full fart vart sendt bort på myrene der Sande-fabrikken på Berkåk no står, for å plukke pors til ei gulfarge ho måtte ha tak i for å kunne farge inn den rette grønnfargen til eit teppe. Blått heimspunne og plantefarga vevgarn ser det ut som om ho til enkelte teppe kjøpte frå spinnarar Bjarne kjente i Oslo. I eit brev frå Kirsten  Rise frå 1981 da mor heldt på å farge garn til ”Kvitt Dyr” ser eg at ho kjøpte 100 gram kvar av 5 sjatteringar i blått, heimespunne, plantefarga garn frå spinnarane ved vevstua i Husfliden i Oslo. Det var rådyrt. I 1981 kosta eit kilo slikt vevgarn 1700 kroner. (Til samanlikning kostar kommersielt vevgarn kr 800 pr kg på Husfliden i 2005.) Til dei små teppa sine hendte det at Ragnfrid bruka slikt ”kjøp-garn.”
 
 

"Kvitt dyr", kartong

"Kvitt dyr", 1982. (96 x 117 cm)

Hausten var tid for spinning og farging. Da lyset kom att for fullt i februar tok vevinga til for alvor. Som ho seier i minneoppgåva si: ” Den beste tida for veving var etterjulsvinteren. Før hadde eg bruka føremiddagen til husarbeid, men no måtte eg snu på arbeidsrutinen for å utnytte dagslyset. Når eg var ferdig med frukost og morgonstell, så sette eg meg til å veva eller til å spinne eller farge garn til det lei til å laga middag. På den måten vart det nokså mykje husarbeid om ettermiddagen og kvelden.”

Ramma mor vov på vart snart for lita. Det største teppet ho vov på den, var vel eit lett omarbeidd utsnitt frå eit større teppe Bjarne i 1965 hadde teikna for Den norske Credtbank  (Seinare fusjonert og i dag del av DnB NOR bank). Det teppet heitte ”Dona nobis pacem”, og utsnittet viste ei jente som spela på ei fløyte. Mor laga dette i 1975, og det målte 56 x 71 cm. Ti år seinare, etter at ho hadde fått montert oppstadveven sin, vov ho eit nytt  og større utsnitt  frå det same teppet, og kalla det ”Jente med fløyte.” Det var på 91 x 75,5 cm. Sør-Trøndelag fylkeskommune kjøpte teppet, og det heng i dag i gangen på Oppdal vidaregåande skole.

Oppstadveven hennar, som hadde ligge lagra på kvisten i over tjue år, vart tatt ned hausten 1977 og vart til stor nytte. Det første store teppet ho vov på han  (115 x 89 cm) heiter ”Musikken gir ro i hjarta” og var eit bilde av David som spelar harpe for kong Saul. Botnfargen er raudbrun og er langt mørkare på sida til Saul enn på sida til David, samstundes som David i kongeblå kjortel er portrettert høgare i bildet enn Saul i si purpurraude kappe og krone. Her ligg det ein god del symbolikk. Teppet vart ferdig i 1978 og kvart år framover til 1983 vov Ragnfrid eit tilsvarande stort teppe.


"Musikken gir ro i hjarta", 1978. (115 x 89 cm)
(David spelar for kong Saul.)

Det siste ho vov av desse store teppa var ei mindre utgåve av Sa Sunniva-teppet frå Hotel Norge i Bergen. Det viser ei fredeleg, pastoral scene der Vestlandets skytshelgen, Sa Sunniva med terner har komme i land på Selje. Ein ser båten deira utan segl og årer i den nedre kanten av teppet, og i den øvste kanten flyg fleire fredsfuglar. Sauene som ein ser heilt til venstre på kartongen i Rådhuset i Oppdal, manglar på denne versjonen. Mor gav dette teppet til Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i 2002, og det vil truleg bli deponert på langtidslån i det nye nonneklosteret på Tautra.

Vevkartongane til nokre av dei andre større teppa mor vov er også gitt til Oppdal kommune. På Vollan skole heng  kartongen til hennar versjon av ”Prinsessa som ingen kunne målbinde.” Det viser ei prinsesse med ein uvanleg bratt nakke, ein nase skyhøgt i veret og ei kroppsholdning som osar av hovmot og forakt overfor Oskeladden som i kneståande ivrig argumenterer framfor henne. Kartongen til ein mindre stilisert versjon Bjarne teikna fins i Rådhuset.


