F u r u n e s
                           Gnr.177 bnr.1 av skm.5,95
Gamalt matr.nr.750 med skyld 12 mkl.Nytt Matr.nr.167 lnr.194 med skyld
2 ort og 12 shilling.

Koppskattelista: ikkje med.
Landkommisjonen 1661:Haldor 12 mkl. 1/2 kvernsted og 1 husmann.
Preste-og skattemanntall 1664-1665: Haldor f. 1624.
Matrikklane:1664 Halvor,1696 Christoffer, 1736 Ole, 1771 Lars Olsen

Folketelling 1701:Christoffer Semmingsen 4o år.Dreng Einer Hellaugsen.
Skattemanntal 1762:Ole Pedersen g.m.Marit og sonen Lars.
Folketellinga 1801:John Larsen 53 år,Ingeborg Olsdotter 49 år og dottra
                   Eli 17 år.Mali Christophersdotter,fosterdotter 9 år,
                   Lars Olsen,kårmann,66 år,og kona Gjertrud Olsdotter
                   Olsdotter 68 år.
Folketelling 1815:Iver Halvorsen 35 år,Eli Johnsdotter 30 år John
                   Iversen 6 år,Marit Iversdotter 2 år,John Larsen
                   pensjonist 67 år,Ingeborg Olsdotter 63 år,Mali
                   Christoffersdotter 22 år,tenestejente.
Folketelling 1875: Marit Nilsdotter f.1836 i Sunndal.Marit Olsdotter
                   1866,Gjertrud Olsdotter f.1872,John Olsen
                   f.1871, Ole Olsen f.1875,Oline Nilsdotter Skruen
                   tenestejente f.1857 i Sunndal,
                   II familie:Peder Olsen Furunes f.1798 i Dovre,
                   Magnhild Ellevsdotter f.1795,Guru Pedersdotter
                   f.1825,Sigrid Olsdotter f.1849,dotterdotter.
                   Petra Larsdotter f.1866 dotterdotter,John
                   Halvorsen, dotterson.

Skifter på Furunes.
1741 30/8 :Ole Pedersen Furunes -Gjertrud Larsdotter.
           Born:Lars 1736,Peder 1739,Kristi 1727,Sigrid 1731,
                Marit 1732,
1767 16/11:Ole Pedersen - Marit Iversdotter.
           Hennar born:1 Eli Adamsdotter Sætrum,2 Gjørund
              Gundersdotter f.1720,3 Gjørund Svendsdotter g.m.
           Halvor Andersen Engen.
1768 22/6 :Ole Pedersen, enkemann.
           Born: Lars, 2 Kjersti f.1725, 3 Sigrid g.m. Halvor
           Halvorsen Aalbu, 4 Marit f.1733.
     1885 7/11 :Ingebrigt Kristoffersen Furunes-Marit Nilsdotter
                Sonen Christoffer Nicolai f.6/8 1878.
     1899  2/8 :Marit Haldosdtr.Furunes - kårenke.
                Born:1 Iver J.Furunes.2 Eli Johnsdtr.Furunes,død, har
                     dottra Ildri g.m. Peder G.Toftaker.
                     3 Ingeborg Johnsdtr.død,har born i Amerika.

