H O E L.
               Gnr.171 bnr.2 av skyld 10 mark 42 øre.

Gamalt matr.nr.743. Nyt matr.nr.161 lnr.186 med skyld 2 øre og 6 mkl.
rev.3 daler 3 ort og 22 shil.
Koppskattelista 1645: har 4 bruk under Hoel:
                    I Olle E.Hoell med kona Sigrid og sonen John
                      og tenestejenta Anne.
                   II Erich Hoell og Thore hans hustrue med sonen
                      Peder,drengen Asbiørn og tenestejenta Maret.
                  III Olle O. Hoell med kona Ingborre.
                   IV Hans Hoell og hans hustrue (ikkje namn),Suende,
                      sønn med drengen Olle og tenestejenta Maret.
Odelsgodsfortegnelsen 1647: nemner ikkje Hoel på Lønset så brukarane
                      der må da ha vore leilendingar.
Landkommisjonen 1661 Nemner 3 menn med tilsaman ei skyld på 1 Spand
                      = 3 øre (72 Mkl,) Olle,Gunder og Ingebrigt og
                      ein unemnd husmann,og betaler 12 shilling for
                      1 kvernsted.
Skatte-og prestemanntalet 1664-1665: skyld 2 øre 6 mkl.
                      Iver Olsen 22 år og faren Olle 56 år og John
                         Tørrisen 50 år (truleg dreng?) eller husmann.
Tienderegister 1664:  Oluf 7 tønner og 1 skjeppe. Halvor og
                      Ole Haldorsen 24 år, Gunder og Ingebrigt.
Matrikklane:
1664 Olle og Gunder,          1768 Olle
1696 2 øre 6 mkl.Enken        1771 Ole Hansen
1721 enken og Roald (lnr.744) 1776 Brønneld Hansen
1745 Ole Roaldsen og Ole

Folketellinga 1701: 1.Familie:Roald Iversen 36 år,har sonen Iver
                      Roaldsen 2 år.2.Familie: enken Eli med sønene
                      Ole Iversen 26 år, Knut Iversen 18 år,og
                      Hindrik Iversen 12 år.
Skattemanntal 1762:   Ole Roaldsen g.m.Gjertrud. Eli Olsdotter og Oluf
                      Hansen.Tenestefolka Halvor Taraldsen Bøe,Marit
                      Hansdotter Liabø,og Rågjerd Olsdotter Viken,sant
                      Olaug, Oles enke,(etter Ole Iversen ?)
Folketelling 1801:    Ole Olufsen 44 år gl.Kristi Olsdotter 36 år, Oluf
                      10 år,Ole 5 år, Ole 3 år og Eli 7 år.Paul Olsen,
                      stedfar 50 år,og kona Eli Olsdotter 66 år, enke,i
                      3.ekteskap.Drengene Halvor Gudbrandsen 21 år.og
                         Peder Bersvendsen 30 år og tenestejentene Randi
                      Ingebrigtsdotter 28 år,Gjertrud Olsdotter 23 år,
                      Gunhild Eriksdotter 15 år.
Folketelling 1815:    Oluf Olsen 22 år,Anne Nilsdotter 35 år,Kristine 2 år,
                      Brit 1 år,kårmann Povel Olsen 64 år,og kårenke Eli
                      Olsdotter 80 år.Søskena til mannen:1 Ole 18 år,
                      2  Ole 17 år og Eli 21 år.Tenestejentene Maglin
                      Arntsdtr.
                      Øien og Marit Olsdotter (Eggen??)
                         Husmann Ole Johnsen 49 år, og kona Marit
                         Halvorsdtr.- 49 år,med dottre Karen Olsdtr.18
                         år. Dorthea Beraugsdotter 39 år og sonen
                         Ole Johnsen 12 år .
Folketelling 1875:   Nils Olufsen f.1823,Randi Sivertsdtr.f.1823,Sivert Nilsen
                      f.1858,Ole Nilsen f.1867,Anne Nilsdotter f.1855.
                      (Kristine og Eli var fråverande)
                      Drengen Hans Olsen f.1852 og Henrik Olsen f.1855
 

          Skifter på Hoel,Lønset:
          1693 10/5 :Iver Olsen Hoel - Eli Roaldsdotter
                     Born:Roald,Ole,Knut,Henrik,Guri,Sigrid og Marit.
          1773 1/9  :Oluf Hansen,f.Liabø - Eli Olsdotter.
                     Born:Oluf 18 år og Hans 16 år.
          1801 2/9  :Ole Olufsen - Kjersti Olsdotter,f.Nysæter.
                     Born:Oluf 9 år,Eli 8 år,Ole d.e.5 år,Ole d.y.4 år.
          1809 24/9 :Kjersti Olsdotter enke i 1.ekteskap.
                     Dei same borna som ved skiftet i 1801.

