S T R A N D S Æ T E R
                  Gnr. 133 bnr. 1 av skm.0,93.
Gamalt matr.701 med skyld 6 mkl.Nytt Mar.nr.119 lnr 139 med skyld 2 ort
og 12 shilling.(Frå 1882 kalla Veggen vestre)
Koppskattelista 1645: Har ein plass (halve gaarde) millom Blokkhus og
         Utem som der er kalla Seter så det må vere Strandsæter,
              og der er oppført som eigar Effuend og hustru Marit.
Landkommisjonen 1661:Euind, 6 mkl.med bøksel.
Preste- og skattemanntal 1664-1665 Esten (Eivind?) f.1614 og john f.1641
              og Olle 36 år.
Matrikklane: 1664 Enken, 1696 Olle, 1716 Enken, 1736 Endre, 1760 Olle, og
              1777 Olle Halvorsen.
Folketelling 1701: Ole Endresen 44 år,Endre Olsen 8 år,Peder Olsen 5 år
Skattemanntal 1762: Ole Halstensen g.m. Marit og sonen John Olsen.
              Husmannsenke Brit og tenestejenta Ildri Ellevsdtr.Jamtsæter
Folketelling 1801; John Olsen 52 år,og kona Ingeborg Larsdotter 55 år.
Folketelling 1815: Ole Johnsen 32 år,Anna Beraugsdotter 34 år,John Olsen,
              1 år,Kårkona Ingebrog Larsdotter 68 år,Lars Johnsen 30 år,
              John Knutsen, dreng,16 år,Gjertrud Beraugsdotter 40 år,Ole
          Arntsen, dreng,22 år.
Folketelling 1875:Ole Johnsen 1842,Marit Nilsdtr. 1845, og borna Kari f.
              1873,Guri 1874, Kårmann John Olsen 1813,og Rågjerd f.1816,
              Sigrid Johnsdotter Øverhaug, lægd.

Skifter i Strandsæter:
1752 21/6 :Endre Olsen Strandsæter - Berit Tørrisdotter,f.Myren.
           Arvingar:Søskena hans:1 Peder Olsen Munkvold,2 Anne Olsdotter
                Kvalsjord, 3 Kari Olsdotter Klett, Brit Olsdotter Nysæter
           ugift.
1767 13/1 :Brit Tørrisdotter Veggen- enke, utan born.
           Arvingar:søskena 1 Ingebrigt,død, har borna:a Marit Ingebr.dtr
                Myren,2 Erik,død,har borna:a Tørris Viken som også er død
                men har 3 søner i Viken.3 Erik Tørrisen Veggen,død,har
                ein son,Ole Eriksen i Trondheim.
1856 13/3 :John Olsen Strandsæter - Guri Larsdotter.
           Borna:1 Ole Johnsen 13 år,2 Lars Johnsen 10 år,Halvor Johnsen
                 4 år,5 Anne Johnasotter 8 år.
           Verger:Erik Johnsen Nerhol,Arnt Blokkhus og Ole Johnsen Jamt-
                 sæter.

                     Tinglese dokumenter.
133/1:
1746      :Endre Strandsæter har seld Wassenget ved contract for 6 Rdl.til
           Ingebrigt Nerhoel.
1749 22/1 :Ole Hallstensen Strandsæter får skjøte på 6 mkl.i Strandsæter
           for 16 Rdl.frå Endre Olsen Strandsæter.
1767 2/11 :Strandsæter,8 mkl.der til har Haldo Ingebrigtsen lyst odelsrett.
178O 11/3 :John Olsen Strandsæter får skjøte på 6 mkl.for 40 Rdl.frå faren
           Ole Halsteinsen.
1815 7/6  :Skjøte frå Ingebrog Larsdotter til Ole Johnsen på 6 mkl.i Strand=
           sæter for 150 Rdl.
1856 30/8 :Heimelsbrev frå Guri Larsdotters bu til enkemannen John Olsen på
         6 mkl. for 400 Spd.
1877 2/1o :Skyldsett plassen Asphaugen, 4 shilling, som Halvor Olsen har
           kjøpt lnr.139b.

1882 11/10:Skylddelt denne eigedomen i 2 like deler millom Hans Olsen
         Strandsæter og Arnt Arntsen Storli og kalla Veggen Vestre,gnr.133
           133 bnr.1 og Veggen østre gnr.133 bnr.3,kvar med skyld O,93 mark.
1884 12/2 :Skjøte frå Ole Johnsen til Hans Olsen Strandsæter for 150.
1897 O7/11:Ole Hansen Strandsæter,husm.,g.1821.Nederhoel,alderdom
1918 15/3 :Skjøte frå Hans Olsen til John Hansen for kår og kr.2.OOO,-

        Skjøter på Strandsæter
            -1749 Endre O Strandsæter   1882-1884 Ole Johnsen
        1749-178O Ole Hallstensen       1884-1918 Hans Olsen
        178O-1815 John Olsen            1918      John Hansen
        1815-1856 Ole Johnsen                     Håkon Johnsen
        1856-1882 John Olsen

Desse må ha budd på eigedomen:

Effuend (Even? eller Endre)     1614      Marit                   i 1645)

Olle                            1628
John                            1640

Ole Endresen Strandsæter        1657 1707
Maglin Endresdotter             1669 1741 Halvor Larsen Strand      1673 1752

Endre Olsen Strandsæter         1693 1751 Brit Tørresdtr. Myren     1684 1766
Peder Olsen Strandsæter         1696      gift til Munkvold.
Anne Olsdotter Veggen           1699 1784 Anders Roalds.Kvalsjord   1730 1798
Kari Olsdotter                            gift til Klett
Brit Olsdotter                            ugift, budde i Nysæter i 1767.

Endre og Brit var barnlaus og
Nye folk på garden:
Ole Halstensen             ca.  1715      Marit Johnsdotter.Båe levde i 1762.

Hallstein Olsen Strandsæter     1749 1749
John Olsen Strandsæter (g.1780) 175O 1813 Ingeborg Larsdotter       1746 1839
Ildri Olsdotter                 1751 1751
Ildri Olsdotter Veggen          1753
Ildri Olsdotter Strandsæter     1755 1770 død 15 år gl.
Halsten Olsen Strandsæter       1759 1763
Roald Olsen Strandsæter         1763 1810

Arnt Roaldsen Stranden          1795 1871 kårmand

Ole Johnsen Strandsæter (g1813) 1781 1839 Anne Beraugsdtr. Bøe      1779 1871
Kari Johnsdtr.                  1783
Lars Johnsen      (g.1811)      1784 1859 Gjertrud Beraugsdtr.Bøe   1774 1848
Marit Johnsdtr.                 1788      Paul Ingebrigtsen Sliper  1797
Sigrid Johnsdotter              1790
Karen Johnsdotter               1799
Marit Johnsdotter d.y.          1800

John Olsen Strandsæter          1814 1888 1Guri Larsdtr.Nerhol      1817 1855
                                          2Rågjerd Roaldsdtr.Ishol  1816 1906
Ingeborg Olsdotter Strandsæter  1816      John Olsen Torve          1815 1888
Beraug Olsen Strandsæter        1819

Ole Johnsen Strandsæter         1842      Marit Nilsdtr. Storli     1844
Lars Johnsen Strandsæter        1845 1927 Sigrid Ingebr.dtr.Tyve    1851 1926
Anne Johnsdtr.Strandsæter       1848 1931 Ingebrigt Sivertsen Bøe   1848 1914
Arnt Johnsen Strandsæter        1848      død før 1856
Halvor Johnsen Strandsæter      1851
Guri Johnsdtr. Strandsæter      1858 1928 Hans Olsen Hulberget(1881)1846 193

John Olsen Strandsæter          1871 1874
Kari Olsdtr.Strandsæter         1873          Alle desse utvandra
Guri Olsdotter.Strandsæter      1874          til Amerika.
John Olsen Strandsæter d.y.     1877
Nils Olsen Strandsæter          1880

Marie Hansdtr.Strandsæter       1882 1949 Ole P.Skruen              1878
John Hansen Strandsæter         1885 1970 Dorthea Roaldsdtr.Ishol   1884 1949
Ragna Hansdtr, Strandsæter      1891      Elias Johnsen Uv          1885

Håkon Johnsen Veggen            1914
Reidar Johnsen Veggen           1916      Kristine J. Haugen        1927
Gunnar Johnsen Veggen           1922      Amalie Salomonsen         1930 1984
Inge Johnsen Veggen             1924      Marit Johnsdtr.Løkken     1933
             Deretter sjå Hoelsboka.