                              Tinglese dokumenter.
1742 31/12:Pantsetter Ole Pedersen 12 mkl.i Furunes til Gjert Juul Feltmann
           for lån 45 Rdl.
1767 11/6 :Pantsetter Ole Peders.12 mkl.m/m til Jens Lemvig for lån 130 Rdl.
1777 20/12:Pantsetter Lars Olsen med 1.prioritet eigedomen til Oluf Paulsen
           Nerhol for lån 150 Rdl.
1780 28/8 :Pantsetter John Larsen Stubban eigedomen Furunes, 12 mkl. til
           madame Marta Angell for 250 Rdl.
1780 28/8 :Lars Olsen skjøter 12 mkl. i Furunes til John Larsen Stubban for
           250 Rdl. og kår til seljaren og kona.
1785 3/1  :John Larsen pantsetter eigedomen til Jens Lemvig for lån 200 Rdl.
1807 23/2 :John Larsen Furunes sel 12 mkl.i Furunes og 6 mkl.i Skindset til
           svigersonen Iver Halvorsen Gravaune for 535 Rdl.
1831 23/2 :Iver Halvorsen Furunes sel 12 mkl.i Furunes og 6 mkl. i Skindset
           for 600 Rdl. til John Iversen.
1873 3/9  :Skjøte frå John Iversens enke Marit Halvorsdotter v/verge P.Sæter
           til Ole Johnsen Bjørbekk på lnr.194 for 2400 Spd.
1875 24/11:Bevilling til Ole Johnsens enke Marit Nilsdotter til å sitte i
           uskiftet bu.
1877 3/10 :Ved skifte etter Ole Johnsen er eigedomen utlagt til enken Marit
           Nilsdotter og hennes nye mann Ingebrigt Kristoffersen og heimels-
           brev same dag.
1882 7/10 :Kårbrev frå Marit Nilsdotter til Gjertrud Johnsdotter Skruen.
1885 7/10 :Skifte etter Ingebrigt Kristoffersen der eigedomen for kr.8.800,-
           er utlagt til enka Marit Nilsdotter, og heimelsbrev same dag.
1898      :Attest frå presten om at Marit Nilsdotter er ekteviet med John
           Olsen Bøe.
1915 18/6 :Skylddelt bnr.2 Furunesskogen,skyld 4 øre,Skylddeling tgl.18/6
           1915 og seld til Peder Halvorsen Bøe.
1929 2/11 :Skjøte frå John O.Furunes til sonen Ola J.Furunes for kr.12830.-

          Skjøter på Furunes:
          1747-1777 Ole Pedersen          1873-1877 Ole Johnsen Bjørbekk
          1777-1780 Lars Olsen            1877-1929 Marit Nilsdotter
          178O-18O7 John Larsen Stubban   1929-     Ole Johnsen
          18O7-1831 Iver Halvorsen                  Rasmus Bøe
          1731-1873 John Iversen                    Johan Furunes

Desse må ha budd på garden:
Halvor Furunes                  1624

Christoffer Semmingsen          1661

Eli Furuness i 1755             1686 1755 John Munkvold ??

Ole Pedersen Furunes            1699 1768 1.Gjertrud Larsdtr.Rønning 1704 1741
                                          2.Marit Iversdtr.enke      1699 1767
Randi Pedersdotter Furunes                levde i 1762
John Pedersen Munkvold                    Eli Furunes                1686 1755
Ingeborg Pedersdtr.             1718

Ingeborg Olsdtr. Furunes        171O 1767

Ole Olsen Furunes (f.u.f.e.)    172O 1797
Kjersti Olsdotter               1727 1793 1Barn i 1757 m/Ulrich Feldtman
                                          2Barn i 1762 m/Arnt I.Gorset
Sigrid Olsdotter Furunes        1731      Halvor Halvorsen Aalbu     1731
Marit Olsdotter Furunes         1732 1826 (tente i Vindal i 1762)
Lars Olsen Furunes   (g1765)    1736      Gjertrud Olsdtr.Ishol      1736

Gjertrud Ulriksdtr.Furunes      1757
Sigrid Arntsdtr.Furunes         1762

Kari Larsdtr.Furunes            1772 1772

Ole Pedersen ??? Morken ??

Peder Olsen Furunes             1796 1877 Maglin Ellevsdtr.Ishol     1794
1877
Gjertrud Larsdotter Furunes     1765 1851 Arnt Olsen Nerhol          1762
1863
Ole Larsen Furunes              1768      truleg død tidleg
Kari Larsdotter Furunes         1772 1772
Ole Larsen Furunes              1774

Maren Kristoffersdtr.Furunes              Barn i 1813 m/Martin Olsen Rate

Marit Kristophersdtr.Furunes    1792      Ingebrigt Arntsen Øyen     1783

Peder Olsen Furunes (g1824)     1798      Magnhild Ellevsdtr.       1795

Karen Martinsdtr.Furunes        1813 1813 barnesykdom

Ole Pedersen Furunes                      Barn i 1839 m/Ingeborg J.Bøe
Guru Pedersdtr.Furunes          1825      og hennar ? dotter
Sigrid Olsdotter                1849

