Her  er  eit  klenodium!

Standard Telefon og Kabelfabrikk a/s sitt musikkanlegg: Cavalcade 4  

Grammafonen er merka:  AS Stator  Type EP nr. 1363

Trearbeide er ved Askim Møbelproduksjon A/S,  Patentsøkt 97376.

Gulvkabinettet kom i salg i 1951

   

Radioen verkar, og har langbølge, mellombølge og 2 kortbølger.

Grammafonen verkar og plateskiftaren er i orden.

HxBxD: 92x62x40 cm  Lakken er orginal, men svart staffering skallar av.

Kabinettet kosta den uhorvelege sum av kr. 1370,- da det var nytt for omlag 50 år sidan.

I 1951 var timeløna i verkstadindustien kr. 2,68 pr. time.  1.370 : 2,68 = 511 timar

For å kjøpe dette musikkanlegget måtte ein industriarbeidar jobbe i vel 500 timar

I dag er ei OK timeløn ca 150 kr/t   - d.v.s. ca kr. 75.000 for eit stereoanlegg  !!!!!

Eg veit at dette møbel vart kjøp inn til ein funkisvilla i øvre Grefsenkollen og har stått der heile tida.

Altså ikkje i nokon arbeidarheim, men som Flettfrid seier: "I et møbleret hjem.


Ola Ø. Hoel