Avskrift av nokre av Ola J. Rise sine brev/dikt skrive i USA og sendt heim.

"Drivdølen" var lagsavisa til Drivdalen ungdomslag.

Ola J. Rise bruka av og til "Tørpinnrud" som psaudonym.


                        Heime på den ville framande prærie 19.april 1900.
 

            Min gode gamle ven Drivdølen
            Tak for sist !
      Eg visste ikkje anna en eg gav deg adr.og at du vilda melda
aat meg kor det stod til,kor du levde eller ei.-.Men det var
kanskje ikkje so væl overtenkt;for skulle du som andre alm misstydde
raaka til aa døy braatt,so vart no skrivinga deretter.Men eg vil tru
at du lever og trivst rigtig bra.Um eg ikkje nett hev trudd at du hev
gløymd din ven aldeles so hev eg tenkt som so:Kanskje han godeste
"Dølen" hev havt sund broklumme og at adressa soleis hev dotte nedi
og kome burt naar han hev drege dei av seg burtpå loftet einkvar stad
i ansamheita og skyminga hjaa vækja si.Ja du Døl du vert nog ikkje
so snart for gamal til aa fluga ute i ungdomslivlegheita.Og det er
vel med deg som med dei fleste av oss drengkallarne:Me byrja syngja:
"Og ikke saa gifter jeg mig i aar",og dette i aar vert det aldri
brigda paa.-
       Eg kjem no ihug, naar eg og du og han Tørpinnrud og desse
karane for aa husera som likast.Aldri hev eg vore so rasande glad og
rik i mi livande sjæl som der inne i ungdomsklyngen; og aldri hev
eg vore so tærande saar og matt som sume stunder der - for kringum
der seeg mit livs store minut over punkterne - inn i den ævlege un-
drings obegripeligheit. - Aa ja, det er so rart:Ungdomen er no ikkje
mindre en livet sjølv.
       Det er no umlag 1 aar,1 dag og 1 time sia eg kom til Minneapo-
lis, der eg hev vore det meste av tidi og for det meste vore i paper-
forretning, for det, veit du,er lettaste for kroppen daa - og (diver-
re) ogso for pengepungen.-Der i byen hev dei millom anna eit litelært
lag dei kallar "Fram".Eg hev vore medlem der i eit par maanader.Dei
brukar haldxe foredrag, lesa upp bøker, deklamere og diskutere o.s.b.
I von um at vaart felles samfund,Drivdalens ungdomslag,ikkje har noko
imot det,kan eg nemne nokre faa samtaleemne fraa "Frams" møter.t.d.
(f.eks)"Harmoni og disharmoni i livet" "Helte og heltinder" og "Kva
er meir fornuftigt,Radikalisme eller konservatisme? Msslsaki disku-
terar dei og iblandt. Eg vonar du min gode Drivdøl ikkje hev vorte
Bjørnsonsk, en at du attimillom seier fram stubbar paa - og til ære
for vaart dyre morsmaal. Like so lite som du maa gløyme dette, maa
du gløyma vaar kjære dikter Bjørnson - den Bjørnsom som var fyrri
hausten 1899 væl så mykje. "Fram" hev ogsaa ein avis . ein slik bud-
berar som Driv.ungd.lag hev og den kallast "Frams Avis". Denne kjem
ut ein gong kvar maanad og styrest av lagets medlemmer skiftevis.
o sist hadde dei sett meg til aa "redigere".Eg skreiv ogso ein 15
store flak, men dagen fyrr det skulde foredragast, fall det seg so
at eg måtte byrja paa ein tur aa 4 -500 mil med jarnvegen. og no sit
eg her i ei firkanta lita stova ute paa den ville prærie minst 1 mil
til naboare paa kvar kant. So einslegt drengkallliv hev du min gamle
ven visst aldri levd og kanskje aldri drøymt deg.Her hev nokre
smaatin til tarvelegt husbehov men skulle eg finne på å gifte meg
laut eg akte med ein gong ha dubbelt upp av alle desse nemnde
smaasaker, så nær som thekopp kunne ein kanskje um ein var gamalt
kjend hjelpast med ein tilsaman. - Ja so er det ein sjølvfylgje, som
fylgjer av seg sjølv, at her er det eit fjøs og ein brunn (men fjøset
er forresten vegglaust og brunnen vattslaus for tidi.) So stend her
tvo høystakkar attmed huset,men det høyrest straks at det er kje mine
for det er to.
        Tilslutt hev eg ein revolver,som nog ikkje er det minst naud-
turvelege aa ha, for det er kje meir en væl 8 dagar sia at ein mann,
(ingen veit kven) skaut 3 skott etter ein mann herifraa ei natt her
tett attmed huset mitt og derefter- - -.Her upp  skyt dei mest like
forbaske paa folk som dyr.
        No skal eg ikkje trøytta deg lenger denne gomgen.Orsaka at
eg ikkje hev skrivi fyrr. Og no vonar eg du ber fram mi beste helsing
til alle vaare felles vener og alle,alle medlemar av Drivdalens ung-
domslag,songlag og leselag, gamle og nye.Og naar du no høyrer kor
tærande einsamt eit liv her for tidi er meg tildel, so ber eg deg som
gamal kammerat bera fram eit ynskje (ikkje krav). Det skulle vera
rigtig hugnadsamt aa faa mange brev her uppe kor det er fleire hundre
mil til slekt og kjenningar, um mange av mine kjenningar der som hev
tid og høve ville sende meg nokre ord for moro i sumar. Eg kan vel
ikkje serskiuldt svar til alle fyrr eg fær sjå um eg fær tid. Men
Dølenkan vel bera fram mine ringe helsingar attimillom.Dei som vil
gleda meg med skriving kan adressera brevi til Eden North Dakota.
Lev væl daa gode Drivdøl og hels alle deruppe fraa meg og Tørrpinn-
rud.Eg ser allereie i aanden mi vandring til Eden (s have) etter
post fraa Norig.
                            Dykkar  Ola J. Rise.