Nye Folk på garden.
John Larsen Stubban (g1781)     1748 1825 Ingeborg Olsdotter Aalbu   1752 1843

Eli Johnsdotter Furunes (g18O6) 1784 1872 Iver Halvorsen Gravaune    1779 1860
Marit Johnsdotter Furunes       1790      død før 1801

John Iversen Furunes (g1831)    1809 1868 Marit Haldorsdotter Sæter  1808 1898    Marit Iversdotter Furunes       1812 1898 John Ellevsen Haugen       18O3
Halvor Iversen Furunes          1818 1821

Eli Johnsdotter Furunes         1832 1896 Ingebrigt A.Toftaker       1826
Iver Johnsen Furunes (g1858)    1834      Marit Eriksdotter Viken    1837 1816
Inger Johnsdtr.Furunes          1840 1841
Ingeborg Johnsdtr.Furunes       1843
Haldo Johnsen Furunes           1846 1846

John Iversen Furunes            1860       Utvandra saman med faren i 1869

Nye folk på garden:
Ole Johnsen Bjørbekk            1831 1875 Marit Nilsdtr.Skruen      1836 1902
Marit Olsdotter Furunes         1866      barn m/Ingebrigt i 1885
John Olsen Furunes              1871
Gjertrud Olsdtr.Furunes         1872 1948 Rasmus Tørrisen Bøe        1868 1924
Ole Olsen Furunes               1875 1951

(Marit Nilsdotter vart oppattgift 2 gonger
1Ingebrigt Kristoffers.Sæter    1845 1881 og dei hadde sonen

Kristoffer Ingebrigtsen Sæter   1878 1954 Anne Marie Olufsdtr.Hoel   1876 1948
   (Sjå Hoelsboka)

Anna Ingebrigtsdtr.Furunws      1885 1885
2John Olsen Bøe (g.1885)        1849 1944 og dei hadde borna ?

     John Olsen f.1849 vart oppattgift med Gjertrud Halvorsdotter    1878 1925
     og dei hadde borna:
Ola Johnsen Furunes             19O5      Oline Johnsdotter Torve    19O9 1981
Harald Johnsen Furunes          1908 1908
Marit Johnsdotter Furunes       1906      Ingebrigt Johnsen Uvsløkk  189O 1971
Anna Johnsdotter Furunes        1910      Ole Eisdmodal
Kristine Johnsdotter Furunes    1912      Arnt Tevik                 1923
Harald Johnsen Furunes          1914      Ingeborg Johnsdtr.Torve    1912
Tora Johnsdotter Furunes        1916      Olaf Holten
Ingeborg Johnsdotter Furunes    1919      ugift
Tine Johnsadotter Furunes       1923      Olaf Sliper                1914
Gunhild Johansdotter Furunes    1925 1925
 

        Oline Johnsdotter oppattgift med Rasmus Ingebrigtsen Bøe,og dei
hadde borna:
Marie Rasmusdtr. Bøe            1938      Ingolf Rolvsjord           1929

Desse folka må også ha budd på Furunes:
Peder Olsen (Morken) g.1825     1793      Maglin Ellevsdtr.Morken    1795

Guri Pedersdotter Furunes       1823 1912 Lars Sivertsen Sætrum      1831 1869
Sivert Larsen Furunes           1862 1939 Budde på Bøahaugen i 1875
Petra Larsdotter Furunes(g1889) 1866 1957 Arnt Audensen Storli       1860 1938

Guri Pedersdotter Furunes       1823      hadde m/Halvor Johnsen Dørum

John Halvorsen Furunes          1875

Desse må også ha budd ei tid på Furunes da dei yngste borna brukar Furunes
til etternamn;
Ole Olufsen Blokkhus (g1853)    1823      Marit Ingebr.dtr.Øien      1826

Ole Olsen Svartøien             1853
Ingebrigt Olsen Øiahaug         1855
Arnt Olsen Øien                 1857
Marit Olsdotter Øien            1860
Ole Olsen Furunes               1861
John Olsen Furunes              1864
Marit Olsdotter Furunes         1868      Ingebrigt Ingebr.s.Morken  1855

Så finn eg ein Anders Paulsen Furunes g.m. Sigrun Sivertsdtr og dottra:
Marit Andersdotter Furunes      1853      Ikkje meir om dei.