                            Tinglese dokumenter.
1669 15/5 :Kongeskjøte på halvparten av Hoel til general von Hoven.
ca.1680   :Iver Olsen Hoel kjøper Hoel av general von Hoven.
1693 10/5 :Ved skifte etter Iver Olsen Hoel er eigedomen 2 øre og 6 marklaug
               vurdert til 54 mkl.og utlagt til enken og alle borna.
1746 31/1 :Skjøte frå skifteretten til Ole Roaldsen Hoel på 1 spand i Hoel
           for 133 Rdl.og 2 ort.(Ole Roaldsen hadde vist fram adkomstbrev)
1768 24:10:Ole Roaldsen Hoel skjøter 2 øre 6 mkl.i Hoel til Oluf Hansen Hoel.
1773 1/9  :Ved skifte etter Oluf Hansen er eigedomen vurdert for 212 Rdl,2 ort.
           og utlagt til enken og dei to sønene.(Oluf og Hans)
1784 21/8 :Skjøte frå Brøneld Hansen og Hans Olufsen til Ole Olufsen på 2 øre
           og 6 marklaug i Hoel for 310 Spd.
1784 21/8 :Skjøte frå Brøneld Hansen og Hans Olufsen til Ole Olufsen på 2 øre
           og 6 mkl.i Hoel for 310 Spd.
1787 21/8 :Ole Olufsen har ved contract forbundet seg til at hans stedfar
           Brøneld Hansen og kona Eli skal kunne bruke den halve gård så lenge
           dei lever.
1790 7/2  :Ole Olufsen gjev mor si Eli Olsdotter kår på livstid.
     22/2 :Hoel.2øre 6 mkl.derunder har eieren Ole Olufsen inngaaet
           contract med Hans Olsen Ørstad (frå Nerhoel?) om forsørging
           på livstiid.
1801 26/8 :Ved skifte etter Ole Olufsen er eigdomen vurdert til 550 Spd. og
           utlagt til enken og borna etter at 255 Rdl. er utlagt til Erik
               Larsen Liabø for gjeld.
1809 28/8 :Ved skifte etter Kristi Olsdotter er eigedomen vurdert til 700
           Rdl. og utlagt til eldste son Oluf Olsen mot at han betaler boets
           gjeld og utløsning til sine søsken.
1830 18/2 :Oluf Olsen Hoel låner 200 Rdl. hos prost Rønnau mot pant i Hoel.
1831 21/4 :Oluf Olsen Hoel låner 600 Spd. i Norges Bank.Avlest 31/1 1866.
1831 7/5  :Skylddelt ein parsell seld av Oluf Olsen til Erik Larsen Myren, av
             skyld 1/2 mkl,som frågår lnr.188 (samanslege med Ishol 4/11-1871.)
1836 20/8 :Oluf Olsen Hoel utsteder bygselseddel på Holshaugen til Ole
           Johnsen.
1844 14/3 :Forlik om Skogbruk i Dindalen.
1847 7/1  :Skjøte frå Oluf Olsen Hoel til sonen Nils Olufsen Hoel på lnr.744
           i forening med 5 mkl. i lnr.743 for 800 Spd.
1889 2O/6 :Skjøte frå Nils Olufsen til Olaf Nilsen for kr. 2.4OO,-
1899 15/2 :Husmannskontrakt til Jørgen Aalbu, Holsløkken.
1914 19/6 :Skjøte frå Olaf Nilsen til Nils Olafdren for kr.7.8OO,-.

          Desse har hatt skjøte på på 171/2 Hoel
               1660 von Hoven          1768-1784 Oluf Hansen Hoel
          1660-1693 Iver Olsen Hoel    1784-1801 Ole Olufsen Hoel
          1693-1710 Roald Iversen Hoel 1801-1847 Oluf Olsen Hoel
          1710-1746 Ole Iversen Hoel ? 1847-1882 Nils Olufsen Hoel
          1746-1768 Ole Roaldsen Hoel  1882-1914 Olaf Nilsen Hoel
 
 

Etter  dette finn eg at desse folka har budd eller er fødde på Hoel.
Olle E. Hoel                    1608      Sigrid

Koppskattelista i 1645 nemner at desse da budde på Hoel:
Erich med kona Thore og Peder Erichsen som truleg er son av desse.
Olle Hoel med kona Ingborre.
Hans Hoel og Sven eller Even Hansen, som vel da er son av Hans.

Landkommisjonens register i 1661 har: Olle, Gunder og Ingebrigt.

Eit tienderegister for 1664 har Haldor eller Halvor med sonen Ole,
f.164O, samt dei nemnde Gunder og Ingebrigt.

Iver Olsen Hoel                 1642 1692 Eli Roaldsdotter Kvalsjord
John Olsen Hoel                           Finn ikkje meir om han.

Roald Iversen Hoel              1665      Gjertrud Olsdotter         1670 1762
Guri Iversdotter Hoel           1667      Ole Olsen Vekve,ustigard   1651

Ole Iversen Hoel                1675 1745 Olaug Eriksdotter          1693 1773
Sigrid Iversdotter Hoel         1677 1760 (gift til Ishol)
Marit Iversdotter Hoel          1680 1762 John Eriksen Vognild       1674 1767
Knut Iversen Hoel               1683 1758 Marit Eriksdotter Dørum    1674 1768
Henrik Iversen Hoel (g.1718)    1689 1749 Ildri Olsdotter Vasli      1688 1756

Iver Roaldsen Hoel              1699
Ole Roaldsen Hoel d.e.          1704 1798 Gjertrud Halvorsd.Hindset  1702 1784
Ole Roaldsen Hoel d.y.g.1748    1713 1773 Marit Pedersdtr.Vekve      1725 1798
Eli Roaldsdotter Hoel           1714 1803 Lars Eriksen Storli        1715 1781

Eli Olsdtr.Hoel                 1712 1748 død i barselseng (Sjølvmord??)

Roald Iversen Hoel              1733      (konfirmert i 175O)

Iver Olsen Hoel                           Berit Olsdtr. Stølan,g.175O
Eli Olsdotter Hoel  (g.1755)    1736 1820 Oluf Hansen Liabø          1736 1773
Marit Olsdotter Hoel            1739
Erik Olsen Hoel                           Mari Olsdtr.Stekeren g.1756
Sigrid Olsdtr. Hoel                       barn i 1767 m/Hans Halvors.Nyhus
Roald Olsen Hoel                1748

Ole Olufsen Hoel                1756 1801 Kristi Olsdotter Nysæter   1765 1808
Hans Olufsen Hoel               1759      Reiste til Tustna ?
Gjertrud Olufsdotter Hoel       1762 1762

Hans Halvorsen Hoel             1767      Sigris son.må være død før 18O1

Ole Olsen Hoel                  1782 1782 Kan være på Hoel i Drivdalen

Tørris Olsen Hoel               1785 1785
Oluf Olsen Hoel                 1792 1869 Anne Nilsdtr. Uv f.Storli  1778 1832
Eli Olsdotter Hoel              1794 1865 Haldor Ingebrs.Vognild     1789 1833
Ole Olsen Hoel                  1796 1880 Ugift,døde i Uv.
Ole Olsen Hoel d.y.             1798 1835 Ildri Imangsmorken         1809 1886
Paul Olsen Hoel                 1801      død før 1808.
                 Deretter sjå Holsboka.
 
