BILETTEPPE LAGA AV

RAGNFRID  RISE  HOEL

til kartongar av Bjarne Rise

Del 1
 Del 2 | Del 3 | Del 4 | Del 5 | Del 6 | Del 7 | Omtale i Opdalingen | Artikkel om Ragnfrid Rise Hoel
 
 
Ragnfrid Rise Hoel (1910 - 2005) i arbeid med eitt av biletteppa sine etter kartong av bror hennar, kunstmålaren Bjarne Rise (1904 -1984). Ragnfrid Rise Hoel hadde litt vevutdanning frå Statens kvinnelige industriskole, men kom først i gang med å lage biletteppe etter at ho fylte 60 år.  Dei fleste teppa er laga av heimspunne og plantefarga garn, der ho stod for både spinninga og farginga sjølv. Ho laga minst eit større teppe og to-tre mindre teppe i året fram til 1994 da ho vart blind på det eine auget under ein mislykka stæroperasjon. Amatørfotografia som er skanna inn her, er tatt av dotter hennar, Helga Hoel, på eit lite kamera. Dei skeive linjene på fotografia kjem av feil vinkling, ikkje av at teppa er skeive.

Til å begynne med vov Ragnfrid Rise Hoel på ei lita ramme, men etter kvart vov ho på oppstadvev. Først kjem tre religiøse motiv vove på oppstadvev.
 

Kartong til biletvev. 
Oppdal Kommune.

"Musikken gir ro i hjarta", 1978. (115 x 89 cm)
(David spelar for kong Saul.) 


"Hagar og Ismael",1980. (115 x 86 cm)



Denne vevkartongen måla Bjarne Rise i 1971. Han viser  eit utsnitt av eit  biletteppe som vart laga for Hotel Norge i Bergen i 1964 med dette Sa Sunniva-motivet og vove av Else Halling og Synnøve Thorne. Teppet i Bergen har nokre sauer til venstre for Sa Sunniva.


"Sa Sunniva" i veven, våren 1983.

"Sa. Sunniva", 1983. (95 x 126 cm)
 Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum.

 Del 2 | Del 3 | Del 4 | Del 5 | Del 6 | Del 7 | Omtale i Opdalingen | Artikkel om Ragnfrid Rise Hoel
Sida er laga av Helga Hoel, e-post: helhoel@online.no  sist oppdatert i september  2005