Finn ikkje plass til:
Ole Joensen Furunes                       1Barn i 1796 m/Siri A.Gorset
                                          2  "  " 1797 m/Marit H.Aalbu
Husmann:
Halldor Furunes i 1664

                                 Furunesskogen.
                           Gnr.177 bnr. 3 av skm.0,o4
          Frådelt frå bnr.1 ved skylddeling tgl.18/6 1915 og skjøtet til
          Peder H. Bøe. Ikkje bebudd.

                                Korgtjønnteigen.
                           Gnr. 177 bnr.2 av skm.O,2o
          Frådelt frå bnr.1 ved skylddeling tgl. 1/2 1930 og skjøtet til
          Peder p.Aalbu og seinare seld til Einar Grøseth. Ikkje bebudd.
 

                                 Sæterlund
                           Gnr. 177 bnr.3 av skm.O,25
          Skylddelt frå bnr.1 ved skylddeling tgl.4/10 1943 og skjøtet til
          Gjertrud Storli.

                                S K I N D S E T
                           Gnr.177 bnr.4 av skm.O,71
Gamalt matr.nr.751 med skyld 6 mkl.men før 1830 samanslege med
Furunes til eit bruk og gått ut av matrikkelen.
Koppskattelista 1645;Laurits med kona Karen og borna Olle og
                        Magnhild.
Landkommisjonen 1661:Laurits 6 mkl. og 1 husmann.
Preste og skattemanntalet 1664-1665.Lars Hansen f.1584, Hans
                        Larsen 1620,Engel Larsen,1624,Erik Engelsen
                     f.1665 og Oluf Eriksen f.1614.
Matrikklane:1664 Semming?,1696 Engel,1702 Enken, 1725 Arnt, 1760 Erik.
Folketellinga 1701:Enken Marit med sonen Erik Engelsen f.1663.(28 år gl.)
Skattemanntal 1762:ungkar Erik Arntsen, hans mor Marit og søstrene
                    Marit og Kjersti.
       Deretter finn ein ikkje garden ført som eige bruk.

          Skifter på Skindset:
          1741 31/8 :Arnt Sivertsen - Marit Eriksdotter.
                     Born: Erik f.1723,Svend f.1738, Tyri f,1720,
                           Marit f. 1729 Kristif.1734.
          1765 26/8 :Arnt Larsen Skindset(?) - Marit Eriksdotter.
                     Born: same arvingane som i 1741, men Erik må vera
                           død,og Kristi er gift med Klaus.
          1786 19/2 :Sivert Hansen Skindset - Kristi Arntsdotter
                     Born:1 Arnt 23 år,2 Erik 9 år,3 Lars (?) 7 år,
                          4 Svend 21 år,5 Sigrid 17 år,6 Marit 15 år.

                          Tinglese dokumenter.
1732 2/12 :Arnt Sivertsen Bøe lånt 19 Rdl.og 2 ort av Haldo Beraugsen Bøe
           med pant i 6 mkl. i Skindset.
1747 2/10 :Skjøte til Arnt Sivertsens born på odelsretten i Skindset fra
           Schøller,
1773 27/9 :Erik Arntsen Skindset sel 6 mkl. i Skindset til Sivert Hansen
           for 99 Rdl.
1781 2/1  :Sivert Hansen skjøter 2 3/4 mkl.i Skindset til John Larsen
            Stubban for 98 Rdl.
1786 12/3 :John Larsen Stubban får auksjojsskjøte på 3 1/4 mkl.i Skindset
            for 187 Rdl. ved offentlig auksjon.
1807 23/2 :John Larsen Furunes sel 6 mkl.i Skindset til svigersonen Iver
           Halvorsen Gravaune for 535 Rdl.
              Så vart bnr 2 samanlagt med Furunes til 1933
1933 16/8 :Skylddeling der Skindset vart frådelt frå bnr. 1 Furunes og fekk
           ei skyld på 71 øre og overdrege til Johannes Strømsvik, som bygde
           opp nye bygningar på garden.