 

                                Hoelsdriva
                           Gnr. 171 bnr.3 av skm.0,o5
          Frådelt frå bnr. 2 ved skylddeling tgl.15/3 1918 og seld til
          advokat Gundersen,Oslo.
 

                                   H O E L
                        Gnr. 171 bnr. 4 Kvammen av skm.
          Frådelt frå bnr.2 ved skylddeling 22/7 1924 og seld til Gunder
          H.Løkken og seinare til Toralf H. Bøe.

Toralf H. Bøe                   1887 1963 Kristi Johnsdtr.Uvsbakk    1877 1963
sjå Holsboka side 146.
 
 

                                 H O E L
                                  Gnr.171 bnr.5 Skogly av skm.    .
          Frådelt frå bnr.2 ved skylddeling tgl. og seld til Haakon Skruen.

          Håkon Olsen Skruen       1911 1984 Klara Eriksdotr Nerhol 1918
          sjå Holsboka side 50.

                          H o e l s l ø k k j a.
                           Gnr. 171 bnr.6av skm.0,8o
          Frådelt frå bnr. 2 ved skylddeling tgl.16/12 1924 og seld til
          Olaf J.Hoel.
          Jørgen Hoel,f.Aalbu     1866 1946 Ragna Olufsdtr.Hoel       1874 1968

          Sjå Holsboka side 97.

                            L a r s e n g e t.
                          Gnr. 171 bnr.7 av skm.0,o6.
          Frådelt frå bnr.1 ved skylddeling tgl.25/9 1925 og seld til Halvor
          O.Ishol. Ikkje bebudd.
 
 

                             S v a r t e n g e t.
                          Gnr.171 bnr.8 av skm.0,ol
          Frådelt frå bnr.1 ved skylddeling tgl.1/11 1929 og seld til Ola H.
          Liabø. Ikkje bebudd.

                              L u e n g e t.
                         Gnr.171 bnr.9 av skm.0,o2
          Frådelt frå bnr.1 ved skylddeling tgl.28/11 1949 og seld til
          Alfred Horvli. Ikkje bebudd.

                                S k o g l y. II.
                        Gnr, 171 bnr. 10 av sakm.0,ol
          Frådelt frå bnr.2 ved skylddeling tgl.4/11 1951 og tillagt bnr.5
          Ikkje hus på bnr.10.
 
 

                                 H O E L
                    Gnr. 171 bnr. 1 Hoelsgrinda av skm.1,o6.
Gamalt martr.743,skyld 18 marklaug nytt matrnr. 161 lnr.186 a
skyld 2 ort og 4 shilling.
Ved matrikkelen i 1664 har dette bruk ei skyld på 18 mkl.Millom
1770 og 1838 er bruket oppdelt i 2 bruk,eit med 6 mkl.i skyld og
eit med 12 mkl.i skyld.Dei 6 mkl. er seinare tillagt Nerhol medan
12 mkl.utgjer det noverande gnr. 171 bnr.1.

Matrikklane:1696 18 mkl Lars,1702 Roald,1710 Ole Iversen,1725 Ole
            Iversen lnr.743.,1745 Ole Roaldsen,1760 Ole Evensen,
            1771 Even Olsen,
Folketelling i 1701:Da er Holsgrinda ikkje tatt med,men på Lønset
            er oppført Endre Larsen Hoel f.1686 og på Emang er opp-
            ført Erik Larsen Hoel f.1687.
Skattemanntal 1762:Der er oppført at lnr.743 eies av Ole Evensen
            Nysæter og at det ikkje bur folk på eigedomen.
Folketellinga 1801:Husmann Ole Johnsen Hoel 35 år og kona Marit
            Halvorsdotter 34 år,med sonen Ole 5 år og dottra
            Karen 4 år.
Folketellinga 1815:John Sivertsen 35 år,og Randi Larsdotter 34 år
            med borna Ingebrigt 7 år Karen 4 år,og Ildri 1 år.
            (Det må vera John Sivertsen Ishol g.m.Randi Kvalsjord)
Folketelling 1875:Ole Olsen Hoel f.1832 og kona Marit Olufsdotter
            f.1831 med borna Marit f.1855,Marit f.1862,Ildri f.
            1867, Kristine f.1870 og Ole f.1859.

Skifter på Hoelgrinda:
1835 15/12:Ole Olsen Hoel - Ildri Johannesdotter
           Born: Ole f.1832.

                              Tinglese dokumenter.
Vedkomande 18 mkl.
1728 29/4 :Kongeskjøte til Even Olsen Nysæter på Hoel frå 1/1 1728.
1734 26/4 :Kongeskjøte til Even Olsen Nysæter på 18 mkl for 57 Rdl.
             (her manglar vi overdraging frå Ole Evensen)
1738 30/12:Ole Iversen Hoel skjøter 18 mkl.i Hoel til sonen Erik Olsen.
           mot innløsning av gjeld 51 Rdl.hos dierktør Muller.
1740 29/11:Erik Olsen Hoel sel til Ole Roaldsen Hoel 18 mkl.i Hoel for 55 Rdl.
              (Så må Ole Evensen pånytt ha fått skjøte på eigedomen)
1775 1/4  :Kårkontrakt og forlik om kår frå Ole Evensen Nysæter til pike Eli
               Ingebrigtsdotter Mellem på livstiid.

Vedkomande 6 mkl.
1774 24/12:Ole Beraugsen Rate får skjøte på 6 mkl.m/byksel i Hoel frå Ole
           Evensen Nysæter for 98 Rdl.
1776 22/2 :Ole Evensen Nysæter har lyst odels-og løsningsrett på 6 mkl. i Hoel
1798 26/8 :Ole Beraugsen Rate sel 6 mkl.i Hoel til Beraug Olsen Rate for 140
           Rdl.
1807 9/6  :Ved skifte etter Beraug Olsen Rate er eigedomen utlagt til dottra
           Sigrid Beraugsdotter g.m.John Halvorsen Nordmjøen for 140 Rdl.
1826 23/2 :John Halvorsen Mjøen sel 6 mkl.i Hoel til Erik Johannesen Nerhol
           for 2OO Spd. Og sidan har denne delen tilhøyrd Nerhol.
1780 ca.  :Ole Evensen Nysæter får skjøte på 5 (?) mkl i Hoel frå Hans
           Hansen Nerhoel for 110 Rdl.(Desse 5 mkl. finn eg ikkje meir om
           før Nils Olufsen får skjøte på dei saman med 2 øre og 6 mkl.
           i Hoel i 1847.
 

