HOELSLEKTA  SIN  BISTAND  TIL  TYNSET  LENSMANNSKONTOR

(Tankar etter ein Tynsettur i 1998)
 

Før jul 1906 slutta bestefar min, Øyvind Hoel, etter 4 år som lensmannsbetjent ved Tønsets lensmannskontor.

Bestefar min vart lensmann i Oppdal i 1918 og elste sonen hans, Oddmund, tok over stillinga etter krigen. Ein annan son, Ivar, som er far min, vart lensmann i Rennebu i 1947. Begge distrikta er naboar til Tynset. Eg veit at far min fleire gonger var på Tynset på forbrytarjakt i samarbeidde med lensmannsfolka der.

Sommaren 1998 var eg på Tynset lensmannskontor. Eg er for tida spesialetterforskar på datakrimteamet ved ØKOKRIM og det var i den samanheng eg var på Tynset for å gje bistand. Til vanleg er eg lensmannsførstebetjent ved Hole lensmannskontor.

I eit spenn på tett oppunder 100 år har ein person frå tre generasjonar av Hoelslekta vore på Tønset/Tynset som politimann. Utviklinga i lensmannsetaten, politiet og samfunnet har vore formidabel på desse åra. Berre sjå på transportmidla og arbeidsreiskapane vi brukar.

Bestefar var på Tønset som eienebetjent. Arbeidsreiskapen hans var penn og blekk og hesten var han sitt framkomstmiddel.  Postgangen til Oslo tok fleire dagar.

Far min var på Tynset med bil, ofte på jakt etter biltjuvar, og han bruka skrivemaskin som arbeidsreiskap.  Postgangen til Oslo tok ei natt.

Eg var på Tynset som såkalla ”dataekspert” for å hjelpe til med etterforsking av data-kriminalitet.  Politiet har no teke helikopter i bruk som transportmiddel. Eg kunne teoretisk ha komme luftvegen til Tynset, men eg bruka likevel firmabil og det tok mindre enn ein dag frå Oslo til Tynset.  Eg skriv på PC og kan sende elektronisk post verda rundt på brøkdelen av eit sekund.

Korleis ser det ut om nye knappe 100 år og tre nye generasjonar?