                          S T R A N D S Æ T E R
             Gnr. 133 bnr 2.Asphaugen av skm.0,08
Skylddelt frå matr.nr.119 lnr.139 ved skylddeling 2/11 1877 og
gjeve lnr.139b og seld til Halvor Olsen (Utem?).

Folketelling 1875:Husmann Halvor Olsen f.1827, Marit Larsdotter
                  f.1825 med borna Guri f.1852,Lars f. Ole
                  f.1866 og vegarbeidar Ole Halvorsen f. 1849.

Halvar Olsen Utem,Asphaug       1827 1914 Marit Larsdotr.Øien Todal 1825 1893

Ole Halvorsen Asphaug           1849      Magnhild Olsdotter        1852
Guri Halvorsdotter              1852      Sivert Olsen Svartøybakk  1851
Maglin Halvorsadotter           1854      Ole Ingebrigtsen Aalbu
Lars Halvorsen Asphaug          1860     1 Marit Knutsdtr.Bjørgen   1864 1893
                                         2 Anne Knutsdtr.Bjørgen    1871 1929
Randi Halvorsdtr. Asphaug       1863 1866
Ole Halvorsen Asphaug           1866      Marit Audensdtr. Storli   1866

Gjertrud Olsdtr. Asphaug        1886 1891
Halvor Olsen Asphaug            1894
Gina Olsdtr. Asphaug            1899

Ole Halvorsen og Magnhild Olsdotter hadde borna:
Halvor Olsen Strandsæter        188O 1969 Olava Olufsdtr.Ishol      1881 1962
Ole Olsen,husm.son              1880 1899 tj.dreng
Marit Olsdtr.                   1888
Martinus Olsen                  1891

Tillegg:
Strandkalvhagen. Om denne plassen høyrer under Strandsæter, veit eg ikkje.
Lars Eriksen Emang              1752 18O5 Ildri Johnsdtr. Øien      1773 1859

Erik Larsen Strandkalvhagen     1799 1879 Maglin Evensdtr. Myren    1802 1863

Gjertrud Olsdtr.Strandkalvhagen 1824 1912.
 

Ole Gundersen Strand, husmann             Anna Olsdtr i 1843, usikker

Halvor Olsen Strandkalvhagen    1837 1903 Guri Arntsdtr.Breestølen  1845 1915
Anne Olsdtr.Strand              184O
Ole Olsen Andhaug               18842

Gjertrud Haldorsdtr   "         186O 19o6 Inderst
Ole Halvorsen Strandkalvhagen   1867 1868
Marit Halvorsdtr.               1869 1939 John Hellaugsen Bekken    1869 1959
Ole Halvorsen Strandkalvhagen   1871 1955 Ugift i U.S.A.
Arnt Halvorsen                  1873 1900 Marit Arntsdtr. Bakk      1874 1904
Gustav Halvorsen                1876 1887
Anton Halvorsen                 1878      Utvandra

Marit Strandkalvhagen hadde dottra:
Ragna Ingebrigtsdtr.Hammerbekk.
 

                                V E G G E N
           Gnr. 133 bnr. 3 Veggen østre av skm.0,93.
Skylddelt frå bnr. 1 ved skylddeling 11/10 1882 og seld til
Arnt Arntsen Storli, som må ha seld eigedomen til

John Hansen Veggen              1885 1970 Dorthea Roaldsdtr.Ishol   1884 1949

Håkon Johnsen Veggen            1914
Reidar Johnsen Veggen           1916      Kristine Johansdtr.Haugen 1927
Gunnar Johnsen Veggen           1922      Amalie Salomonsen         1930 1984
Inge Johnsen Veggen             1924      Marit Johnsdtr. Løkken     1933
              Sidan sjå Holsboka.
 
 

                    S T R A N D S Æ T E R
         Gnr. 133 bnr.4 Asphaugsæteren av skm.0,o5
Skylddelt frå bnr. 2 Asphaug ved skylddeling tinglest 12/12
1904 og seld til Hans Olsen Veggen.
         Dette er vel da Veggasetra i Dindalen.

                           Strandsæter Veggen.
            Gnr. 133 bnr. 5 Torvslettet av skm. 0,o2.
Skylddelt frå bnr. 3 ved skylddeling tinglest 22/2 1921 og seld til Arnt
Strandsæter. Det har ikkje budd folk på eigedomen.
 

Husmenn:
I 1762 er oppført som husmann under Strandsæter, ei Brit,truleg Brit
Tørrisdtr.Myren, cfr.skifte 1752.
 

                          S T R A N D
                  Gnr. 134 bnr.1 av skm. 4,36.
Gamalt matr.nr. 703 med skyld 1 øre.Nytt matr.nr.120 lnr. 140
med skyld 1 daler 1 ort og 6 shilling.
Koppskattelista 1645: Under halve gårde er oppført Gunder med
              kona Guru med sonen Gunder.
Landkommisjonen 1661: Enken bykslar 1 øre av kongen.Det er da
              1 husmann og dei har 1 Quernsted.
Preste-og skattemanntalet 1664-1665: Olle f.1628.
Matrikklane :1661 Olle,1696 Lars, 1702 Halvor, 1736 Ole, 1760
              Halvor, og 1777 Peder Steffensen.
Folketellinga 1701.Halvor Larsen 28 år.
Skattemanntal 1762:Halvor Olsen g.m. Mari og sonen Ole. Mannens
mor Kristi.Drengene Ellev og Lars Olsen.
Folketellinga 1801:Ingebrigt Arntsen 46 år,Karen Olsdotr.44 år,
              og døttrene Sigrid, Marit, Karen, og Marit d.y.
Folketelling 1815; Dei same som i 1801 bortsett frå Sigrid og
              den eldste Marit.Ole Halvorsen levde enno.Dreng
              Ole Arntsen Tilset.
Folketelling 1875:Ingebrigt Johnsen 1830, Ingeborg Halvorsdtr.
              1832 og borna 1 John 1857,2 Halvor 1860,3 Inge=
              brigt 1863 4 Sivert 1872,5 Ole 1875.
              Halvor Eriksen 1809, husmann,Gjertrud Arntsdtr.
              f.1824,born Erik f.1862, Gjertrud f. 1859,Sivert
              f.1872, Ole f.1875, og Maret f. 1867.
              Kårmann John Ellingsen, f. 1795.

Skifter i Strand;
1759 12/1 :Ole Johnsen Strand - Kjersti Halvorsdotter.
           Born;1 Halvor 1734,2 John 1737, 3 Ellev 1744,4 Lars
                1747,5 Gjertrud g.m.John Henriksen Uv, 6 Maglin
                g.m. John Arntsen Øien, 7 Kari f. 1740.
1765 25/3 :Halvor Olsen - Kari Semundsdotter-
           Born; 1 Ole Halvorsen f. 1764.
1765 18/6 :Elling Olsen - ungkar.
           Mor: enke Kristi Halvorsdotter.
           Søsken:1 Halvor, død, har sonen Ole f. 1765,2 John,
           3 Lars,4 Gjertrud g.m. John Uv,5 Maglin g.m. Jon
Øien,6 Kari g.m. Ole Nysæter
1788 11/9 :Peder Steffensen - Kari Semudsdtr . 2.ekteskap.
           Hennar born i 2 ekteskap:1 Ole Halvorsen 1767,
           2 Steffen Pedersen 1768 3.Semund Pedersen 1773.
1819 9/2  :Ingebrigt Arntsen - Kari Olsdotter.
Born:1 Sigrid, 2 Marit, 3 Kari.
1839 22/11:Semund Pedersen -
           broren Steffen Pedersen i Kværnes og søstra Gjertrud
Pedersdotter 60 år, f.1780.

