S Æ T E eller S L E T T E
Gamalt matr.nr. 732 med skyld 12 mkl. Nytt matr.nr. 161.Dette  må væra
noverande Gravundsæter. Frå ca.1830 er garden samanslege med Gravaune
og utgått av matrikkelen Første gong eg finn garden nemnd er i
Landkommisjonens register 1661 og der er den oppført som Setter med 12
mkl i skyld og er kongens bøksel med Endre som bykslar.(Gravaune er
også kongens bygsel i 1661 men med Iver som bykslar).Etter plasseringa
i registret må eigedopmen ha ligge på sørvestsida av Vindøla millom
Horvli og Løkksæter. Garden er på same måte som Bierckli oppført som
ikke identifisert Garden er ikkje med i Koppskattelista for 1645 eller
i folketellinga for 17O1. Derimot er den oppført i preste-og
skattemanntalet for 1664-1665 og plassert millom Horvli og Bierckli.
             I den handskrevne matrikkelen for 1696 er eigedomen
"Slette" (skal vel helst vera "Setter") oppført med 12 mkl.ved sida av
Stubban og same eigar som Gravaune (Halvor og  Johannes) og ved alle
seinare matrikklar har eigedomen same eigar som Gravaune. I den første
trykkte matrik- kelen frå 1838 er garden inkludert i Gravaune med 12
mkl og ved seinare matrikklar er "Sæte" ikkje oppført som eigen
eigedom.
             I skattemanntalet for 1762 er eigedomen oppført som
Stengrim Gravaunes alvsgard,men ingen folk utanom tenestejentene
Ingeborg Larsdtr. og inderst Eli Arntsdotter Nyhus.
            I "Oppdalingen" for 1954 har Albert Olafson fleire
artikklar om gamle dokument på Gravaune og eg tek med her:

169O 13/1O:Tingsvitne.Sorenskrivar Skaanlund og 8 lagrettem.gjer vitterleg
           at Halvor Sette møtte for retten  og klaga over at garden hans
           var øydelagt av stein-og snøras.For eit års tid sidan misste 2
           hestar,6 geiter og 2 sauer,desutan 3 hus og allt kornet på låven.
1691 15/6 :Halvor Sette ynskjer at det skal haldast takst på den skaden som
        stein og snøras  har gjort på garden hans.Landskylda må settast
           ned om han skal greie seg på garden.
1691 19/6 :Stiftsamtmann Hans Kaas gjev sorenskrivar Skaanlund pålegg om at
           han saman med fogden Jacob Clemmetsen skal halde takst over skaden
           på garden til Halvor Sette.
1691 1/8  :Sorenskrivar Skaanlund,lensmann Ole Rise og 5 lagrettemenn i Opdal
           held takst over skaden og finn at landskyløda bør settast ned frå
         12 mkl til 6 mkl.
1716 3/3  :Fogden i Orkdal og Gauldal  bykslar garden Sette til Halvor Joh=
           annesen Grafuen.Sette skylder 12 mkl.til kongen.Far til Halvor,
           Johannes Halvorsen,er ikkje før til å gjere militærteneste.
1719 11/7 :Halvor Johannessen får fornya bygselen på Sette.
1728 29/4 :Kongen gjev samtykke i at Halvor Johnsen Gravund får kjøpe Sette.
1728 21/6 :Kvittering til Halvor Johansen Gravaune for å ha betat 14 Rigs=
           daller til Kongen for garden Sette.
1736 7/8  :Kongeskjøte til Halvor Johnsen Grafaune på 12 mkl.landskyld med
           bygsel i Sætte. Betaling 14 Rdl.og 48 shilling.