          Skjøter på Skindset:Gnr.177 bnr.4,skyl 6 mkl.
          Før 1732 Krongod.(Schøller)     1781-1807 John Larsen Stubban
          1747- ?   Arnt Syvertsen        1807-1933 som for Furunes
           ?  -1773 Erik Arntsen          1933-     Johannes Strømsvik
          1773-1781 Sivert Hansen

Desse må ha budd på garden:
Lars Hansen Skindset            1584

Oluf Eriksen                    1614

Hans Larsen Skindset            1620
Engel Larsen Skindset           1624      Mari Eriksdotter           1699 1765

Erik Engelsen Skindset          1665      død før 1701
Erik Engelsen Skindset (g1700)  1673      Marit Knutsdotter Hornet
            Så finn eg ikke meir om Skindset før i 1741 da det er halde
skifte
etter Arnt Sivertsen Skindset:
Marit Eriksdotter               1692 1765 1Arnt Sivertsen Skindset 1741
                                          2Arnt Larsen
Thyri Arntsdotter Skindset      1720 1783
Erik Arntsen Skindset          1723 18O2
Marit Arntsdotter               1729 1811
Erich Arntsen Skindset          1732 18O1
Kristi Arntsdotter              1734 1784 1Klaus
                                          2Sivert Hansen Dørum g.1764
Svend Arntsen Skindset          1738

Hans Sivertsen Skindset                   Barn m/Sigrid Bjerkås i 1781
Arnt Sivertsen Skindset         1762 1833
Erik Siversen Skindset          1766 1862 lægdslem
Svend Siversen Skindset         1767 1846 Marit Eriksdotter Skarsem 1779 1863

Marit Sivertsdotter Skindset    177O 1846 1Barn i 1793 m/Ingebr.Vorhaug
                                          2Barn i 1797 m/Rasamus Torve
                                          3Barn i 1799 m/John O.Dørrum
Sigrid Sivertsdotter Skindset   1771 1772 (mor Kari Halvorsdtr.Tørset)
Erik Sivertsen Skindset         1775      1Barn i 1799 m/Gjertrud H.Torve
                                          2  "  " 18O8 m/Gjertrud P.Strand
Lars Sivertsen Skindset         1778      død før 18O1.
Sivert Sivertsen Skindset       1778 18O6 Omkom i fjellet med I Slipersæter

Marit Ingebr.dtr.Skindset       1793      Marits dtr.m/ Ingeb.Vorhaug
Marit Rasmusdtr.Skindset        1797      - - - ds - -  Rasmus Torve
Arnt Johnsen Skindset           1799      - - - ds - -  John Dørrum.

Svend Sivertsen og Marit Eriksdotter hadde sonen:
Ingebrigt Svendsen Skindset     1797      død før 18O1.

Nye folk på garden.
Ingebrigt Ingebrigtsen Skindset           Anne Olsdotter

Ingebrigt Ingebrigtsen Skindset 1792

Marit Sivertsdotter f.1770 hadde 2 born:
Arnt Johnsen  Skindset          1799       "  John Olsen Dørum

John Arntsen Skindset,Blokkhus  1841      Kari Olsdotter Utem (g1869)1836 1899

Arnt Johnsen Skindset          1869 1929 Karen O. Berget i U.S.A.
Ole Johnsen Skindset            1872      Anna O. Berget i U.S.A.
Sivert Johnsen Skindset         1875 1882
Marie Johnsdtr. Skindset        1879 1882

Erik Sivertsen Skindset f.1775 hadde m/Gjertrud Pedersdtr.Strand sonen
Marit Eriksdtr. Torve           1799      mor Gjertrud Halvorsdtr.Torve.
Halvor Eriksen Strand           1808      husmann under Strand.