Desse har hatt skjøte på Strand:
1728-1759 Ole Johnsen Strand   1822-1856 John Ellingsen Ishol
1759-1786 Halvor Olsen Strand  1856-1895 Ingebrigt Johnsen
1786-1788 Ole Halvorsen        1895-1935 Halvor Ingebrigtsen
1788-1822 Ingebrigt A.Dørum    1935      Ingebrigt Halvorsen.
 

                  Timgleste dokumenter.
134/1:.
1728 29/8 :Kongeskjøte til Ole Johnsen for 22 Rdl.
1759 17/11:John Olsen Strand m/fl. skjøter 1 øre i Strand til
           broren Halvor Olsen Strand for 31 Rdl.
1765 20/3 :Ved skifte utlagt til Kari Semundsdtr.(enken) og
           sonen Ole Halvorsen.
1786 24/3 :Ole Halvorsen får skjøte på 1 øre m/bøksel i Strand
           frå Peder Steffensen for 2OO Rdl.
1788 27/6 :Ole Halvorsen sel 1 øre i Strand til Ingebrigt Arnt=
           sen Dørum for 48O Rdl.
1822 27/8 :Skjøte frå Kari Olsdotter til John Ellingsen Ishoel
           på 1 øre i Strand for 9OO Spd.
1856 9/1  : Skjøte frå John Ellingsen til Ingebrigt Johnsen
           Strand for 3OO Rdl.
1895 18/6 :Skjøte på d.e. og Øverhaug 131/1 frå Ingebrigt John=
           sen til Halvor Ingebrigtsen for kr. 18OO,- og kår.
1918 28/2 :Skylddelt bnr. 2 Stranddriva.
1935  ?   :Skjøte frå Halvor Ingebrigtsen til sonen Ingebrigt
           H.Strand for kr. 4.OOO,-.

Desse må ha budd på 134/1:
Gunder                        i 1645       og kona Guru
Olle                            1628
Lars                          i 1696

Halvor Larsen Strand            1675 1752 Maglin Endresdtr.Veggen   1669 1741
Marit Larsdotter Strand         1673 1754

Kristi Halvorsdtr. Strand       1704 1785 Ole Johnsen Jamtsæter     1706 1758

Anna Guldbrandsdtr.Strand       1717 181O

Gjertrud Olsdtr.Strand          1727 18O1 Tørris Eriksen Uv         1724 1753

Maglin Olsdtr. Strand           1730 1818 John Arntsen Øien
Halvor Olsen Strand  (g1760)    1734 1765 Kari Semundsdtr. Ålbu     1731 1788
John Olsen Strand               1737 1765 Marit Olsdtr.Aalbu,g.1762
Kari Olsdotter Strand           1740      Ole Evensen Nysæter       1737
Ellev Olsen Strand              1744 1765
Lars Olsen Strand (g.177O)      1747      Randi Arntsdotter Vognild

Ole Halvorsen Strand            1762 1763
Ole Halvorsen Strand            1764 1815 Ugift
Semund Halvorsen Strand         1762 1763

Kristi Larsdotter Strand        177O 1771

Kari Semundsdotter vart oppattgift med:
Peder Steffensen Lien i 1766.

Halvor Pedersen Strand          1767 1771
Steffen Peders.Strand,sjå Detli 1768      Randi Olsdtr.Vasli,Ångard. 1770
Semund Pedersen Strand          1769 1839 barn m/Gjertrud Øien i 18O4.
Halvor Pedersen Strand          1774      (død før 1785)
Gjertrud Pedersdotter Strand    1778 1860 barn i 18O9 m/Erik Skindset Halvor.

Halvor Eriksen (Skindset)       18O9 1885 gift.
Ingebrigt Simonsen Strand døde i 18O9 5 år gl.
Anna Gudbrandsdotter Strand døde i 181O, 93 år gammel.

Peder Steffensen Strand         18OO

Lars Olsen Strand               ??        Barn i 1838 m/Guri P.Lien
 

Ole Halvorsen f. 1764 selde garden til
Ingebrigt Arntsen Dørum         1755 1818 Kari Olsdtr. Munkvold     1758

Sigrid Ingebrigtsdtr. Strand    1789 1881 Halvor Olsen Detli g1811  1786 1861
Marit Ingebrigtsdtr.Strand      1792 1873 John Ellingsen Ishol      1793 1885
Arnt Ingebrigtsen Strand        1796 1797
Kari Ingebrigtsdtr.Strand       1798 1874 Ole Evensen Nysæter       1800 1866
Marit Ingebrigtsd. Strand d.y.  1800 1802

Karen Johnsdtr. Strand          1820 1906 Nils Halvorsen Storli     1811 1886
Rågjerd Johnsdtr.Strand g1846   1823 1895 Henrik Estensen Vasli     1817 1899

Ingebrigt Johnsen Strand        1826 1826      tvil=
Elling Johnsen Strand           1826 1826      linger.
Marit Johnsdtr. Strand          1828 1923 Erik Sivertsen Horvlimo   1823
Ingebrigt Johnsen Strand        1830 1904 Ingeborg Halvorsdtr.Detli 1832 1914

Brit Ingebrigtsdtr. Strand      1854 1943 John Eriksen Uv           1849 1910
John Ingebrigtsen Strand        1857 1922 ugift
Halvor Ingebrigtsen Strand      1860 1943 Marit Pedersdtr. Hagen    1871 1958
Ingebrigt Ingebrigtsen Strand   1863      Utvandra
Mari Ingebrigtsdtr. Strand      1867 1952 John Arntsen Storli       1876
Johan Ingebrigtsen Strand       1869 1871
Sivert Ingebrigtsen Strand      1872 197O Ragna Sivertsdtr. Stølan  1889 1968

Ole Ingebrigtsen Strand         1875      Utvandra i 1892.

Ingeborg Halvorsdtr. Strand     1898      Martinus Olsen Ishol      1891 1978
Marta Halvorsdtr. Strand        1901      Baard Estensen Vasli      1892 1979
Ingebrigt Halvorsen Strand      1903      Ruth Stabel               1907
Peder Halvorsen Strand          1905 1977 Margit Toftaker           1905 1988
Sigurd Halvorsen Strand         1905 1989 Gunhild Johnsdtr.Vindal   1907
Ida Halvorsdtr. Strand          1909      Paul Bersaas              1899
Olga Marie Strand               1911      Ola Halvorsen Ishol       1915
              Vidare sjå Håggåboka.
 

                               H U S M E N N
                              (Strandkalvhagen ?)

Gjertrud Pedersdtr.Strand       1778 186O hadde m/Erik Skindset sonen

Halvor Eriksen Strand           1809 1885 Gjertrud Arntsdtr.Ishol   1824 1912

Gjertrud Haagensdtr, pike       1859 1895.ugift.f.på Hoås,Sunndal
Gjertrud Halvorsdtr.Strand      1859 1906 barn m/Ole Hammerbekk i 1899.
Erik Halvorsen Strand           1862 1883 ugift,død på Hoel,ugift
Marit Halvorsdtr. Strand        1865      Halvor Arntsen Storli      1866

Eline Halvorsdotter Strand      1887 1948 Ingebrigt Hevle
Arnt Halvorsen Strand

I 1920 døde Ragna Ingebrigtsdtr.Hammerbekk, f.1910 dotter av Marit Strand=
kalvhagen.f.1862, far Ingebrigt Larsen f.1854.

