Bestefar min, Ola Jonsen Rise var fødd på Rise i Drivdalen  i Oppdal 1877.  
Han var ikkje odelsgut og måtte derfor finne på noko å leve av.  Han  drog til Amerika rett før 1900 og kravde land på Dakotaprærien, ikkje langt unna Fargo.  Der, midt utpå prærien, bygde han opp eit plankeskur som han kalla farmen sin.  Deretter skriv han til kjærasten, Marit Olsdatter Stuen, frå Stuggu skysstasjon på Fagerhaug i Oppdal, der han inviterte henne til å bli gardkjerring på farmen hans.  Ho var da Au Pair-pike hos ein tysk rikmannsfamilie i Wetherby Gardens i London. HO BEIT PÅ og reiste til Amerika der dei gifta seg. Sjå brudebilde. (Det brevet skulle eg gjerne ha sett. Der må PR-bransjen ha gått glipp av av ein kapasitet.)

I Amerika var han bonde, skribent, selgar og lausarbeidar.  Han var knytta til avisa Fram i Fargo og Minneapolis Daglig Tidende i Minneapolis. Han var med og starta Frams Dramatiske Selskab i Minneapolis i 1900 og Det norske selskab i Amerika i juni 1902 Han reiste mykje rundt og heldt foredrag og las eigne og andre sine dikt.

Like før 1910 reiste dei atttende til Norge og  kjøpte fjellgarden Stubban på Fagerhaug i Oppdal.  Bestefar fortsette med skriving.  Han vart mykje nytta som foredragshaldar.  Han skreiv mykje i lokalblad i Oppdal og Sør-Trøndelag.  Han vart lokalhistorikar og skrev Oppdalsboka som vart utgjeve i 2 bind i 1947 og 1951, like før han døyde i 1954. For abeidet sitt som lokalhistorikar vart han innvald i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim. Ei ære sers få utanom etablerte vitskapsmenn har fått. Han var også lokalpolitikar og satt fleire periodar i herredsstyret og var varamann til Stortinget ein periode utan at han møtte.

Skrive av ©:Ola Ø. Hoel