I 1762, skattemanntalet, er oppført som Stengrim Gravaunets avlsgard.Men
ingen folk utanom tenestejenta Ingeborg Larsdotter Stubban og inderst Eli
Arntsdotter Nyhus.  (Seinare har eg funne i "Bøgda vår" for 1996 at Ingeborg
var fødd i 1746 og var gift med Jon Veggen f.1751
 
 

                         N e r h o l s æ t e r.
                     Gnr, 152 bnr. 1 av skm. O,8o
Gamalt matr.nr.741 med skyld 6 mkl. Nytt matr.nr.141 lnr. 162 med
skyld 15 shilling, revidert 8O øre.
Eg finn garden nemnd første gong i matrikkelen for 1838 og den er da
plassert millom Horvli og Løksæter og med Ole  Iversen (Sliper?) som
eigar. I matrikkelen for 188O er det John Larsen Sliper som er eigar
av 8O øre i 152/1 Nerholen (Sæter i Storlidalen).
Millom tinglyste dokument på Utesto Sliper (148/1) finn eg at i 1731
den 2O/?, fekk Ingebrigt Larsen Sliper Skjøte på 6 mkl.i nr. nr.741
Nerholsæter frå bror sin Hans Larsen Sliper på Nerhoel.  I 1815 fekk
Ole Larsen Sliper skjøte frå far sin Lars Ingebrigtsen på 6 mkl.i
nr.741 lnr.162 som er det seinare gnr. 152 bnr.1. Eigedomen er da
kalla Nerholen og har ei skyld på 15 shilling.
Eigedomen har såleis vore underbruk av utesto Sliper, og da John
Larsen Sliper i 1957 kjøpte naboeigedomen Samdvold, gnr.15O bnr.
2,vart Nerholsæter samanlagt med Sandvold og Slipesæter og sidan er
desse bruka drevne som eit bruk av eigaren av Sandvold.

           Desse  har hatt tinglyst skjøte på Nerholsæter:
               -1731 Hans Larsen           1856-1882 John Larsen

           1731-1760 Ingebrigt Larsen      1882-1957 Lars Johnsen
           176O-18OO Lars Ingebrigtsen     1957-1960 John Larsen
           18OO-1834 Ole Larsen            1960-     Lars Johnsen
           1834-1865 Lars Olsen

           Har ikkje funne at det har budd folk på eigedomen.
 
 

                  B I E R C K L I
          Denne garden er i koppskattelista for 1645 ført opp
millom "Halve Gaarde" og står etter Stenboeng og føre Stølan og
og der er også Løksæter oppført. Etter dette er det vanskeleg å
plassere garden. Den er ikkje oppført med noko nr. eller
skyldmark.I Landkommisjonens register frå 1661 er garden oppført
med 6 mkl.i landskyld og den er da plassert ved sida av Løksæter
millom Horvli og Slipersæter.Den er oppført som Kongens Bøksel og
har 1 kvernsted.I registret for Landkommisjonen er Bierckli oppført
som "ikke identifisert".Etter dette må garden ha ligge på nord
vestsida av Vindøla.Bierckli er ikkje oppført i nokre  av dei
handskrevne matrikklane 1664,1696 eller i folketellinga i 17O1
       Derimot er garden oppført i Preste-og skattemanntalet for
1664-1665 med Olle f.16O4 som eigar og med 6 mkl.i landskyld. Den
er også da plassert millom Horvli og Løkksæter.
          Koppskattelista 1645: Olle med kona Ingeborre.
          Landkommisjonen 1661:Olle,6 mkl.kongens bøksel.1
kvernsted.
          Preste-og skattemanntalet 1664-1885: Olle f. 1604.

          Arne Jære meinte at dette kanskje kan være den staden som
i dagleg  tale er kalla" Sæte"og ligg millom Gravundsetra og Sandvold.
 
 

               L Ø K K S Æ T E R:
               Gnr.153 bnr.1 av skm.O,8o
Gamalt matr.nr.731 med skyld 12 mkl.Nytt Matr.nr.142 lnr.163 med
skyld 6 mkl.revidert 23 shilling.og lnr.164 med skyld 6 mkl.
Koppskattelista:Hans Løchseter og kona Ranndj.Husmann Ingeborog
                Randi med Gjertrud og Madtz som tenarar.
Landkommisjonen 1661: Hans 1/2 øre = 12.mkl.kongens bøksel og
                  1 husmann, 1 daler.
Matrikklane:1664 og 1696 Hans,17O2 øde, 1716 og 1721 Ole 12 mkl.
                173O Ole Detli,176O Halvor og 1777 Halvor Olsen.
Folketellinga 1701: Ikkje oppført som eigen gard.
Skattemanntal 1762:Lnr.731 Løkksæter:Halvor Olsens
avlsgard,ingen                  folk.Tjeneste pike Thyri
Ellefsdotter Dørum.
Folketellinga 1801 og 1815:Ikkje oppført med fastbuande folk.
                (Men i 18O1 er under Stølan oppført som husmann
                Guro Oldsotter,65 år,enke i 1.ekteskap,g.i 1736,
                og Marit Hansdtr,inderste,7O år, fattig.Det kan
                kanskje vera Løkksæter som er ført under Stølan
                i staden for umder Detli.)
Folketellinga 1875. Lars Hansen f.1812,og Marit Henriksdotter f
                1811 med fostersonen Ole Johnsen (Stølan?)Dese
                var oppført på lnr. 163.

