English            Ivar Hoel sitt arbeid.

Far min, Ivar Hoel, byrja å samleslekts- og gardshistorie frå Oppdal i 1943 "etter som kyrkjebøkenevar einaste pålitelege informasjon på den tida". Mestepartenav arbeidet gjorde han etter at han vart pensjonist i 1977 fram til i 1997. Da fekk han problem med å sortere og halde orden på all informasjonen, og slo av PC'en sin og gav ein kopi av materialet til Oppdalhistorielag slik at dei kunne bruke det.  Sjå omtale i "Opdalingen" den 26.2.1999

I tilleg tok eg vare på alt arbeidet og har no lagt det ut på verdsveven i den form som han skreiv det.  Eg ser verdien av at dei som kan ha nytte av materialet, skal fåtilgang til det.  Det er likare at det ligg ope framme, enn at detstøvar ned i eit arkiv. Hugs berre å oppgje kjelde dersomdokk brukar det vidare.

Materialet var først skrive i WordPerfect 5,1 for DOS og er no konvertert over til html-format. Totalt 84 filer og 8,2 mb.  Nokre rettingar er gjort og dei er skrivemed blå kursiv, og namnet på dei som har gjort meg oppmerksom på feila, ernemnt i bottnen av dokumentet eller i samband med rettinga.  Det står att noko "pussarbeid" som får komme når eg ein gongfår inspirasjon til det. Eit søkbart register er no ferdig. Openberre feil vil eg gjerne ha tilbakemelding om, slik at dei kan rettast opp.
 

Her er forordet som far skreiv sommaren1996:


                               F o r o r d.

          Eg har tatt for meg gardane i gamle Lønset sogn frå gnr.126 Svartøyen til og med gnr.177 bnr. 2 Skindset. I tillegg har eg av eiga interessetatt med gardane på Vekve og på Skarsem.

          Eg har gått ut ifrå fakta funne i Koppskattelista frå 1645, Odelsgods fortegnelsen 1647,Preste- og skattemanntalet frå1664-1665 , Dei handskrevne Matriklane frå 1664 (oøh:Matrikkel 1721 ligg her og Jordebok1661 ligg her) til den første trykkte matrikkelen i 1838, Folketellingane i 1701 (som omhandlar berre menn) Skattemanntal 1762, Folketelling 1801, 1815 og 1875. Desutan har eg bladd gjennom kyrkjebøkene og notert namn som har samband med gardane i Lønset sogn. Så har eg også bladd gjennom Panteregistra (Grunnboka) frå deiførste innføringane. Eg har tatt avskriftav alle dei skiftene som er halde på desse gardane. Berrearvingane i skiftet, ikkje sjølve skiftet.

          Eg kan ikkje garantere at det ikkje er feil i desse notatane, men eg har ikkje tattnoko ut av lause lufta. Opptegnelsane etter Mull/Engelsjord har vore tilstor hjelp.

         Register over kvar ein finn dei enkelte gardane:

Blokkhus: Alle gardpartane der og Hammerbekken
Bøe:      Heile Bøagrenda og Skruen.
Emang:   med Imangsmorka og Stekeren.
Furunes:  ogSkindset
Grav:     Gravaune og Rate m/Ratgjerdet.
Glup:     Nerholsæter,Løkksæter,Jære og Gjerdemyren.
Haugen:  Med Stenboeng og Stølan.
Hoel:     Hoel og Holsgrinda.
Horvli:  Alle Horvligardane.
Ishol:   Isholgardane m/Øverhaugen.
Klev:     Slipersæter og Kletthammer.
Liabø:    Liabøgardane m/Liabøberget.
Lønset:   Alle Lønsetgardane.
Myren:   Alle gardane i Myren
Nerhol:  Nerholgardane og Øyen.
Nyhus:   Berre Nyhus (det første eg gjorde ferdigt)
Skarsem:  Skarsemsgrenda.
Sliper:  Slipergardane m/Detli, Stubban og Tørset.
Storli:  Storligrenda
Strand:  Strandsæter,Veggen,Strand,Jamtsæter
Svart:   Svartøyen,alle bruka.
Tilset:  Tilset,Bekken,Hulberget
Utem  :  Utem.
Uv:       Uvsgrenda,
Vasli:    Bårdsgarden og Ångarden.
Vekve:    Vekvesgrenda.
Vindal:  Vindalsgardane.

Namneregistret er sett opp etter slikt skjema:

  Namn:                        Fødd Død    Gift med                  Fødd  Død.

Alle i same generasjon ført med kort linjeavstand. Ny generasjon eller nye folk på garden er ført med dubbel linjeavstand.

Ivar Hoel  30.6.96



oøh: Desse gardane er komme til etterpå:
 Bakk,Bjørgen, Bjørndal,Brekka, Bresgård,Bryggen, Buen,Bågåstrond ,Dørumsgård, Engen,Gorset, Gottem,Grøtte, Hevle,Hoel/Sneve, Haaker,Klett, Kvalsjord,Loesgrenda, Mellem,Mjøa, Munkvold,Olmen, Rise,Rolvsjord, Rønning,Skjørstad ,Slettvold, Stavåløkken,Stuen, Stølen,Størvold ,Sæteren, Sætrum,Torve, Vammer,Vognild,og Ålbu.

I tillegg har han gjeve ut boka "Slektfølgjer slekt.  Register over Hoelslekta, Lønset i Oppdal"(ISBN82-991023-0-8)



Utarbeidd av ©: Ola Ø.Hoel