Vedkomande 12 mkl.
1775 1/4  :Ole Evensen kårkontrakt til pike Eli Ingebrgtsdotter Mellem på
               livstid. Det gjeld 18 mkl.
1790       Ole Evensen pantsetter eigedomen for lån hos soknepresten i Sunndal.
1805 1O/6 :Ved skifte etter Ole Evensen Nysæter er 12 mkl.i Hoel utlagt til
           borna, som deretter gav skjøte til broren Ole Olsen Sneve.

1805 25/8 :Ole Olsen Sneve pantsetter 12 mkl.i Hoel til pastor Ole Tønder
           i Sunndal for lån 100 Rdl.
1819 6/12 :Ole Olsen Sneve sel 12 mkl. i Hoel til Ole Olufsen Hoel for 350
           Rdl.
1832 3O/8 :Frådelt ein del på 7 mkl.Ny skyld 0.2 mark. Kva dette er har eg
           ikkje funne ut.
1835 15/12:På skifte etter Ole Olsen er eigedomen utlagt til enka Ildri og
           sonen Ole Olsen.
1860 9/1  :Ole Olufsen Hoel skjøter til Ole Olsen Hoel og mora Ildri Johannes-
           dotter eiendommen for 350 Spd.Det gjelder 12 mkl.
same dag  :Skjøte frå Ildri Johannessdotter og mannen Arnt Olsen,f.Bøe til Ole
           Olsen d.y.
1936 2/9  :Skjøteattest om at eigedomen ved arv er overgått til Ildri Olsdtr.
           Horvli frå foreldra Ole Olsen Hoel og kona Marit

Desse folka må ha hatt tilhald på Holsgrinden:
Lars i 1696 (kanskje husmann)

Endre Larsen Hoel               1686      På Lønset i 1701
Erik Larsen Hoel                1687      På Emang i 1701

Ole Iversen Hoel                1675 1745 Olaug Eriksdotter          1693 1773

Marit Olsdotter Hoel            1712 1779 Ole Gundersen Liabø        1715 1750
Eli Olsdotteer Hoel             1712 1748 Ugift
Iver Olsen Hoel (g.1750)                  Brit Olsdtr. Stølan
Erik Olsen Hoel (g.1754)                  Marit Olsdtr. Stekeren     1726 1798

        (Det går ikkje fram at Ole Evensen Nysæter eller Ole Olsen
         Sneve nokon gong budde i Holsgrinden)

Ole Olsen Hoel d.y.             1798 1835 Ildri Imangsmorken         1809 1887
Even Olsen Hoel,Nysæter         17O5 1775

Ole Olsen Hoel                  1832 1910 Marit Olufsdtr.Bøe         1831 1924
   (sjå vidare i Holsboka side 237 m.fl.)
 

Namn på Hoel som eg ikkje finn samanheng med andre med:
Ole Olufsen Hoel døde 1757 96 år gl. altså fødd i 1661.Han er truleg bror av
Iver Olsen Hoel f.1643, men har ikkje funne noko sikkert om dette og har hel-
ler ikkje funne noko anna om han.

Anne Olsdotter Hoel f.1754 døde i 1772 18 år gamal.
Ole Johnsen Hoel konfirmert i 1758,18 år gl,f.1740
Guro Johnsdtr.Hoel,konfirmert i 1762,f.1745
Desse kan også vera frå Hoel i Drivdalen.

Sigrid Olsdotter Hoel f.ca. 1740, kan vera dotter av Ole Iversen Hoel
Sigrid hadde i 1767 sonen Halvor Hansen Hoel med Hans Halvorsen Nyhus som
drukna i Driva i 1772.
 
 
 
 

Husmenn eller bøgslarar under Hoel.
I 1773 har Ole Johnsen Hoel fått bygselseddel på 12 mkl i Hoel frå biskob
Gunnerus. I 1781 har så Ole Johnsen fått skjøte på 15 (?) mkl.i Hoel frå
Oluf Johnsen og fleire søsken.

Hoelshaugen,husmannsplass under Hoel.
Erik Hansen Hoel er husmann på Hoel i 1701.
Inger Evensdotter Holshaug      1688 1780 (mogleg gift med Hans Hoel)

Ole Hansen Holshaug                       i 1749 barn m/Marit T.Viken.
Hans Olsen Hoel hadde i 1749 m/Ingeborg Sliper dottra
Brynhild Hansdotter Sliper.     1749

Randi Hansdotter Hoelshaug      1734      konfirmert i 1752.

Anne Johnsdotter Holshaug    ca.1760
Ole Johnsen Holshaug            1766 1819 Marit Haldorsdotter       1767 1839

Gjertrud Olsdotter Holshaugen   1787      Anders Simonsen Storli     1777 1861
Ole Olsen Holshaug              1796 1805 (skreve som Holshytten i kyrkjeboka).
Karen Olsdtr.Hoelshaug g.1817   1797 1878 Paul Olsen Svartøyen       1789 1876

I 1875 budde på Holsgrinden
Arnt Olsen Bøe,kårmann          1793 188O Ildri Johannesolsdtr.           1809
 

        Desse må ha hatt skjøte på Hoelsgrinda.
        18 makrlag:
        1734-     Ole Evensen Nysæter  1740-      Ole Roaldsen Hoel d.e.
            -1738 Ole Iversen Hoel      ?     ?   Even Olsen Nysæter

        6 marklaug:
            -1774 Even Olsen Nysæter   1807-1826 Sigrid Beraugsdtr Rate
        1774-1798 Ole Beraugsen Rate   1826      Erik Nerhol
        1798-1807 Beraug Olsen Rate

        12 marklag:
        1774-1805 Ole Evensen Nysæter  1860- ?   Ole Olsen Hoel
        1805-1819 Ole Olsen Sneve      1936-     Ildri Olsdtr. Horvli
        1819-1860 Ole Olufsen Hoel         -     Ola I Horvli
                                           -     Erik A. Nerhol
 