Skifter på Løkkseter:
1834 27/8 :Ole Beraugsen - Marit Halvorsdotter
.          Arvingar:(hadde ikkje born.)
           A.Ole Beraugsens arvingar:I.Broren John Beraugsen d.e.
             død, har borna: a.Beraug Johnsen i Trondheim, b.Inge-
             borg g.m.Iver Vindal. c.Marit Johnsdotter g.m.Roald
             Olsen Vindal. II.Broren Roald Beraugsen,død, har
             borna: a.Oline(Gurine?) i Trondheim. III.Broren John
             Beraugsen d.y.husmann under Blokkhus. IV.Søstra Dordi
             Beraugsdtr.ugift på Lønset.
           B.Marit Halvorsdotters arvingar:I Broren Einer Haldor-
               sen Storli,død,har borna:1 Magnhild Einersdtr.død,
             har borna: a.Einar Iversen Storli, b Marit Iversdot-
               ter, c.Haldor Johnsen (Magnilds son u.f.e.).
             II.Søstra Luzie Haldorsdotter, død, har borna:a John
             Olsen Liabø, b.Kari Olsdotter Emang.
1846 10/5 :John Beraugsen Løkksæter d.y.-Thyri Hansdotter.
           Born:1 Guro Johnsdotter f.1828.

          Tinglyste skjøter på Løksæter:
                               12 mkl.
                   1729-1757 Ingebrigt Olsen Detli,Kongeskjøte.
                   1757-178O Halvor Olsen Detli,som delte garden i 2 deler.
                                     6 mkl
          178O-1791 Ole Halvorsen d.y.      1858-188O Gjertrud Johnsdttr.
          1791-1797 Ole Halvorsen d.e.      188O-1957 John Larsen Sliper
          1797-1836 Eli Halvorsdtrt.        1957-     Lars Johnsen Sliprt.
          1836-1858 John Olsen Kletthammer.
                   Dei andre 6 mkl. sjå  Gjerdemyren

                        Tinglyste dokumenter.
1729      :Ole Detli får Kongeskjøte på 12 mkl i Løkksæter.
1757 14/5 :Ingebrigt Olsen og søskene hans skjøter 12 mkl.i Løkksæter til
           Halvor Olsen (Detli?) for 12 Rdl.
1772 15/2 :På skifte etter Randi Olsdtr.Sliper er 12 mkl.i Løkksæter utlagt
           til enkemannen Halvor Semmingsen.
1779 3O/6 :Halvor Semmingsen får skjøte på 12 mkl.i Løkksæter frå borna
           sine på visse vilkår.
1780 26/8 :Makeskifter Halvor Semmingsen 6 mkl.i Løkksæter med Gunder Beraug-
           sen Vindal for 122 Rdl.
1791 3O/9 :Ole Halvorsen Detli sel 6 mkl.i Løkksæter til broren Ole Halvor-
           sen Horvli for 60 Rdl.
179?      :Ole Halvorsen Detli og John Arntsen Stekeren på vegne av yndlingene
            sel til broren Ole Halvorsen d.e. for 35 Rdl.
18O2 22/2 :Gunder Beraugsen Vindal sel 6 mkl.i Løkksætr til sonen Ole Gundersen
           for 1OO Rdl.
1811 27/7 :Ved skifte etter Ole Halvorsen Kletthammer er det halve av lnr 731
           vurdert for 1OO Rdl. og utlagt til enken Eli Halvorsdtr. m/3 sønner
           og 1 datter.
1836 25/2 :Skjøte frå Halvor Arntsen til John Olsen Kletthammer på 6 mkl. i
           Løkksæter for 8O Spd
1858 16/11:Skjøte frå John Olsen til Gjertrud Johnsdotter Sliper for 3OO Spd.
1867 29/1O:Mindelig utskifting av Gjerdedmyrene.
1880 15/1O:Skifte etter Gunhild Olsdtr.Sliper der eigedomen 163 Løkksæter er
           utlagt til enkemannen John Larsen Sliper.
same dag  :Heimelsbrev til John Larsen Sliper saman med Sliper og Nerholsæter
           for kr. 8.OOO,-.
1888 31/12.Skifte etter John Larsen Sliper og kone der lnr.163 saman med 156
           og 157b er utlagt til Lars Johnsen Sliper for kr. 4.OOO,-.
same dag  :Heimelsbrev til sonen Lars Johnsen Sliper på disse eigedomane.
19O6      :Utskiftning av innmarka.
191O 15/8 :Skjøte frå Randi Arntsdotter Løkksæter og John Olsen Løkksæter til
           Randis son John Olsen for kr. 1OOO,-.