Hjalmar Olsen Uv                 1899
 
 

                           J A M T S Æ T E R
                        Gnr. 135 bnr.1 av skm. 2,51
Gamalt matr.nr.704 med skyld 6 mkl.Nytt matr.nr. 121 lnr.141
med skyld 3 ort og 3 shilling.
Koppskattelista 1645:Da er garden kalla Bierchli og er millom
              fulle gardar,altså ein av dei største.Bygslaren
              er Povell med kone Kiersti og drengen Ellef og
              tenestejenta Marit.
Landkommisjonen 1661: Lauritz (Lars).6 mkl.Kongens bygsel.
Preste- og skattemanntal 1664-1665: Lars f.1624 og Halvor
              Larsen 1661. Husmann Ellev Paulsen 44 år.
Matrikklane;1664 Lauritz. 1696 Lars, 1792 John, 1736 Oluf, 1745
            Hans Olsen,1760 John,1770 Enken,1777 Ole Johnsen.
Folketelling 17O1:John Jamtsæter 50 år,Ellev Johnsen 2 år,husm.
              John Ellefsen,alder ikkje oppgjeve,
Skattemanntal 1762: John Ellefsen g.m. Anna og sonen Ole.
              Mannens mor Barbro, og tenestefolka Maglin
              O Morken 45 år.og Ole Olsen Rate.
Folketelling 18O1:Ole Johnsen 51 år,Marit Ingebrigtsdtr.51 år,
              John Olsen 19 år,Marit Olsdtr. 8 år.tenestejente
Marit Olsdotter 45 år og ugift.
Folketelling 1815:Dei same som i 1801 men sonen John Olsen er
              g.m.Gjertrud Sivertsdotter Ishol 32 år, og dei
              har sonen Ola 2 år,Marit Olsdotter er død og av
              tenestefolka er det Even Arntsen 40 år, og Marit
              Olsdtr. 28 år.
Folketelling 1875: Ole Johnsen 1813, Gjertrud Eriksdtr. 1817 og
              borna:Ingeborg 1844, Dordi 1851, Ole Olsen dreng
1858,Therese Ragnhild Mikkelsdtr.f.1865.

Skifter i Jamtsæter.
1752 21/6 :Ellef Johnsen Jamtsæter - Barbro Ellefsdotter.
           Born:1 John, 2 Ellef 1740, 3 Ildri 1730, 4 Gjertrud
                1737.
177O 3O/8 :John Ellefsen - Anna Olsdotter f.Rate.
           Born:1 Ole f.175O, 2 Barbro f.1758, 3 Sigrid,1764.
1786 1/9  ;Ole Johnsen - Marit Semmingsdotter.
           Born;1 John Olsen f.1782.
1834 14/1 :Ole Johnsen - Marit Ingebrigtsdotter.
           Born:1 John Olsen.

                            Tingleste dokument.
1715 25/9 :Skjøte til Ellef Johnsen frå Schøller for 30 Rdl.
175O 31/12:John Ellefsen bøkslar Måstjønneng og Graasten i almindingen
1753 29/1O:Ole Johnsen Strand sel 6 mkl.i Jamtsæter til John Ellefsen for
           3O Rdl. ved skjøte.
177O 3O/8 :Eigedomen er på skifte etter John Ellefsen utlagt til enka Anne
           Olsdotter og vurdert 6 mkl. i Jamtsæter for 30 Rdl.
1774 2/1  :Ole Johnsen Jamtsæter får skjøte på 3 mkl frå mora Anne Olsdtr.
           for 30 Rdl.
1783 18/7 :Ole Johnsen Jamtsæter bykslar bort ein plass til Thore Olsen Bøe.
18O8 7/3  :John Olsen Jamtsæter får skjøte på d.e. for 104 Rdl + kår.
1841 4/8  :Skjøte frå John O.Jamtsæter til Ole Johnsen på 6 mkl.for 200 Spd.
1878 17/12 :Skjøte frå Ole Johnsen til John Olsen for 8OO kr.og kår.
19O4 23/6  :Skylddelt bnr. 2 Molund til Ole Olsen Moene.
1916 14/3  :Skjøte frå John Olsen til Ole Johnsen Jamtsæter for kr.264O,-.
1927 1/11  :Skylddelt eigedomen Brennan, bnr.3 til Halvor Molund.

              Desse har hatt skjøte på 135/1 Jamtsæter:
                  -1715 Schøller.       1841-1878 Ola Johnsen
              1715-1753 Ellef Johnsen.  1878-1916 John Olsen
              1753-177O John Ellefsen   1916      Ola Johnsen
              1774-18O8 Ola Johnsen               John Olsen
              18O8-1841 John Olsen                Ola Johnsen

Etter dette finn eg at desse må ha budd på garden;
Lars (Lauritz)Jamtsæter         1624

Halvor Larsen                   1661

John Ellefsen Jamtsæter         1651 1742

Ellef Johnsen Jamtsæter         1699 1752 Barbro Ellefsdotter Håker 17OO 1765
Ole Johnsen Jamtsæter           17O6 1758 Kristi Halvorsdtr.Strand  17O4 1785

John Ellefsen Jamtsæter         1725 1770 Anne Olsdotter Rate       1722 1795
Ildri Ellefsdtr. Jamtsæter      1734 1774
Gjertrud Ellefsdtr. Jamtsæter   1737 1820
Ellef Ellefsen Jamtsæter        174O 1816 Dordi Johnsdtr.Mellem,enke1729 18O7
                                          barn i 1762 m/Anne I.Sliper

Ole Johnsen Jamtsæter           1751 1833 1Marit Semmingsd.Blokkhus 175O 1786
                                          2Marit Ingebr.dtr.Dørum   1749 1839
Barbro Johnsdotter Jamtsæter    1754 1754
Ellef Johnsen Jamtsæter         1755 1755
Barbro Johnsdotter Jamtsæter    1756 1814 Tore Olsen Bøe Stranden   1754 1844
                                          Barn i 1778 m/Iver Halv.Morken
Sigrid Johnsdotter              1759 1759
Sigrid Johnsdotter              176O 1763
Gjertrud Johnsdotter            1762 1763
Sigrid Johnsdotter              1764
John Johnsen Jamtsæter      ca  1765
Gjertrud Johnsdotter            1768 1769

Gjertrud Ellevsdtr.Jamtsæter    1775 1828

Eli Iversdtr.Jamtsæter          1778      Barbros dotter m/Iver H Morken

John Olsen Jamtsæter  (g,1812)  1782 1872 Gjertrud Sivertsdtr.Ishol 1782 1872
Marit Olsdtr. Jamtsæter         1792 1812

Marit Johnsdtr.Jamtsæter g1825  1789      Paul Ingebr.Sliper        1796

Ole Johnsen Jamtsæter           1813 1879 Gjertrud Eriksdtr. Nerhol 1817 19O3
Sivert Johnsen (Sjur)           1816 1873 ugift,treskjærar.

John Olsen Jamtsæter            1816 1873 Marit Iversdtr. Storli    1813 1895
  (Dei flytta til Emangsmorken)
Gjertrud Olsdotter Jamtsæter    1841 1928 Zakarias Rate             184O 1912
Ingeborg Olsdtr. Jamtsæter      1844 1876 Oluf Rasmusen Vindal      1846 1926
John Olsen Jamtsæter (g1878)    1849 1937 Marit Olsdotter Hoel      1855 1941
Dordi Olsdtr. Jamtsæter         1851 1924 Peder Olsen Skruen,Bøe    1841 1929

Ole Johnsen Jamtsæter           1879 1881
Gjertrud Johnsdtr.Jamtsæter     1882 1976
Ola Johnsen Jamtsæter           189O 1981 Jørgine Hågensd.Blokkhus  1892 1961
Marit Johnsdotter Jamtsæter     1893 1962 Sivert Stengrs.Hulberget  1876 1948
        Deretter sjå Hoelsboka.