"Prinsessa som ingen kunne målbinde", 1981. ( 94 x 114 cm)

I auditoriet på Oppdal vidaregåande skole heng ei arbeidsteikning til teppet med Saul og David med ei heilt anna botnfarge enn den kartongen mor vov etter. Den har derfor ikkje den same symbolske krafta, medan kartongen til teppet mor vov etter, kan ein sjå i Rådhuset. Kartongen til ”Saukløpping” i auditoriet til Oppdal vidaregåande skole er ein annan variant enn hennar, medan dei til, ”Kvitt Dyr” og ”Gullfuglen”  er dei same som mor vov etter. Særleg i kartongen ”Kvitt Dyr” kan ein sjå korleis Bjarne Rise arbeidde med konstruksjonen av bildet etter prinsippa han hadde lært av Georg Jacobsen. Øyvind Storm Bjerke seier Bjarne var ein av dei ivrigaste og mest fanatiske jacobinarane, som Jacobsen-disiplane vart kalla, i ein artikkel i Vi ser på kunst frå 1994.

Om geometriens rolle i kunsten skreiv Bjarne i katalogen til ei minneutstilling i 1979 for ein annan jacobinar, vennen Kåre Jonsborg, der mange av Jonsborgs vevkartongar var utstilt: ”Før i tida var alle kunstnarar utlært i geometri. Under planlegginga av domkyrkja i Milano i 1398 sa meistaren Jean Mignot frå Paris på eit møte: ”Ars sine scientia nihil est.” (som utlagt bety: ”Utan vitskap, ingen kunst.”) og Bjarne held fram: ”Bilætgeometrien var rekna for å vere heilag og hadde forgreiningar i alle kunstartar, arkitektur, skulptur, maleri osv. I kunsten å komponere musikk var det like strenge , heilage lover, i slekt med bilætgeometrien. Dersom ein forstår dette, så skynar ein betre kva Kåre Jonsborg stod for både i livet og i kunsten.” Og ein kan legge til at det same også gjeld for kunsten til Bjarne.

Bjarne døydde hausten 1984, så det vart slutten på levering av kartongar til større teppe. Dessutan braut mor av høgrehanda så det vart eit opphald i vevinga av den grunn også. Ved sidan av det eine store teppet ho vov i året utnytta ho resten av renninga til eit par mindre teppe i den same veven slik at Bjarne til saman stod for kartongar til ca 50 ulike motiv for henne. Somme av motiva vov ho fleire versjonar av, særleg var det ein eplekvist ho laga fleire av, og eit par variasjonar med tulipanar.


"Liten eplekvist" (26 x 22 cm)

Ho vov også seks ulike motiv til kartongar av Kåre Jonsborg og eitt laga av kona hans, Kirsten Jonsborg, ved sida av  mønstra ho hadde kjøpt gjennom Husfliden. Vidare vov ho kopi av to teppe frå tidlegare norsk folkekunst og endeleg vov ho kopi av to putetrekk frå Oppdal som den gongen var lagra i Nordiska Museet i Stockholm, men som no er ført attende til Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Dei hadde blitt oppkjøpt i 1880-åra. Leiaren for Husfliden i Oppdal, Solveig Gunnes, sette lokale handverkarar i gang med å lage kopi av dei, noko ein kan sjå  på Oppdal bygdemuseum i dag. Tone Rise Viken laga arbeidsteikningar til desse putene.

Etter at Bjarne døydde og særleg etter at mor og far flytta attende til Oppdal i 1993, vart det Tone som tok over Bjarne si rolle med å hjelpe mor med å finne høvelege utsnitt til nye teppe. Tone tok også ut garn og fargar til dei og laga arbeidsteikningane til dei siste teppa mor vov. Da vart det også slutt på plantefarginga. Mor vov da av dei garnrestane ho hadde att supplert med kommersielt garn.

Vevinga til Ragnfrid fekk ein brå ende i desember 1994 da ho hadde ein mislykka stæroperasjon  som gjorde henne blind på det beste auget hennar. Da vart ho så nedfor og lei seg at det teppet som da stod i veven, først vart gjort ferdig og klipt ned våren 1996. Da hadde ho vove mellom nitti og hundre teppe, og berre 16 motiv hadde vore teikna av andre enn broren Bjarne Rise.