          Desse har hatt skjøte på 153/2 Gjerdemyren:
               1780 Halvor Semmingsen     1862-1864 John Olsen Vindal
          1780-1802 Gunder Beraugsen      1864-1865 Ole Olsen Vindal
          1802-1838 Ole Gundersen         1865-1883 Hallstein Halvorsen
          1838-1862 Gunder Olsen          som delte eigedomen i 2 dele
              Sjå Gjerdet (Jære) og Jærøien.

Det ser ut som at desse folka har budd på Løkksæter som husmannsplass under
Detli og under Utesto Sliper:
Beraug Johnsen Vindal (g.1757)  1718 1783 Guro Olsdotter Detli       1734

John Beraugsen Vindal           1757 1757
Marit Beraugsdotter Vindal      1757 1757
Ole Beraugsen Vindal,Lønset     1758 1834 Marit Haldorsdotter        1755 1820
Marit Beraugsdotter Vindal      176O 1847
John Beraugsen Vindal d.e.      1764 1812 Karen Beraugsdtr.Bøe       177O 1843
Roald Beraugsen Vindal          1767 1834 gift i Trondheim
John Beraugsen Vindal d.y.Lønset177O 1846 1Guro Olsdottrt død før l822

                                          2Thyri Hansdotter Haugen   1786 1845
                                          ??Barn i 1798 m/Kristi Johnsdtr.?
Gjertrud Beraugsdtr.            1774      tjente på Gravaune i 18O1.
Dordi Beraugsdotter Vindal      1776 1861 ugift.

Maritne Hansdtr.Løkksæter       1777 1857 husmanskone

Beraug Johnsen Løkkseter        1793      i Trondheim (son av John d.e.)
Ingeborg Johnsdotter Løkkseter  1796 184O Iver Ellingsen Vindal      1785 1875
Marit Johnsdotter (g1829)       1799      Roald Olsen Liabø,Haugen   1796 1872
Ole Johnsen Løkkseer            18O3 1822
Dorthea Johnsdotter Vindal      18O6 18O7
Dorthea Johnsdotter Vindal      18O9 1825 død som Vindalshaug.

Ole Roaldsen Vindalshaug        1838      husmannsfolk

Kari Roaldsdtr.Vindakshaug      1846 1865
Beraug Roaldsen Løkhaug ?? ca.  185O

John Beraugsen d.y. og Thyri Hansdotter hadde dottra
Guro Johnsdotter Vindal         1828      Budde seinare på Jerøien (Sjå d.)

John Johnsen Løksæter           1850      Kari Johnsdotter Sagen     1848

Beraug Taraldsen Vindalsæter    1858 1864

Ole Johnsen Løksæter            1872      I 1875 budde desse i
Horvli,lnr.160  Ingeborg Johnsdotter            1873 1968 Ole A.Storli
       1871 1947

 Lars Hansen Løkkseter,Sliper    1812      Marit Henriksdtr.Vasli     1811 1893

Roald Beraugsen Løkhaug,Vindal  1873 1882 husm.son.
 