Nye folk på garden;
Johannes Knutsen Strømsvik      1898      Kristine Olufsdtr.Munkvold 1909

Dagny Aslaug Strømsvik          1942
 

                 Gardssoge Furunes.
         Første gong eg finn Furunes nemnd er i Landkommisjonens
register for 1661.Da er oppført ein Haldor med 12 mkl og eit halvt
kvernsted. I skatte-og prestemanntalet for 1661-1665 får vi vite at
Halldor er født i 1624. Halvor var også eigar i 1664, men i 1696 er
kome ein Christoffer Semmingsen som i 1701 er oppgjeve å vera fødd
i 1661 og som da hadde drengen Einar Hellaugsen.Christoffer var
også eigar i 1721 og 1725, men i 1736 er Ole eigar.Det er vel Ole
Pedersen Furunes f.? g.2 gonger,først med Gjertrud Larsdotter
Rønning som døde i 1741 og så med enke Marit Iversdotter Sætrum.I
første ekteskapet hadde Ole borna: a Kristi f.1727,b Sigrid
f.1731,c.Marit f.1732,d.Lars f. 1736 og e.Peder f.1739.I andre
ekteskapet var det ikkje felles born.
        Ole Pedersen må ha hatt det litt trongt økonomisk,for i
1747, låner han 45 rdl.hos presten Gjert Juul Feldtmann og i 1767
låner han 130 Rdl.hos presten Jens Lemvig. Ole døyr i 1768 og
garden blir over-tatt av sonen Lars Olsen som i 1765 vart gift med
Gjertrud Olsdotter Ishoel. I 1777 pantsetter Lars Olsen eigedomen
for lån 150 Rdl.hos Oluf Paulsen Nerhoel.I 1780 overdreg Lars Olsen
eigedomen til John Larsen Stubban for 250 Rdl. Den 2. januar 1781
kjøper same John Larsen Stubban også naboeigedomen Skindset og
sidan har desse gardane vore dreve som eit bruk. John Larsen var
korporal og hadde verva seg i den danske arme, og hadde ein liten
pensjon av starten. Han var gift med Ingeborg Olsdtr.Ålbu og dei
hadde to døttre. Den yngste Marit,f.1790,levde ikkje i 1801. og den
eldste, Eli f.1784 vart gift med Iver Halvorsen Gravaune og dei
overtok gardane ved skjøte 23/2 1807 (Furunes og Skindset).
       Iver og Eli hadde 3 born, 1 John Iversen ,g.m.Marit
Haldorsdotter Sæter.Han var ein mykje nytt mann i det kommunale
liv, både ordfører og direktør for den nystarta sparebanken.
2 Marit  Iversdtr. f.1812 g.m. John Ellevsen Haugen og budde
der.Den tredje, Halvor, døde berre 3 år gamal.
       John Iversen og Marit fekk 5 born: 1 Eli f.1832 g.m.lærar
Ingebr. A.Toftaker, 2 Iver f.1834 g.m.Marit Eriksdtr.Viken.Dei
utvandra til USA. sjå om han i Opdalslagets Årbok for 1921-22.3
Inger f.1840 d. 1841. 4. Ingeborg f.1843, ikkje meir om henne. 5
Haldo f.og d. i 1846. Da sonen Iver utvandra selde enka Marit
Haldorsdotter i 1873 garden til Ole Johnsen Bjørbekk fra Sunndal,
g.m.Marit Nilsdotter Skruen f.på Gjøra i Sunndal. Dei fekk 4 born:1
Marit f.1866, 2 John f.1871, 3 Gjertrud f.1872 g.m.Rasmus Tørrisen
Bøe, Vetlstuggu, 4,Ole Olsen f.1875,d.1951 ugift. Ole Johnsen
døydde allt i 1875 og Marit Nilsdotter vart oppattgift med
Ingebrigt Kristoffersen Sæter fra Aure.og dei fekk sonen Kristoffer
f.1878, g.m.Anne Marie Olufsdotter Hoel. Dei utvandra til USA og
seinare til Canada.Sjå Hoelsboka. Ingebrigt døydde allt i 1881 og
Marit Nilsdotter vart oppattgift for 2 gong med John Olsen
Bøe,Skruen, men hadde vistnok ikkje born saman. Marit døydde i 1902
og John Olnse vart oppattgift med Gjertrud Halvorsdotter Bøe
f.1878,bortesto.og dei fekk borna: 1 Ola f. 19O5 d.        g.m.
Oline Johnsdtr. Torve og dei overtok garden.2 Marit f.1906
g.m.Ingebrigt Johnsen Uvsløkk og budde der. 3 Anna f.1910 g.m. Ole
Eidsmodal. 4 Kristine,f.1912 g.m. Arnt Tevik og bur i Oppdal.5
Harald f. 1914, g.m. Ingeborg J.Torve,f.1912. 6 Tora f.1916 g.m.
Ola Holten, 7 Ingeborg f.1919 ugift, 8 Tine  f.1923, g.m. Olaf
Sliper, 9  Gunhild f. og død 1925. Ola og Oline hadde fleire born
og eg har funne desse:1 Johan f.1933, og John. Oline vart
oppattgift med Rasmus Bøe, Bøahaug, og dei fekk dottra Marie f.
1938 g.m. Ingolf Rolvsjord i Vognilsdkalvhagen.
 