Tillegg Jamtsæter.
Barbro Johnsdotter Jamtsæter    1756 1814 Tore Olsen Bøe (Strand) hadde borna

Gjertrud Toresdotter Strand     1783 1783
Anne Toresdotter Strand         1785         (Budde vel helst i Strand)
Ole Torense Strand              1786

Barbro f.1756 hadde før giftermålet dottra
Eli Iversdotter                 1778      far Iver Halvorsen Morken.

                               Husmenn.
Ellev Paulsen Jamtsæter         1620

John Ellevsen Jamtsæter                      levde i 17O1.
 

                                M O L U N D
                       Gnr. 135 bnr. 2 av skm. O,15
Utskild frå bnr. 1 Jamtsæter ved skylddeling 18. tgl. 24. juni
19O4 og skjøte til Ole O. Moene.

Ole Pedersen Bøe                18O9 1883 Ingeborg Johnsdotter      181O

Ole Olsen Moene, treskjæraren   1839 19O8 ugift.
John Olsen Moene                1846      Marit Sivertsd.Fagerhaug  1853
Ingeborg Olsdtr. Moene          1849 1975 Kristine Johnsdtr.Horvli  1859 1940
Kari Olsdotter Moene            1852 1927 ugift

Nye folk på bruket;
Halvor Stengrimsen Hulberget    1884 1967 Dordi Håkonsdtr.Blokkhus   1886 1962

Solveig Halvorsdtr. Molund      1925      Magne Dolpen

Halldor Petter Dolpen           1953
 

                              B R E N N A N
                Gnr. 135 bnr. 3 av skm. 0,o5.
          Frådelt frå bnr.1 Jamtsæter ved skylddeling tgl. 1/11 1927 og
          skjøtet til Halvor Molund som tillegg til bnr.2 Molund.
 
 

                                 U T E M.
                       Gnr. 136 bnr.1 av skm. 2,13.
          Gamalt matr.nr.705 med skyld 6 mkl. Nytt Matr.nr 122 lnr.142
          med skyld 3 ort og 3 shilling.
          Koppskattelista 1645:Under halve gårde er nemnd Christopher
                       Wtemb og Thyrre, hustrue og sonen Seening og
                       dottra Olue.
          Landkommisjonen 1661: nemner Semming som bykslar 9 mkl.
          Preste- og skattemanntal 1664-1665:Semming 1626,Kristoffer 1659.
          Matrikklane:1664 Semming,1696 ds.1701 Ole Semmingsen, 1760
                       Semming, 1777 Semming Olsen, alle med skyld 6 mkl.
          Folketellinga 1701:Ole Semmingsen 30 år gl.
          Skattemanntal 1762:Semming Olsen g.m. Mali. Mannens mor Randi,
                       Husmann John Evensen g.m. Ingeborg og borna deira
                       Even og Jøran. Dreng Ole Hansen.
          Folketellinga 18O1;Ingebrigt Ellevsen 39 år,Berit Hansdotter 42
                       år med borna: 1 Anne f. 179O, 2 Barbro f.1792,Randi
                       f.1794 4 Hans f. 1796, 5 Ellev f. 1798,og Oluf f.
                   f.18OO.
                       Husmann Ole Semmingsen f.1758 g.m. Eli Paulsen 1727
          Folketelling 1815: Dei same som i 1801 bortsett frå dottra Anne
                       som er gift til Ishol. Husmannen Ole Semmingsen er
                       gift oppatt med Guri Johnsdotter f. 1749.
          Folketelling 1875: Ingebrigt Hansen 1827, Ambjørg Andersdotter
                       1827, Hans Ingebrigtsen 1854,kårmann Hans
                   Ingebrigtsen f. 1796. Randi Johannesdotter f. 1806.

          Skifter på Bøe
          1739 3/2  :Ole Semmingsen Utem - Randi Andersdotter (2.ekteskap)
                     Born: 1 Semming 1729,2 Marit Olsdtr.g.m.John
                          Halvorsen Ishol,
                           3 Kari g.i Meldal og har fleire barn.
                       4 Randi g.m. Iver Olsen Vekve.f.1694.
          1753 23/6 :Randi Andersdotter - Hans Olsen.Båe i 2.ekteskap.
                     Born: 1 Ole Hansen 8 år, 2 Anne 3o år.
                           3 Brit g.m.Sunndaling,4 Anne d.y. 27 år.
                           5 Ingrid 26 år,6 Marit også 26 år

                          Tinglese dokument.
136/1 Utem.
1747 14/11:Semming Olsen kjøpt Odelsretten til 6 mkl av Schøller.
1753 22/6 :På skifte er eigedomen lagt ut til Ole Johnsen Grødal.
1771 28/8 :Semming Olsen Utem får skjøte på 6 mkl.i Utem frå Ole Lødensen m.
           fl. for 130 Rdl.
1778 31/8 :På skifte etter Semming Olsen vurdert for 120 Rdl. og utlagt til
           oberstløitnant Hammond for gjeld 120 Rdl.
1780 22/2 :Mali Olsdotter (Semmings enke) pantsetter eigedomen til Jens Lem-
           vig for lån 130 Rdl.
1783 20/7 :Ingebrigt Ellefsen får skjøte på 6 mkl. i Utem for 240 Rdl.frå
           Ole Semmingsen Utem.
1830 ca.   Må det ha vore ei overdraging til sonen Hans Ingebrigtsen som eg
           ikkje har funne noko om.
1854 21/3 :Skjøte frå Hans Ingebrigtsen Utem til Ingebrigt Hansen Utem for
           200 Spd.
 

1892 22/3 :Skjøte frå Ingebrigt Hansen Utem til Hans Ingebrigtsen Utem for
           1.500,- kr.
1904 13/2 :Skjøte frå Hans Ingebrigtsen Utem til Andreas Eriksen Loe for kr.
           3.800,- .
1917 15/2 :Skylddelt Utheimsdriva, bnr. 2.
1938 2/11 :Skjøte frå Andreas Eriksen Loe til sonen Erik A. Loe for 3000,.kr

           Desse har hatt skjøte på 136/1 Utem:
           1777 Semming Olsen          1854-1892 Ingebrigt Hansen
             ? -1783 Ole Semmingsen    1892-19O4 Hans Ingebrigtsen
           1783-183O Ingerb,Ellevsen   19O4-1938 Andreas E. Loe
        ca.183O-1854 Hans Ingebrigsen  1938-     Erik A. Lo.

Desse må ha budd eller er fødd på Utem:
Christopher Utem levde i        1645      Thyrre   levde i           1645.

Semming Christophersen Utem     1626 1696 Marit Olsdotter
Olaug Christoffersdotter

Christoffer Semmingsen          1659
Ingrid Semmingsdtr.             1662 1748
Randi Semmingsdotter            1663 1752
Magnhild Semmingsdotter
Ole Semmingsen                  1671 1739 1Randi Arentsdotter  ca.       1715
                                          2Randi Andersdotter            1769

Randi Olsdotter Utem            1694 1774 Iver Olsen Vekve          1699 1759
Marit Olsdotter Utem            1703 1756 John Halvorsen Ishol      1700
Kari Olsdotter Utem                       gift til Meldal og hadde 3 born der
Ildri Olsdtr.Utem (g1771)       1725      Ole Lødensen Vognild
Semming Olsen Utem (g1755)      1729 1778 Mali Olsdtr.Klett         1721 1797

          (Randi Andersdtr.vart oppattgift med enkemann Hans Olsen f.1694 d.
           1752 og hadde med honom sonen Ole Hansen,f.1745)
Hans Olsen hadde i 1. ekteskap borna;

Anne Hansdotter                 1722
Brit Hansdotter           ca.   1725      Ole Knutsen Jenstad
Anne Hansdotter                 1727
Ingrid Hansdotter               1728
Marit Hansdotter                1728
Ole Hansen                      173O      Kari Paulsdotter

Garden vart så seld, truleg til ein slektning av Ole Hansen.eller Randi.