Til Drivdølen.
              S A K N A.

(Fraa ein  sundag i arbeide paa NordDakotas prærie i fjor)
          Kva er vel hugnad paa framand jord ?
          Kvar kan ein finna dei same strengjer
          som heime hjaa hennar gamle mor ?
          Aa saar er lengt utan von og vengjer.
          Daa krympar hjarta seg saart i harmen.
          og understrengjene djupt i barmen
          riv graaten laus.

          Naar minne krinsar um syskenlag -
          um høgtidsstunder ved jolebore,
          Og kyrkjelyden ein messedag
          Naar orgelbrus blanda vene kore
          Daa kjøver graat under tronge bringa
          sin viljes veng.

          Naar minnefuglen fraa ungdomslag
          slær upp si tavle i tankesvalen
          og teiknar skuggarne der i dag
          so sanningstru etter originalen
          Daa er det noko som heiter sakna
          som smyg seg fram og som alltid vakna
          paa utferdsveg.
                                 Tørpinnrud.


                                               19/4 1900
Til Andreas Loe.
Gode ven.
mange takk for dit brev som eg fekk for lengje sia tok imot i
Minneapolis.Vonar du orsakar at det vart drygt so lengje fyrr eg
svara. Hev havt smaae stunder ei tid.Du kunne vel ikkje godt tenkja
deg at eg skulde verta jordbrukar i Amerika daa eg reiste
      Vil du syrja for aa faa desse stubbar til Dølen um du trur dei
er værd å lesast upp.Igaar dreiv eg braut stein burtpaa haugom her.
og idag maa eg maala upp ei seksjonslinepaa landet.Skulle lika vera
i Opdal ei tid no.Kjem vel eingong um inkje so braatt.Eg tenkjer dykk
hev det koselegt deruppe. Lev væl og hels heime. Dry ikkje lengje
fyrr du skriv atter aat meg.
      Det er ikkje lengje sia eg kom upp herno.Eg høyrer dei fortel
at dei hev eit ungdomslag her ein stad,kristelegt paalag.Tenkjer eg
maasjaa dit ein gong. Du hev væl ferdig stovadi no ? Og fjøset?
      Hav ei god vaaronn og ein frisk 17 de  Mai.
                                  Dykkar Ols J. Rise.

Sigrid og Hanna er i M.polis.Fraa dei skal eg hels



 
 
 

                  F r å  g a m m e l t i d a.