 
 

                Gardssoge Skindset.
     Garden er først nemnd i Koppskattelista for 1645 og da med
Lauritz (Lars) og kona Karen og borna Olle og  Magnhild. Land-
kommisjonens register seier at Lauritz eig 6 mkl.og har ein
husmann, som ikkje er nemngjeven.Preste-og skattemanntalet for
1664-1665 har Lars Hansen f.1584 og det er vel den tidlegare nemnde
Lauritz, for han har borna:1 Hans f.1620,2 Engel f.1624,med sonen
Erik Engelsen f.1655 og ein Oluf Eriksen f.1614.
     Ved matrikkelen i 1696 har Engel Eriksen vorte eigar men
måvera død like etter, for ved folketellinga i 1701 er det enka
somer eigar med sonen Erik Engelsen f.1663.(Anten har det da vore
to Erikar eller så stemmer ikkje årstalet frå skattemanntalet i
1664). Matrikklen for 1725 har framleis Enken men i 1760 er det
kome ein Arnt. Det må vera Arnt Sivertsen Bøe som i 1732 pantsetter
Skindset til Haldo Beraugsen Bøe for lån stort 19 Rdl.og 2 ort.og
det må også vera han som er død i 1741 og som det er halde skifte
etter 2/10 1741. Han hadde da borna Erik f.1723,Svend f.1738,Tyri
f.1720, Marit f.1729 og Kristi f.1734.Arnt hadde vore gift med
Marit Eriksdotter, som seinare må ha vorte gift med ein Arnt
Larsen, for i 1765 er det halde skifte etter Arnt Larsen og Marit
Eriksdotter,som då var død.
       Skindset må opprinneleg ha vore krongods og seld til ein
Schøller, som i 1741 sel odelsretten til Skindset til borna etter
før nemnde Arnt Sivertsen. I 1773 sel så Erik Arntsen 6 mkl. til
svogeren Sivert Hansen. Denne Sivert Hansen deler så eigedomen og
sel 2 3/4 mkl. til John Larsen Stubban på Furunes ved skjøte av 2/1
1781, og i 1786 får same John Larsen auksjonsskjøte på dei
resterande 3 1/4 mkl. og heile Skindset blir lagt saman med Furunes
og dreve som ein gard.
       I 1933 blir så halde skylddeling og ein del på 71 øre blir
frådelt frå Furunes og kalla Skindset og seld til Johannes
Strømsvik.



Utarbeidd av ©: Ivar Hoel og tilrettelagt for internett av Ola Ø. Hoel