Ingebrigt Ellendsen Sliper      1762 1833 Brit Hansdotter Utem      1759 1863

Anne Ingebrigtsdotter Utem      1790 1807 Roald Ellingsen Ishol     179O 1857
Barbro Ingebrigtsdtr Utem       1792 1856 m/Ole E.Uv sonen Ole i 1819.
Randi Ingebrigtsdotter          1794
Hans Ingebrigtsen Utem          1796 1882 Randi Johannesdtr.Emang   1806 1891
Ellev Ingebrigtsen Utem         1797 1877 Marit Iversdtr. Emang     1797 1850
Olaug Ingebrigtsdotter Utem     1799 1887 Anders Ingebrigtsen Klett 1800 1877

Ingebrigt Hansen Utem           1827 1902 Ambjørg Andreasdtr.Klett  1827 1903
Johannes Hansen Utem            1830      Flytta til Målselv.
Brit Hansdtr. Utem              1834
Sivert Hansen Utem              1847

Hans Ingebrigtsen Utem          1854 1919 Eli Nilsdotter Hoel       1864 1897
         Dei hadde ikkje born og garden seld til Andreas Loe

Tillegg til Utem:
Hans Olsen                      1755      Levde ikkje i Oppdal i 18O1
Rannei Olsdotter                1762

Tillegg II Utem:
Barbro Utems son;
Ole Olsen Utem                  1819 1885

                     Utemshaug
Det må være ein husmannsplass under Utem utan at eg kan finne at plassen er
matrikulert.I 1757 døde Guri Johnsdotter Utemshaug 84 år gamal, altså fødd 1673.

Derimot finn eg at det er halde skifte på Utemshaug
1767 12/11:Even Johnsen Utemshaug - Sigrid Hansdotter
           Born: John Evensen f. 1764.
1778 31/8 :Semming Olsen Utemshaug - Mali Olsdotter Klett.
           Born: 1 Ole Semmingsen f. 1756 2.Randi Semmingsdotter

Det er også tinglest eit dokument på Utemshaug
1792 20/7 :Ole Semmingsen og hustru overtar plassen på det vil=
           kår at dei underheld hans mor Mali Olsdotter på livstid.

         Etter dette finn eg at desse må ha budd på eller fødde på plassen
som husmen:
Guro Johnsdotter Utemshaug     1673 1757 (Even ??)
John Evensen Utemshaug                   Ingeborg Hansdotter

Even Johnsen Utemshaug g.1763  1734 1799 1Sigrid Hansdtr.Nerhol    1730 1766
                                         2Marit Olsdotter
Kari Johnsdotter Utemshaug  ca.173O      Even Eriksen Viken g.1760.
Hans Johnsen Utemshaug         1739
Guri Johnsdotter Utemshaug     1744 1832 Iver Olsen Myren          1736 1810
Jøran Johnsdotter              175O 1836 død i Aalbu.

Marit Evensdotter Utemshaug    1751 1807
John Evensen Utemshaug         1764 1834 Brit Olsdtr.Horvli,(Bøe)  1764 1843
Ole Evensen Utem         ca,   178O      Guri Johnsdotter          1771 1848

Sigrid Johnsdotter Utemshaug   1799

Mali Olsdotter Uten            18O8 18O8
      Brit Olsdtr Horvli vart oppattgift med  Haldor Johnsen og hadde dottra
Kari Haldorsdotter Utemshaug   18O1.

Så finn eg ein John Evensen Utemshaug f.18O6.Har ikkje funne namn på far
hans og heller ikkje dødsår på honom.

Etter at garden Utem i 1783 vart seld ut av slekta, må Semming Olsen og kona
ha halde fram som husmenn på Utheimshaugen.
Semming Olsen Utemshaug        1729 1778 Mali Olsdotter Klett    1721 1797

Ole Semmingsen Utemshaug       1756 1822 1Eli Paulsdtr.          1745 1805
                                         2Guri Johnsdtr.Haugen   1769 1849
Randi Semmingsdtr Utemshaug    1759 1849 ugift hadde 3 born.

Paul Olsen Utemgshaug          1782 1824
Mali Olsdotter Utemshaug       18O8 18O8
Guri Olsdotter Utemshaug       1809 1814
Elen Olsdtr.Utemshaug          1811 1814
Lars Olsen Utem                          Karen Sivertsdotter

Brit Larsdotter Utem           1845

Randi Utemshaugs born:
Marit Sivertsdtr Utemshaug     1793 1794
Marit Iversdotter Utemshaug    1798       far Iver Eriksen Hornet.
Ole Halvorsen Utemshaug        1801       far Halvor,Arntsen Torve

Desse namna finn eg utan nokon annan samanheng;
Ole Arntsen Utemshaug død 1784 5O år gl. f. 1734.
Even Paulsen Utemshaug død 18O5 6O år gl. f.1744.
Marit Sivertsdrr. Utem f.og død i 1793.
Semming Evensen Utem f. 1795 d.1799.
Ein annan ???

Semming Evensen Morken g.m. Karen Olsdotter hadde sonen
Even Semmingsen                1839

I 1875 levde på ein plass som heitte Utheimsløkka:
Ole Olsen Utem (f,Rate)        1802 1883 Maglin Halvorsdtr.Bekken   1800 1874

Halvor Olsen Utheimsløkkja     1827 1914 Marit Larsdotter Reitan    1825 1893
Anne Olsdotter Utheimsløkkja   1831      Karl Stoem i S.Dakota.
Randi Olsdotter Utheimsløkkja  1833      John Lundli i Sunndal      1833
Karen Olsdotter Utem           1836 1899 John Arntsen Skindset      1841
Ole Olsen Utheimsløkkja        1839 1869
Arnfinn Olsen Utheim           1842 1913 Marit Iversdotter Stølan   1839 1897

        (Karen Olsdotter hadde m/Iver H.Furu i 1863 sonen:
Halvor Iversen Utem,utvandra   1863 1913 (Far Iver Hågensen Furu)
og som gift med John Lundli hadde dei borna:
Ole Johnsen Utem               1872 1872
Ole Johnsen Utem               1873

Anna Olsdotter Utemsløkken f.1831 hadde som ugift sonen Tore med ein Hans
Olsen Hoel som ikkje var Oppdaling. (Sunndal ??)
Tore Hansen Utem               1856.

Even Paulsen Utemshaug         1744 1805 død 6o år gl.
Ole Arntsen Utemshaug          1734 1784 død 5o år gl
John Evensen Utemshaug         1806.
Iver Halvorsen Utem og Marit Ingebrigtsdotter hadde dottra

Sigrid Iversdotter Utem        1831.
I 1876 døde Gjørrand Uttem 87 aar gl. f.1749 med oppgjerve bustad Aalbu.
 