                             G J E R D E M Y R E N
                         Gnr. 153 bnr. 2 av skm.O,11.
Utskildt frå gamalt matr.nr.142 lnr.163 ein gomg millom 183O og
1811 og fått matr.nr.142 lnr.164 med skyld 2 shilling. det
gamle matr.nr.731 er nok delt i 2 like deler før matrikkelen i
1838,
Kanskje ved skiftet etter Eli og Ole Halvorsen Detli i 1811

Folketelling 1875: Morten Estensen 1811,Ragnhild Olsdotter 1819,

153/2;                        Tinglese dokument.
1802 22/2 :Skjøte frå Gunder Beraugsen Vindal til sonen Ole Gundersen på 6 mkl.
           for 1OO Rdl.
1838 21/2 :Skjøte frå Ole Gundersen til Gunder Olsen på 6 mkl. for 1OO Spd.
1838 14/3 :Bygselseddel frå Ole Gundersen til Morten Estensen Vasli på plassen
           Jerøien.
1846      :Bygselseddel til Lars Johnsen Lihjell frå John Olsen Sliper.
1862 11/1 :Testamente frå Ole Gundersen Ishol til John Olsen Vindal på 23
           shilling mot utløsning etter takst til sine søsken.
1864 9/1  :Kjøpekontrakt der John Olsen sel til broren Ole Olsen 23 shilling
           i foreningm/Vindal for 7OO Spd.+ kår og skjøte same dag.
1865 11/1 :Kjøpekontrakt der Ole Olsen sel til Halstein Halvorsen Rate og Nils
           Eriksen Løkken 6 mkl. eller 23 shilling for 35O Spd.
1883 14/2 :Skyldsett lnr. 164b Jere og seld til Hans Olsen Uv, skyld 14 shil=
           ling,revidert 22 og Jerøien 7 shilling, revidert 12,og seld til Hans
           Olsen 164b og til Johannes Sivertsen Lønset 164c.
1936 28/8 :Skjøte frå Morten Vindal med samtykke frå Ole Olsen til Sigurd H.
           Strand,på d.e. og gnr.166 bnr. 3 for kr.5.5OO,-

                 Desse har hatt skjøte på Gjerdemyren:
          178O-18O2 Gunder Beraugsen      1862-1864 John Olsen
          18O2-1838 Ole Gundersen         1864-1865 Ole Olsen Vindal
          1838-1862 Gunder Olsen          1865-1883 Hallstein Halvorsen
                                         som delte eigedomen i 2 dele,
          sjå Gjerdet (Jere) og Jerøien.

Desse må (eller kan) ha budd på Gjerdemyren:
Ole Gundersen Vindal,Ishol      1774 1839

Gunder Olsen Vindal             1810

Morten Estensen Vasli           1811      Ragnhild Olsdotter Brenden 1822

Marit Mortensdotter             1846 1848
Ole Mortensen                   1848
Esten Mortensen                 1851
Gjertrud Mortensdotter          1852 1853
Narit Mortensdotter             1854       (budde i 1875 på Nyhus)
Henrik Mortensen                1857
Gjertrud Mortensdotter d.y.     1860
Kristine Mortensdotter          1862       (budde i 1875 på Nyhus)
 
 

                     G J E R D E T
                      Gnr.153 bnr, 3 Jære av skm.0,58
Frådelt frå gamalt matr.nr.142 lnr.160 ved skylddeling 14/2 1883
og gjeve matr.nr.142 lnr.160b med skyld 14 shilling,revidert 0,58
mark og seld til Hans Olsen Uv.

Hans Olsen Uv,Jære (g1882)      1852 1914 Gjertrud Johnsdtr.Lønset   1845

Nye folk på plassen:
Lars Olsen Strand,Morken        1817 1872 Guri Pedersdotter Lien ?   1816 1877
Ole Larsen Vindalshaug (g.1860) 1838 1910 Rannei Arntsdtr. Breen     1837 1925

Marit Olsdotter Jære            1860      gift Hagen i Trondheim

Lars Olsen Jære                 1861 1931 Ingrid Olsdtr. Eggen       1865
Guri Olsdotter                  1864 19O7 ugift.
Arnt Olsen Jære,Vindal          1867      Randi Olsdtr.Vindal        1874
Sigrid Olsdotter                1869      John Ops
Anne Olsdotter                  1871      Martinus Bøe
Randi Olsdotter                 1876      g.Larson i USA.
Ingeborg Olsdotter              1879 1912 John T.Rønning             1876 1949
John Olsen Jære                 1883 1971 Marit Olsdotter Sliper     1886 1968
Lars Larsen Vindal.husm.        1883 1885 ???