                   Hoel på Lønset.
       Etter Ryggs "Norske gårdsnavne" tyder namnet Hoel (Hol) ein
haug som ligg avsides til og er rundaktig.Same tydning har også
gardnamnet Hvall (Kvål eller Kvåle).Det passar godt på gammelgard-
en på Hoel.
       Namnet har vore skreve Hole, Hool, Holen og Hoel.
          Det eldste eg har funne om Hoelsgarden er i Aslak Bolts
Jordebog frå 1434-1448. Der står det:"Af Hole som ligger mellem
Sundallen og Opdallen som Erlend Halvardson gav erkebiskopen,
bygslet for 2 Spand"
       Det første ein finn om brukarane, eller bygslarane på Hoel
er i koppskattelista frå 1645.Det må da ha vore 4 gardpartar på
Hoel for desse er nemnde som skattebetalarar:
        I           II                III            IV
Ole E (I) Hoel  Erik Hoel og     Ole O.Hoel og  Hans Hoel og kona
og kona Sigrid  kona Tore        kona Ingeborg  Son;Sven.
son: John       son:Peder                       Tenarar:Ole og
Tenar Anne      Tenarar:Asbiørn                 Marit.
                og Marit
       Hoel var da krongods, d.v.s. at kongen,eller kyrkja,var
eigar og at desse 4 partane da betalte bygselavgift til eigaren.
         I "Odelsgodsfortegnelsen" frå 1647 er Hol ikkje nemnd og
såleis ikkje i sjølveige.
       Landkommisjonen frå 1661 nemner 3 bygslarar på Hoel. Olle,
Gunder og Ingebrigt, som betaler bygselsavgift av 1 Spand til
kongen. og for 1 quernsted 12 skilling og for 1 husmann 1/2 daler.

       Preste-og skattemanntalet 1664-1665 nemner berre ein gard
på Hoel med Oluf f.16O8 og sonen Iver Olsen f.1642.Andre personar
er ikkje nemnde i dette manntalet.Tiendemanntalet for 1666 fører
op Oluf Hoel med 7 tønner og 1 skjeppe.
       Inge Mull har skaffa bestefar,Olaf Nilsen Hoel (f.1850),
slike opplysningar om Hoel:"Den eldste bruker som en har noenlunde
rede på er Oluf Evensen f.ca.16O2 (etter mine notater 16O8).Han
hadde sønnen Iver Olsen,som vistnok var bruker av 2 parter.Den ene
av disse parter selger kongen 15/5 1669 til general Reinholdt
von Hoven, og Iver Olsen fortsetter som leilending (bygsler) under
ham.Ca.1663-64 ble Iver gift med Eli Roaldsdatter Kvalsjord,og da
ho var rik,kjøpte dei gaarden av von Hoven.Iver Olsen er da vist-
nok den første selveier på Hoel." Dette stemmer så nokonlunde med
det eg har kome fram til.
         Aslak Bolt nemner 2 spand.Den halvparten som Reinholt von
Hoven selde til Iver Olsen Hoel utgjorde 1 Spand,den noverande
Holsgarden saman med Holsgrinda + 6 mkl. som er tillagt Nerhol.
Kvar har det så vorte av det andre Spannet ? (72 Mkl) Eg har ikkje
funne ut noko sikkert om dette, men legg ein saman skylda i 1661
for dei to Nerholgardane og Rate, gardar som grensar inn til Hoel,
kjem ein fram til at det blir 2,5 mkl under 1 Spann. Dette er
gjetning frå mi side.
        Det må vera familien som i 1645 er oppført under romertal
I som vart eigarar på Hoel.I den fotokopien av koppskattelista
som finns på Statsarkivet i Trondheim er millombokstaven skreve
slik at folka på statsarkivet seier at det like godt kan vera I
som E som er millombokstaven. Det stemmer best at det er I for
sonen heitter Iver. Evennamnet går ikkje att på Hoel før i 1734
da Ole Evensen
Nysæter fekk kongeskjøte på Holsgrinda.
 