               Garden Strandsæter.
     I koppskattelista for 1645 og i Landkommisjonens register  for 1661 er
det millom Blokkhus og Utem oppført ein gard kalla
Sæter.Dette må være det som idag heiter Strandsæter.og den had-
de i 1661 ei skyld på 6 mkl.og oppført millom halve gardar.
På garden budde Effuind og kona Marit.Ved skattemanntalet i 1664-1665 heiter
brukaren Esten og han har borna Olle f.1628 og John f.164O og venteleg fleire
døttre, men dei er ikkje namn- jevne.Vedfolketellinga i 1701,som berre har med
menn, er det
Ole Endresen f.1658,med sønene Endre f.1693 og Peder f.1796,men
Ole Endresen må ha hatt minst ei søster,Maglin,f.1669,gift med
naboen Halvor Larsen Strand. Endre Olsen f.1693 vart eigar av
garden og var gift med Brit Tørresdtr.Myren.Dei var barnlause
og det vart halde skifte etter Endre i 1752 der ,det går fram at han hadde 4
søsken.Og i 1767 er det halde skifte etter Brit
som da hadde 3 søsken. Endre Olsen døde i 1751 og i 1749 selde   han garden
til ein Ole Halsteinsen Nerhoel g.m.Marit Slipersæt-
er som båe levde i 1762.Dei hadde 6 born men bedrre 3 levde opp
Det vart sonen John Olsen f.175O som overtok garden.Han var gift med Ingeborg
Larsdotter f.1746. John Olsen hadde 5 søsken men ingen av dei nådde vaksen
alder.Det vart eldste sonen Ole
Johnsen f.1781 g.m.Anne Bæraugsdotter Bøe som fekk skjøte på
garden i 1815.Ole John-sen hadde 6 søsken men berre to vart gifte,broren Lars
vart gift med Gjertrud Bæraugsdtr. Bøe,søster
til Anne.Kvar dei levde har har eg ikkje funne ut.Ssøtra Marit
vart gift til Sliper,Utesto. Ole Johnsen hadde 3 born og eldste son John Olsen
fekk skjøte på garden kring 1840 men må ha dødd
kring 1852.Han var gift to gonger  først med Guri Larsdotter Nerhol og så med
Rågjerd Roaldsdotter Ishoel.Han hadde 5 born
med Guri og dottra Guri med Rågjerd.I 18546 har så enka Guri
Larsdotter gjeve sin avdøde manns søster Ingeborg Olsdotters enkemann John
Olsen Torve  skjøte på eigedomen.Kan ikkje sjå at
at Ingeborg og John Olsen hadde born,og dei må ha og dei må ha
gjeve John Olsen og Guri Larsdotters eldste son Ole Johnsen f. 1742 skjøte på
eigedomen ein gong kring 1870, for i 1884 får
Hans Olsen Hulberget,gift med halvsøstra til Ole Johnsen,Guri
Guri Johnsdotter,skjøte på garden.Deisart med garden til sonen
John Hansen Veggen fekk skjøte i 1918.

Bruksnummer 2 Asphaugen.
Skylddelt frå bnr.1 i 1877 og seld til Halvor Olsen Rate eller Utem,son av Ole
Olsen og Maglin Halvorsdtr,og Halvor bruka sidan Asphaug som familienamn.Han
var gift med Marit Larsdotter Øien frå Todalen.Dei hadde 6 born og den eldste
Ole Halvorsen overtok bruket.Han var gift med Magnhild Olsdotter.Dei hadde
Dei hadde  tvillingane Halvor Olsen f.1780 g.m. Olava Olufsdtr.
Ishol og Ole Olsen Asphaug eller Strandsæter.Den nest eldste,
Den nest eldste,Guri vart g.m.Sivert Olsen Svartøybakk,Maglin
vart g.m.Ole Ingebr.Aalbu,Lars Halvorsen g.m.søstrene Marit og
Anne Knutsdtr.Bjørgen.Den yngste Ole var g.m.Marit Audensdtr.
Storli.Dei fekk borna Gjertrud f.1886,død 1891, og sonen Halvor Olsen Asphaug
f.1894.

Bruksnummer 3,4,og5 sjå det som er skreve framanfor om desse bruka.

             Gardshistorie for Strand.
Det første eg har funne om Strand er at i 1645 budde Gunder og kona Guru med
sonen Gunder der.I landkommisjonens register 1661 er oppført at enken bygslar
6 mkl. og garden er oppført under halve gardar.Preste-og skattemanntalet for
1664-1665 opererar med Olle f.1628 som bygslar og i 1696 er det Lars.ved
folketel-
linga i 17O1 er det berre ein mannsperson  i Strand, nemleg Halvor Larsen,som
venteleg er son av Lars i 1696,og han er da 28 år, altså fødd i 1673.Kvinnene
er ikkje medtatt i det mann- talet,men han er gift med Maglin Endresdotter frå
Strandsæter, og han har tvillingsøstra Marit,som vi ikkje finn meir om. Hal-
vor og Maglin hadde berre ei dotter,Kristi Halvorsdotter f.1704 g.m.naboguten
Ole Johnsen Jamtsæter f.17O6.Dei for ikkje så langt etter kjerringemnene den
tida.Ole Johnsen er den første sjølveigaren i Strand, for i 1728 får han
kongeskjøte på garden Han har venteleg kjøpt garden på den store
krongodsauksjonen i 1728. Ole døde i 1758 og i 1759 er det halde offentleg
skifte som viser at han og Kristi hadde 7 born. 1 Gjertrud f.1727,g.m.
Tørris Evensen Uv,2 Maglin f.173O,g.m.John Arntsen Øien,3 Hal-vor
f.1734,g.m.Kari Semundsdottrt Aalbu 4 John f.1737 g.m.Marit Olsdotter Aalbu,5
Kari f. 174O g.m. Olr Evensen Nysæter,6 Ellev f.1744,d.1765,7 Lars f.1747
g.177O m.Randi Arntsdotter Vognild
Kona Kristi Halvorsdotter døde i 1785. Sonen John Olsen fekk i
1759 skjøte på garden,men døde allt i 1765  og på skifte etter honom var
garden utlagt til enka Kari Semundsdotter. Dei hadde
berre eit barn,sonen Ole Halvorsen, som i 1786 får skjøte frå mora. Kari
Semundsdotter vart oppattgift med Peder Steffensen Lien og fekk med honom
borna 1 Halvor Pedersen,2 Steffen,3 Semund.4 Halvor d.y.,5 Gjertrud Pedersdtr.
 

Ole Halvorsen Strand som fekk skjøte i 1786 var ugift og i 1788 sel han garden
utanom slekta til Ingebrigt Arntsen Dørum og slik kom Ingebrigtnamnet til
Strand der det framleis går att. Ingebrigt var g.m.Kari Olsdtr.Munkvold.Dei
hadde 5 born,men berre 3 jenter voks opp.Den eldste,Sigrid,vart gift med gardgu-
 ten i Detli og budde der.Den nest eldste,Marit vart gift med John Ellingsen
Ishol og dei vart dei nye brukarane i Strand ved skjøte i 1822.Den tredje vart
gift til Nysæter.John og Marit sat sat med garden til 1856 da dei gav sonen
Ingebrigt skjøte. Han var gift med søskenbarnet sitt,Ingeborg Halvorsdotter
Detli Elles vart søskena hans gift slik:Karen med Nils Storli,Rågjerd til
Bårdsgarden,Marit med Erik Horvlimo.Ingebrigt og Ingeborg hadde 7 born, og den
nest eldste guten,Halvor,g.m.Marit Peders-
dtr.Hagen overtok garden ved skjøte i 1895.