Utstillingar og reaksjonar
Ragnfrid fekk stilt ut fleire av dei nye teppa sine etterkvart som dei vart ferdige sidan Oppdal folkeakademi først, etter initiativ av Valdis Schønheyder, og seinare Laget for kunst og kunsthandverk i Oppdal organiserte kunst- og handverkutstillingar seks gonger frå 1972 til 1987. Det var også ei utstilling i samband med landsskyttarstemnet i 1993. Den første gongen mor stilte ut var i 1972. Da hadde ho med tre mindre teppe etter kartongar av bror sin. Det hadde ho også på handverksutstillinga Rennebu folkeakademi og Rennebu bondekvinnelag arrangerte i fellesskap i Samfunnshuset på Berkåk i juni 1973. Ho var også representert med eit teppe på ei vandreutstilling til dei nordiske vennskapskommunane til Oppdal i 1983. Dessutan stilte ho ut to gonger i Trondheim, ein gong i Trondheim brukskunstforening i 1981 og ein gong på ei utstilling Reidun Aune arrangerte i 1987.

Kunst- og handverksutstillingane i Oppdal vart omtala i Adresseavisen. Som regel var det Ulf Moen som kom og skreiv om det han såg. Eg tar med det han skreiv om Ragnfrid etter ei biletvevutstilling Viva Skaslien og mor hadde i Fjellgalleriets lokale på Oppdal Turisthotell i 1983:
”Ragnfrid Rise Hoel  er grodd fast i bygdekunstmiljøet som representant for en slekt som gjennom generasjoner har betydd meget i det lokale kultur- og kunstlivet i en innsats som alltid har vært preget av urokkelig redelighet, kvalitetskrav og ærlighet i innsatsen – ikke bare som bildende kunstnere, men også som musikere og skribenter.  … en stor del av Ragnfrid Rise Hoels livsverk er blitt gjenskaping av brorens utkast og vevkartonger i billedtepper. Slikt er alltid en prosess som krever evne til gjendiktning i nytt materiale. Men det krever også kunstnerisk instinkt, teknisk dyktighet og en fulltonende lojalitet overfor kunstneren.”

Ragnfrid Rise Hoel fekk Rennebu kommunes kulturpris i 1985 for mellom anna biletvevinga si. Det sette ho stor pris på, men det som varma mest av all ros ho nokon gong fekk, var det Bjarne Rise sjølv sa til henne etter at ho hadde fullført det første av dei store teppa sine: ”No har du nådd opp i toppskiktet blant norske biletvevarar.”

Øistein Parmann refererer frå eit intervju med Else Halling i boka Norsk billedvev. Mor kunne ha gjort hennar ord til sine: ”Jeg er håndverker. ...En kunstens tjener, som spiller kunstnerens melodi – med hans hjelp. Hvis ikke håndverkeren med hele sin sjel gikk inn for å tolke denne melodien, ville det ikke bli noen form – så vidt jeg forstår.”

Liste over litteratur det er referert til i artikkelen:
Øyvind Storm Bjerke:”Bjarne Rise – Fra surrealist til jacobiner.” Vi ser på kunst, nr 2 1994
Olav Dalgard: ”Bildande kunstnarar frå Oppdal” i Olav Dalgard (red.) Kunst og kunstnarar frå Oppdal, Tanum-Norli, Oslo 1979
Anne Lise Engstrøm: ”Beskjeden og berikende.” Portrettintervju med Ragnfrid Rise Hoel i Opdalingen, 06.11.87
Ragnfrid Rise Hoel: Minneoppgåve. Upublisert svar til Landslaget for lokalhistorie og Norsk etnologisk gransking, 1995
Ulf Moen: ”Veteranvev i Oppdal.” Adresseavisen, 12.08.83
”Kunstlaget på’n igjen. Biletvev frå Oppdal.” Opdalingen, 05.08.83
Øistein Parmann: Norsk billedvev, Dreyer, Oslo 1982
Bjarne Rise: ”Kåre Jonsborg.” i Katalog nr. 455, Kunstnernes Hus - Oslo 1979
Bjarne og Kirsten Rise: Private brev til Ragnfrid Rise Hoel frå 1970 - 1983
Ola J. Rise: I solfallsbrann, utgitt posthumt på Johan Grundt Tanum forlag, Oslo 1958

Den som vil sjå fleire av biletteppa Ragnfrid Rise Hoel laga, kan gjere det på denne sida.



Copyright © 2006. Helga Hoel
Sida vart lagt ut  29. januar  2008