                Ei kvelds-stønd i skreddartimen
                en minnest sumt gammeldags,
                da dem satt attmed spikhatthyllon
                mæ hemarbei, mange slags.

                Frå omnpipon midt opp takje,
                på en gard, der stogo sto u,t,
                rauk dæ tå brann frå en lysomn
                eit frøktele eldsmal, gut.

                Karann va tøsst, ette sildgry,n
                og mor ha sett hetøle på.
                Han goffa han la bort slev emnet
                og velt på ei  kvannrotskrå.

                Han haur dæ ha fåttåti sote
                dæ drønn som tora skull slå.
                og han far sprang handfritt på take
                mæ en saltnåvå vi som så.

                Dem davra på,smellan pi pipon,
                Ølsupa vart brennande het.
                og jønngryta pjutra på gammelnorsk:
                D,æ på ti,in dokk sitt innåt og et.

                Ungann ha råmt-opp tu somna
                dæm ha haurt kor dæ dånnå og let.
                og den aller mi,nst spentest på veggin
                og skrek som ei klåmbra gjet.

                Men da matkrokann væl ha slutta
                sett ho mosøst se te og bett,
                og song lite Berte Kanutta.
                Og kvældsfre kom still,and att

                Drengin kom drågån mæ andørkj,
                alt skull no helst gang-for-se i,nn,
                han maksla en bjørkstrang te slåmei
                slik krok æ itt ben å fi,nn.

                Ei væ,kj satt og prekla mæ kunstsaum.
                Dæ va visst ti Brudgomstrø,y.
                slik skjo,rt som va tetenkt te brølløps
                og attåt tart ma,nn skull dø,y.

                Ho mor som ha lagt frå se kalann,
                tok att dem og lø,st opp ull.
                Alle tok att kvar sitt annplei,
                for "dagin" mått vårå full.

                Dæ laut gang om fossan gjekk avlaus
                utamt te gje kraft og ljøs.
                Dæ gjekk mæ stomleng og råleng
                i eldhus og stall og fjøs.

                Dæ va itt som i nyar kvelda,
                te berre trøkkj på en knapp
                når kokeng og kvælsuut-arbei skull
                gjåråst- ånei, du slapp.



 

Minnemøte med mor

Eit ljoslet fylgje var du kvar eg fór.
Og no ein tanke tek meg her i våe:
Tru korleis verda fer åt med deg mor?
Skal dagane bli bjarte eller gråe?

I livsens dagsverk ligg ho att di bøn
til signing for vår draum og dagsens strider.
Vi baud deg visst ei skamleg fostringsløn,
og våre skulder gløymde vi omsider.

No driv eg dryge miler langt ifrå deg,
du gav, og sa meg heimsens beste ord.
Å gjev eg atter kunne sitje hjå deg
mitt heimlands ljose fylgje, du mi mor.

Når eg held på skal kaste over bord
all von og sigers-tru i livsens hending,
da vil eit minnemøte med deg, mor,
snu allting slik, det tek ei feger vending.
                                (Til havs 1899)


Prærienatt

Den blågrå kveldingsstunda gjer meg draumfull trøytt og glad,
ei stund då eg i heimlengt mest kan gråte.
Då strøymer hugen over med små underlege kvad
og minna mèl og mullar utan måte.

Når dimme stjernebruer heng og bivrad til eit bragd,
og alt av liv på prærividdom søve,
det kjem ein halvdøyvd ôm som frå ei harpe øydelagt.
Det bivrar i min barm som lengt vil kjøve.

Eg siglar lell den store, stille halvblåmørke natt
med kvæde storm og susing langt der ute,
for kjært er alt som slører til når alt kring ein er flatt.
Det er som fredsam kvild på heimleg pute.

Eg mållaus går og drøymer som eg mållaus går og driv,
fram over veglaus vidd i ris og småstein,
og reknar slike timar som ei lise i mitt liv,
om så det galdt eit møte med ein gråbein.

Ho skræmer meg den vidda, her eg veit at alt er flatt,
og tru er undantrengd av nakne skuggar.
Så stig dei svarte vegger som ein nemner kveld og natt
til høgder som min hug og heile huggar.
                                   (Minnewaucon, Dacotah)
 


Avskrift ved Ivar Hoel og tilrettelagt for internett av Ola Ø. Hoel