        Iver Olsen Hoel døydde allt i 1692 og den 10. mai 1693 er
det halde offentleg skifte i dødsbuet.Der er opprekna alle dalev-
ande borna til Eli og Iver, nemleg 1 Roald som da var myndig, 2
Ole, 3 Knud, 4 Henrik, og døttrene Guru som da var gift utan at det
er oppgjeve nokon mann,Sigrid og Marit. Ved folketellinga i 17O1
får ein greie på alderen på karane (omfattar berre menn over 2 år).
Det er Roald Iversen 36 år, Ole Iversen 26 år,Knud Iversen 18 år,
og Hendrik Iversen 12 år. Desutan hadde Roald sonen Iver Roaldsen
f. 1699.
        Av skifteprotokollane og dødsfallene finn ein at kvinnene
er gifte slik: 1 Guri Iversdotter er gift med Ole Olsen Ustigard
på  Vekve, og dei hadde første barnet sitt i 1687 så Guri må vera
fødd ca.1667. 2 Marit Iversdotter vart gift med John Eriksen
Vognild, ytre ustigard. Ho døde i 1762 og da oppgjeve å vera 82
år gl. altså fødd 1680. 3 Sigrid Iversdotter finn eg ikkje heilt
sikre opplys- ningar om, men ei Sigrid Iversdotter Ishol døde i
1760 som enke 81 år gl. Altså fødd 1679 som kan stemme.
        Etter dette hadde Eli og Roald desse borna:1 Roald f.1665,
2 Guri f.ca.1667, 3 Ole f.1675, 4 Sigrid f.1679, 5 Marit f. 1680,
6 Knud f.1683 og 7 Hendrik f. 1689. Det er vel også truleg at det
har vore fleire born, men at desse er døde før 1692.
        Nevnte skifte i 1793 viser at det da var velstand på Hoel.
Det er registrert verdiar for 180 rdl.2 ort og 4 shilling, og ei
gjeld på 44 rdl.og 2 ort. Det er registrert 2 sølvbelter og 3 sølv-
skjeer til eit verde av tilsaman 18 rdl. 11 kyr,4 kviger, 7 kalvar
3 oksar,3 hestar og 1 hingst, og 12 sauer vurdert tilsaman for 6O
rdl.Sengklærne er høgt vurdert,m.a.er ein bost sett i same verdi
som den beste kua,nemleg 3 rdl. Sjølve garden vart vurdert til 54
rdl. og utlagt til enka med det halve og den andre halvparten
fordelt på alle borna med dubbelt så mye på gutane som på jentene
og 1 rdl. meir på Roald enn på dei andre gutane.
           Det vart vel da helst til at enka satt med heile garden
til Roald vart så vaksen, eller gifta seg, og da overtok sjølve
garden og enka med dei andre borna flytta til det som seinare vart
kalla for Holsgrinda. Ved folketellinga i 1701 er Roald oppført
på hovedbruket medan enka og dei andre gutane er oppført på Hoels-
grinda. Seinare må Ole Iversen ha overtatt garden.Det ser ikkje
ut til at det har vore utferda noko skjøte før Ole Roaldsen Hoel d.e.
i 1746 møtte opp i retten med kvitteringar for at han hadde betalt
gjelda 133 rdl og 2 shilling på garden for foreldra sine og såleis
fått utferda skjøte av rette. Sjå avskrift av dette skjøtet.
           Denne Ole Roaldsen må da vere son av Roald Iversen som
eg ikkje finn meir om etter folketellinga i 1701 og eg har funne
at han hadde desse søskena;1 Eli Roaldsdtr.f.1696, 2 Iver Roaldsen
f.1699,3 Ole Roaldsen d.y.f.1713 og 4 Eli Roaldsdtr. f. 1714. Det
kan da sjølvsagt ha vore fleire born innimillom desse.(Kyrkjeboka
for dette tidsrommet er borte)
           Nemnde Eli Roaldsdotter f.1696 vart i 1746 som enke
gift med enkemann Lars Toresen Stubban og dei fekk to born, 1
Ingeborg f.1746 og 2 John f. 1748. Eli var truleg først gift med
ein John Olsen Hoel (eller Ishol) og etter bestefars notater hadde
Eli og John budd i mange år i Folldalen i Trollheimen, der
Trollheimshytta no er. Dei skulle ha med seg ei ku da dei flytta
dit, og da dei etter 12 år flytta fram i bygda att hadde dei 12 kyr.
Dette etter eit sagn som bestefar hadde høyrt i Storlidalen).

           Ole Roaldsen d.e. vart gift med Gjertrud Halvorsdotter
Hindset.Etter nemnde skjøte frå 1746 hadde Ole Roaldsen to døttre.
Den eine var Eli Olsdotter f. 1736 g.m. Oluf Hansen Liabø. Den
andre må være Marit Olsdotter f.1739 d.1798.I 178O døydde ei Kari
Roaldsdotter Hoel 78 år gamal,f.17O2,men om ho var frå Hoel på Lønset
eller frå Hoel i Drivdalen kan eg ikkje fastslå.
            Ole Roaldsen d.y. f.1713 vart gift med Marit Peders-
dotter Vekve,dotter av søskenbarnet hans, slik at dei måtte ha
kongebrev for å kunne gifte seg.Dei budde i Lien (Båggåstronda)
og hadde mange born. Ole drukna i Tingvoldfjorden i 1773.
            Eli Roaldsdotter d.y. f. 1714 vart i 1745 gift med
Lars Eriksen Storli og budde der. Dei fekk to søner som båe heitte
Erik Larsen, og sonen Roald Larsen f. 1755.Den eldste Eriken
overtok Storli,den yngre Eriken vart gift til Liabø med enka der
men dei hadde ikkje born saman. Roald Larsen vart gift til
Slipersæter og hadde mange born.
            Eli Olsdotter f.1736, vart gift med Oluf Hansen
Liab,og overtok Hoelsgarden i 1768. Dei fekk 3 born:
1 Ole Olufsen f.1757.
2 Hans Olufsen f.1759,som flytta til Tustna,ikkje meir om han.
3 Gjertrud Olsdotter f.1761,død 1762.
            Oluf Hansen Hoel f.Liabø gift i 1757,døydde allt i
1773 og det vart pånytt halde skifte, den 1. september i 1773,på
Hoel . Da vart garden vurdert til 212 rdl og 2 ort,altså 4 dobbla
frå 1693 medan dei beste kyrne er vurdert for 5 rdl. altså knapt
dobbel verdi mot i 1693. Dødsbuets netto verdi var da 378 Rdl.
Garden vart da utlagt med det halve til enka, Eli Olsdotter, og
med ein fjerdedel på kvar av dei to sønene Oluf og Hans.Etter som
gutane da var berre 16 og 14 år gamle, vart vel enka sittande med
garden åleine. Ho vart oppattgift to gonger men hadde ikkje born
i dei nye ekteskapa
            I 1784 fekk Ole Olufsen skjøte på garden frå stedfaren
og broren Hans, som vistnok i desse tidene flytta til Tustna.Ole
Olufsen drukna i Veggavatnet våren 1801. Han var gift med Kristi
Olsdotter Nysæter. Skifte vart halde  2. september 1801 og garden
vart vurdert for 550 Spd. Det var registrert 13 kyr 3 hester 2O
vaksne sauer og 20 lam. Dødsbuets netto formue var da 427 Spd, 2
ort og 6 shilling. Garden vart utlagt til enka med 1/2 part og
den andre halvparten fordelt på 3 gutar med kvar sin brodelodd og
dottra men ein søsterlodd.Ole Olufsen og Kristi Olsdotter hadde
4 born,3 gutar og ei jente.
              Kristi sat vel med garden til ho døde i 1808.Da var
eldste guten Oluf Olsen berre 16 år.På skifte etter Kristi vart
garden vurdert til 700 Rdl. men det er anført i skiftet at gardens
verdi er langt høgare. Dødsbuets netto verdi er 549 rdl 1 ort og
1 shilling.Merkeleg nok er det registrert berr 6 kyr a 8 rdl.men
4 oksar, 2 kviger, 3 kalvar, 17 sauer inkl, lam, 3 hestar.
(Det er vel sannsynleg at dei kyrne som ved skiftet i 18O1 var
utlagt til borna ikkje er medtatt ved skiftet i 18O8)
Dei nemnde sølvbeltene og sølvskjeiene frå skiftet i 1693 gaar
ikkje att i dei seinare skifta. Derimot ein stor kopparkjele med
vegt 1 bismerpund er med i alle skifta. Ved skiftet i 1809 er den
oppført som "1 gamel ubrugelig brændevinskjedel med hat og piber,
vejer tilsammen 1 Bismerpund og 6 marker" vurdert til 3 rdl og 3
ort. Det er halde auksjon over lausøret
             Eldste sonen fekk utlagt odelgarden mot å forsørge
søskena sine i deira livstid. Han vart 18 år gamal gift med enkja
etter Tørris Uv. Anne Nilsdotter f. Storli og som var 14 år eldre
enn han.
                Slekta derette sjå Hoelsboka.