               Gardshistorie Jamtsæter.
        I koppskattelista for 1645 er garden kalla Bierchli med
Poull og kona Kierst og tenestefolka Ellef og Marit.
I landkommisjonens register for 1661 er garden plassert millom
Strandsæter og Strand i staden for millom Strand og Utem. Det må være ei
feilplassering,for namna stemmer,eller garden kan vere flytta dit den no
er.Den har da ei skyld på 6 mkl. med      Lauriz (Lars) som bygslar.Den same
Lars er oppført som bygslar ved matrikklane i 1664 og 1696.Ved skatte-og
prestemanntalet i 1664-1665 får vi vite at denne Lars er fødd i 1624 og at han
har sonen Halvor Larsen f.1661 og ein husmann Ellef Paulsen 44 år,f.162O og
som vel er son av Pouell som var bygslar i 1645.
Ved folketellinga i 17O1 er John Ellefsen vorte bygslar.Det er da ikkje
usannsynleg at det er sonen av den tidlegare husmannen som har fått bygsel
eller kan vera gift med ei dotter av Halvor
Larsen John Ellefsen var fødd i 1651 men eg finn ikkje når han døde eller
kvenn han var gift med,men han måtte vera gift for han hadde to søner, 1 Ellef
Johnsen f.1699 d.1753 g.m. Barbro Ellefsdotter Håker og 2 Ole Johnsen f.17O6
d.1758 g.m.gardjenta på nabogarden Strand.Truleg også fleire jenter.Ellef
f.1699,
fekk i 1715 skjøte på garden og han var den første sjølveigaren i Jamtsæter.
Det er mogleg at alderen på Ellef er feil oppført i 17O1,for han ville ha vore
berre 16 år da han fekk skjøte i 1715.Truleg
Truleg skal alderen i 1701 vera 12 år.Han døde i 1752 og det er
da skifta etter honom,men sonen John Ellefsen f.1725 må ha fått skjøte
tidlegare,for i 1750 bykslar han Måstjønnenget og Gråsten i allmenningen
(Dindalen?) og i 1753 kjøper han 6 mkl.i Jamtsæter som onkelen hans må ha fått
i arv.John Ellefsen og
Anna hadde 8 born,og den eldste,Ole Johnsen,fekk skjøte på gar-
den i 1774.Han var gift 2 gonger,først med Marit Semmingsdtr. Blokkhus som
døde i 1786 og så med Marit Ingebr.dtr.Dørum. Han
hadde eit barn med kvar av desse.Den eldste,John Olsen.f.1792
vart g.m. Gjertrud Sivertsdtr.Ishol, og dei fekk skjøte på gar-
den i 18O8.Dei fekk 3 born,m.a.den berømte treskjæraren Sjur
Johnsen Jamtsæter.Den eldste Ole Johnsen f.1813,vart gift med
Gjertrud Eriksd.Nerhol og dei fekk skjøte på garden i 1841.
Dei hadde 3 jenter og 1 gut, John Olsen f.1848,g.m. Marit Olsd.
Hoelsgrinden.Millom borna deira var Marit Johnsdtr. f.1882 g.m. Sivert
Stengrimsen Hulberget og den eldre Ola Johnsen vart g.m.
Jørgine Hågensdotter Blokkhus.

Bruksnukker 2 Molund.
Dette bruket vart frådelt frå bnr.1 ved skylddeling 18/6 19O4 og seld til Ole
Olsen Moene,den berømte treskjæraren. Han døde
ugift i 19O8  og testamenterte allt han åtte til søstra Kari,og det var ho som
i 1923 selde bruket til Halvor Stengrimsen Hulberget,og etterkommarane hans er
framleis i Molund.

Bruksnummer 3 Brennan vart frådelt frå bnr. 1 i 1927 og tillagt til Molund.

                        Husmenn.
        Det må ha vore ein husmannsplass der Ellef Paulsen var husmann i
1664.Det er vel da sonen hans,John Ellefsen som
husmann i 17O1,og det er vel sønene hans som var eigarar av
Jamtsæter og nabogarden Strand.
         Finn ikkje nemnd denne husmannsplassen seinare.
 

                         Garden Utem.
        I koppskattelista for 1645 er gardsnamnet skreve Wtemb og i
landkommisjonens register for 1661 for When. I 1645 er det Christoffer med
kona Thyrri med sonen Seening (Seming) og dotra olue.(Olaug).Landkommisjon-
ens register har Seming som bygslar 9  mkl.Preste-og skattemanntalet 1664-1665
gjev oss alderen på Seming f.1626 og og Christoffer f.1659.Det må da
da være far og son. Matrikkelen for 1664 og 1696 har ei skyld på 6 mkl.
Folketellinga i 17O1  gjev oss namnet og alderen berre på ein person,nemleg
Ole Semmingsen f.1771.Christoffernamnet går ikkje att.Matrikkelen har Sem-
ming som bygslar både i 1664, 1664,1696 og 17O2.
        Det må være Semming Christoffersen som er død i 1696 og  det er da
halde offentleg skifte etter honom og kona Marit Olsd. Dei hadde da borna
Ole,Magnhild og Christoffer.Dei to siste høyrer vi ikkje meir om. Ole er fødd
i 1671 og  gift med   Randi Arentsdotter. Han må ha vore gift 2 gonger, for i
1739 er det halde skifte etter honom i 2 ekteskap med Randi Andersdtr. f.17O5
d.1769. Ole døde i 1739 og det er da halde skifte etter honom og Randi
Arntdotter som viser at dei da hadde borna:1 Randi f.1694 g.m.Iver Olsen
Vekve,2 Marit f.17O3,g.m.John Halvorsen Ishol f.17OO.3 Kari gift til
Meldal.Randi Andersdtr. vart oppattgift med ein Ole Hansen, og ho døde i 1769
og det er da halde skifte etter henne og Ole Hansen. Skiftet viser at Randi
Andersdotter måtte ha hatt 2 born med Ole Semmingsen i hans 2.ekteskap, nemleg
1 Ildri Olsdotter f.1725 og 2 Semming f.1729.
        Etter matrikklane er skylda redusert til 6 mkl.alt i 1664.I 1747 får
Semming Olsen kjøpt odelsretten til 6 mkl. i i Utem, men på skifte
I 1747 får Semming Olsen kjøpt odelsretten til 6 mkl.i Utem,men på skifte
etter Ole Hanssen er garden utlagt til arvingane hans og kona Randi
Andersd. Millom dei,Ole Lødensen som var gift med Ildri dotter av Ole
Semmingsen i hans andre ekteskap.Denne Ole Ple Lødensen skjøter så i 1771
garden over til svogeren Semming Olsen f.1729.På skifte etter Semming Olsen
som var gift med Mali Olsdotter Klett,vart garden utlagt til oberstløitnant
Hammond for gjeld 120 Rdl.men i 178O får Semming Olsens enke Mali lånt 13O
Rdl.hos presten Jens Lemvig og får kjøpt att garden,og overdrege den til sonen
Ole Semmingsen f.1756,som så 1783 sel garden ut av slekta til ein
Ingebrigt Ellefsen for 24 Rdl.Ca.183O har så sonen Hans Ingebrigtsen arva
garden og i 1854 er det tinglyst skjøte frå Hans Ingebrigtsen Utem til sonen
Ingebrigt Hansen g.m. Ambjørg Andreasdtr.Loe. I 1892 får så sonen Hans
Ingebrigtsen f.1854 for kr.1.5OO.- skjøte.Han var gift med Eli Nilsdotter
Hoel.Dei hadde ikkje born og garden vart seld til Andreas Eriksen Loe for kr.
3.OOO,-.

                  Husmannsplassar:
1 Utemshaug.
Sjå det som er skreve under dette bruket framanfor.
Etterat Ole semmingsen selde garden i 1783 til Ingebrigt Ellefsen må Ole
Semmingsen ha busett seg på Uthemshaugen som husmann for det viser seg at
da han døde i 1778 er det halde skifte etter honom på Utemshaug.Ettersom
plassen ikkje er matrikulert finn finn ein ikkje noko bygselbrev på plassen
men etterkomarane etter  Ole Semmingsen levde på plassen til langt ut i 18OO
åra.

2 Utheimsløkkja.
Sjå det som er skreve framanfor om folka på denne plassen.Da denne plassen
heller ikkje er matrikulert,finn ein heller ikkje
nokon bygselseddel, men plassen har vore i bruk heilt fram til 19OO talet.



Utarbeidd av ©: Ivar Hoel og tilrettelagt for internett av Ola Ø. Hoel