Ellen Arntsdtr. Vindal          1895
Anne Arntsdtr. Vindal           1899

Olaf Johnsen Jere               181O 194O.

                      J Æ R Ø I E N
               Gnr. 153 bnr. 4 av  skm.0,32.
Frådelt frå gamalt matr.nr,142 lnr.164 ved skylddeling den 14/2
1883 og gjeve matr.nr. 164c med skyld 7 shilling, revidert til
0,32 mark.Eigedomen vart i 1883 seld til Johannes Sivertsen
Lønset

Johannes Sivertsen Lønset       1835      Marit Paulsdotter          1825

Guro Johnsdotter Løkksæter f.1828 må ha flytta til Jerøien for ho hadde 2
born som kreiv seg for Jerøien:
Ole Mortensen Gjerøien          1858 1890 far:Morten Olsen Liabø,f. 1823.
Tore Pedersen Løkksæter         1863       "  Peder Olsen Morken
 

                        S L I P E R S Æ T E R E N
Gamalt matr.nr.722 med skyld 6 mkl.Nytt matr.nr.143 lnr.165 med
skyld 1 ort og 21 shilling.Millom 183O og 189O er eigedomen
tillagt negar i Vindal og opphører som eige bruk.Dette kan vera
den noverande setra til negar Vindal.
Eigedomen har ligge i nærleiken av der Sandvold og Jere no er.
Den er ikkje nemnd som gard i Koppskattelista 1645 men under
husmenn er på ein plass millom Løkkseter og Storli oppført ein
Joen Sliper , Randi, Anders og Sigrid utan at det er opplyst om det
er kona og born eller tenestefolk.Men dette må vera Slipersæter.
I landkommisjonen 1661 er nemnd garden Sliperseter millom
Storli og Løkkseter med skyld 6 mkl.bøksla av kongen."Den var ey før
lagt for Rettighed".Bykslar var Bjørn.

Matrikklane:1696 Erik Sliperseter,17O2 øde,1716 og 1721
Ingebrigt
            lnr.722,6 mkl.1736 John Vindal.
Koppskattelista 1645:Berre nemnd under husmenn og der er
    oppført ein husmannsplass millom Løkkseter og Storli med
    Joen Sliper,Randi,Anders og Sigrid utan at det er
    oppgjeve  om det er kona og born eller tenestefolk.
Landkommisjonen 1661:er nemnd garden Sliperseter millom
    Løkkseter og Storli,6 mkl.byksla av kongen.

Skattemanntalet 1762:Ole Vindals avlsgård,med Ingrid
Hellaugsdotter som husmann.
Folketellinga 1875:Ole Larsen f.1838,Randi Arntsdtr.
f.1837,Lars
            Olsen f. 1861, Guri Olsdotter f.1861,Sigrid
Olsdtr.
            f. 1869 og Anne Olsdtr. f. 1872.

                     Tinglese dokumenter.
177O 23/3 :John Olsen Vindal g.m. Ildri får skjøte på 6 mkl frå
           Ole Johnsen for 20 Rdl.
18O9 27/4 :Ved skifte etter John Olsen Vindal ytlagt til sonen
           John Johnsen for 1OO Rdl.
18O9 28/8 :Ole Johnsen skjøte frå Ildri Iversdtr. saman med 737
           for 6OO Rdl.
1826       Skjøte frå Ole Johnsen til Arnt Olsen for 15O Spd.
1829       Skjøte frå Arnt Olsen Vindal til Guri
Stengrimsdotter             Vindal for 15O Spd.

Ved folketellingane i 18O1 og 1815  er det ikkje oppført folk
på dette bruket.
Bruket har vel heile tida lege under negar i Vindal.
 

Desse har hatt tinglest skjøte på Slipersæter:
    -177O Ole Johnsen         1826 1829 Arnt Olsen
17O-18O9 John Johnsen         1829 1860 Guri Stengrimsdtr.
18O9-1826 Ole Johnsen         1860      Mikkel Rasmusen
                                        O.K.Dørum.



Utarbeidd av ©: Ivar Hoel og tilrettelagt for internett av Ola Ø. Hoel