Så kan vi sjå litt på kvar det vart av dei andre borna til Iver
Olsen og Eli Roaldsdotter.
I Guri Iversdotter må ha vorte gift med Ole Olsen ustigard Vekve
for der går både Iver og Eli namna att i mange ledd.(Det stemmer
ikkje at Eli og Iver skulle kalle første dottra si for Guri, da
dei to bestemødrene heitte Sigrid og Marit.Desse namna kjem att
på dei andre døttrene.Kanskje Iver først hadde vore gift med ei
som heitte Guri,og som var død utan barn, for det var fast skikk
å kalle att avdød ektemake når ein fekk born i nytt ekteskap)
      Guri må vera fødd kring 1665 for ho fekk første barnet sitt
i 1687,1 sonen Ole Olsen.Dei fekk desutan desse borna:2 Gjertrud
f.ca. 1695,d.1767,3.Eli f.1697,1767,4 Gunder f.1698 d.1765,5 Iver
f.1699, d.1759,6 John f.17OO d.178O,7.Guro f.17O1 d.1775,
8.Marit f.17O5,d.1783 og 9 Ingeborg f.17O7 d.178O.
Nr,1 Ole Olsen f. 1687 finn vi ikkje att seinare.
Nr.2 Gjertrud,hadde i 1725 dottra Marit med Peder Arntsen
Vekve,sei- nare gift til Torve,og dette barnet må vera Marit
Pedersdotter f. 1725 d.1798, og som måtte ha kongebrev for å kunne
gifte seg med søskenbarnet til mor si, Ole Roaldsen Hoel d.y. f.
1713 drukna i Tingvoldfjordden i 1773. Gjertrud og Ole hadde 9
born, 1 Roald f. 1748 g.1794 d.1817m/Gjertrud Torgersdotter Skorem
f. 1756. Dei var i 1801 busett på ein husmannsplass under
Mjøen.Han er da titulert som husmann og skinnfellmaker.Dei hadde
ikkje born i 18O1.2 Gjertrud
f.1749,finn ikkje meir om henne.Ho levde ikkje i Oppdal i 18O1.3
Gjertrud f.1751 d.1836 som Lien,ugift og var da på lægd oppført
som 82 år gl. f.1754?.4 Guri f.1754. Ho hadde 3 born utanfor
ekteskap: a.dottra Marit m/Ole Svendsen Fossem i 1779, b.sonen Ole
Sivertsen m/Sivert K.Fagerhaug i 1792 og c.Ole Christoffersen
f.1797 og denne guten levde saman med mora i Bakk i 18O1. 5 Eli
f.1756 d.1758, 6 Eli f.1758. Er ikkje sikker på om det er ho som
er gift med Ole Pedersen busett på Haugen under Sliper i 18O1.Dei
hadde m.a. sonen Roald. 7 Marit f.1760.Finn ikkje meir om henne.8
Brit f. 1763 d. 1828 g.m. Halvor Johnsen Uv. Dei hadde 3 born. 9
Iver f.1766.Finn ikkje meir om han.Levde ikkje i Oppdal i 18O1.Da
Ole Roaldsen d.y. døydde vart det halde skifte etter honom, men
dødsbuet var falitt. Han hadde fått bygsel på 1 mål jord av garden
til Svend Hoksen i Lien. Det er vel truleg at borna vart bortsette
etter at Ole Roaldsen døde i 1773
Nr,3 Eli Olsdotter f.1697 d.1767 Finn ikkje meir om henne.Nr.4
Iver Olsen Vekve f.1699 d.1759 g.m. Randi Olsdotter Rate, eller Utem
og vart brukarar på Vekve.Dei hadde borna 1 Guri f.1729 g.m.Haagen
Ingebrigtsen Torve og busett på Torve, Barnlaus. 2 Ildri
Iversdotter f.1737 d.1783. ugift men hadde med Ole Eriksen Gulaker
sonen Ole Olsen f.1766. 3 Eli Iversdtr.f.1739 d.1808 gift 2
gonger, først med Arnt Johnsen Ålbuhagen som døde i 1765 og så med
Peder Larsen Vognild. Dei byksla Bakk og budde der.
Eli Olsdotter,gift til Bakk, kom bort og det er i kyrkjeboka
innført under 22 de.juli 1808:"anmeldes av manden Aren Pedersen
Bak,at hans Moder Elen Iversdotter Bach,72 år gammel 19 de dennes
var borteblev- en, da efter Sigende man samme Aften skulle have
seet hende sittende ved bredden av Dørrumsåen.I mellemløbende Dage
var af flere Mennes- ker anstillet meget Søgen og skulle fremdeles
fortsættes".Og i 1809 er innført" -følgende:Da nogle menneskebeen
i foregaaende Dage ere fundne i Fjeldet tilliigemed nogle Klæder
som efter al sannsynlighed være af den i forige Aar gamle kone
Elen Iversdotter Back,om hvilken findes antegnelse i samme
Kirkebog under 22 de Juli 18O8, blev dette fundne av stedets
lensmand besiktiget hvis skriftlige derom av 2.den dennes beroer
i Archivets Attestsamling hvorefter beenene 4 de ds. nedgravedes
i et hjørne af Kirkegaarden af manden Arnt Tørve."
Erik Engelsjord skriv at det vart trudd at ho var tatt av bjørn
og bore opp i Fjellet, i nærheten av Kvamspiken,fleire km. frå
Dørrems- elva.
4 Ole Iversen f.1741 d.1783 g.m.Anne Johnsdotter Dørum og dei
over- tok ustigard Vekve i 1776. 5 Kari Iversdotter Vekve f.1745
d. 175O.
e.John Olsen Vekve f.17OO d.178O g.m.Randi Olsdotter f.1707 d.1779
f.Marit Olsdtr.Vekve f.17O5 d.1783.g.Guro Olsdotter Vekve f.17O1,d
d.1773.h,Ingeborg Olsdotter Vekve f.17O7 d.178O.
     Same slekta budde så i ustigard Vekve til Ivar Olsen Vekve
f. 1899 døde i 1984.

     Så attende til Iver Olsen og Eli Roaldsdotters barn:
nr.3.Ole Iversen Hoel f.1675 d.1745,gift med ei som heitte Olaug
Eriksdotter f.1693 d.1773.Kvar ho var ifrå har eg ikkje funne ut
Dei må ha vore eigarar  av Holsgrinda, for i 1738 har Ole Iversen
skreve skjøte til sonen Erik Olsen. Ole og Olaug Eriksdotter må
ha hatt desse borna: a Erik Olsen, gift i 1754 med Marit Olsdotter
Stekeren og busett i Hulberget. b. Iver Olsen Hoel gift 1750 med
Brit Olsdotter Stølan ( I kyrkjeboka er innført "givet dem attest
til Sunndalen") c.Marit Olsdotter Hoel f. 1712 d. 1779 g.m. Ole
Gundersen Liabø og busett på Liabø. d.Eli Olsdotter Hoel f. 1712
d.1748.I kyrkjeboka er innført at ho døde på barselseng saman med
eit uekte barn og at ho ikkje er gravfesta. Det tyder på
sjølvmord. Barnefaren er oppgjeven til å vera John Eriksen Sliper.
Dertil har eg funne desse som kan vera borna til Ole og Olaug: e
Hans Olsen Hoel f. 1725, f.Anne Olsdotter f.1729 og g Ingeborg
Olsdotter f.  1730. Og så ei Sigrid Olsdotter Hoel som i 1764 var
dåpsvitne ved   Marit Roaldsdotter Eggens dåp.

    4.Sigrid Iversdotter f.ca.1679 d.1760.Har ikkje funne anna om
henne enn at Sigrid Iversdotter Ishol er død i 1760 som enke og
81 år gamal.Eg har også funne ein kontrakt oppretta i Ishol den
26. juni 1751 der slektningane av Halvor Johnsen Ishoel påtek seg
å forsørge Halvor Johnsen Ishol og hans bedagelige kvinde på
livstid mot at dei får all arv etter dei. Halvor var barnlaus
og må vel da være død før Sigrid,dersom det er ho som er hans
bedagelige kvinde
Dette er vel også grunnen til at det ikkje er halde noko skifte
korkje etter Halvor eller Sigrid. (sjå elles under Knut I Hoel.)

     5.Marit Iversdotter f.168O d.1762 gift med John Eriksen
Vognild i ustigard Vognild og dei har stor etterslekt der. Dei
hadde 4 born som voks opp: a.Erik Johnsen d.1762. Han var gift med
Kari Knuts- dotter Sneve og dei overtok Vognildsgarden. b.Eli
Johnsdotter f. 1720 d.1759 g.m. Arnfinn Olsen Stekeren. c.Marit
Johnsdotter f.1721 d. 1797 g.m. John Eriksen Håkkersløkken.
d.Dordi Johnsdotter f.1729 d.18O7 g.1 m/.Ole Ingebrigtsen Mellem,
2 m/Ellef Ellefsen Jamtsæter
f.1740 d.1816.Ho hadde 5 born tilsaman i dei to ekteskapa.

     6.Knut Ingebrigtsen f.1683 d.1758. Det må vera han som vart
gift med Marit Eriksdotter Dørum, ustigard f.1674 d.1768. Dei
hadde minst to døttre: a Thor Knutsdotter f.1710 d. 1813 (103 år)
Denne Thor skulle være særdeles stor og kraftig ho var over 1OO
kg og tok del med karene i all slags tungarbeide. Ho vart gift
ca.1738 med Ingebrigt Olsen Dørum f. 1709 d. 1782. Dei hadde sonen
Knut som døde som barn, og 3 døttre, den tredje vart kalla Eli,
oppkalla etter bestemora Eli Roaldsdotter. Denne tredje dottra Eli
f.1757 d.18O1 vart gift til Tilset med Arnt Eriksen Tilset.

 .Eli Knutsdotter f. 1717 d.18O6 g. m/Rasmus Olsen Vekve f.1710
d.1785. Dei kjøpte i 1745 garden Ishol av John Halvorsen og budde
i Ishol til dei døde barnlause. Handelen har truleg kome istand
grunna slektskap, cfr. Sigrid Iversdotter. Eit bevis på slektskap
finn vi også i at i det skjøtet som Ole Roaldsen Hoel fekk i 1746,
er opp- rekna folk som har fått utbetalt av Ole Roaldsen Hoel m.a.
Knut Dørum, John Eriksen Vognild og Halvor Ishol,alle nære
slektningar.

      7.Henrik Iversen f. 1689 d. 1748 gift med gardjenta Ildri
Estensdotter i Baardsgarden f. 1688 d. 1756. Dei fekk borna:
a Esten f.1718 i Baardsgarden, b.Iver f.1726 gift til Øversliper,
c.Olaug gift til utigard Vindal, og d Ole g. m. ei gardjente på
Torve,og sonen deira,Henrik Olsen vart gift til Aangarden, så
Henriknamnet i Baardsgarden og Aangarden er opprinneleg kome frå
Hoel (men korleis det er kome til Hoel veit eg ikkje)



Utarbeidd av ©: Ivar Hoel og tilrettelagt for internett av Ola Ø. Hoel